Innbetalt skatt i 2022 vart prega av store innbetalingar frå petroleumssektoren. Dette året utgjorde innbetalt skatt på utvinning av petroleum heile 41 prosent av samla skatteinntekter. Det er rekordhøgt.
Skatterekneskapen syner at det blei det innbetalt 1 736 milliardar kroner i skatt i Norge i 2022. Dette inneber ein vekst på 80 prosent frå året før og svarar til ei auke på 769 milliardar kroner. Det er i hovudsak skatt på utvinning av petroleum som utgjer den høge veksten. Desse innbetalingane kom på 714 milliardar kroner. I 2021 var tilsvarande innbetalingar på 86 milliardar kroner. Den store veksten kan i hovudsak forklarast av høge gass- og oljeprisar.
Figur 1. Fordeling av innbetalt skatt etter type, ekskludert renter. Prosent
Liggende søylediagram med 4 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser År.
Figuren har 1 Y akse som viser Prosent. Dataene varierer fra 3.31 til 100.
Skatt på utvinning av petroleum
Selskapsskatt utanom skatt på petroleum
Personskatt samla utanom arbeidsgjevaravgift
Arbeidsgjevaravgift til folketrygda
Figur 1. Fordeling av innbetalt skatt etter type, ekskludert renter. Prosent
Inntektene frå personlege skatteytarar auka også markant frå 2021 til 2022. Skatt på inntekt og formue til kommunane, fylkeskommunane og staten, inkludert medlemsavgift til folketrygda, kom på 683 milliardar kroner i 2022. Dette er 86 milliardar høgre enn året før. Det svarar til ein vekst på 14 prosent. Innbetalingane vart påverka av dei ekstraordinært høge utbytta som aksjonærar i norske selskap fekk i 2021. Utbytta var truleg ei tilpassing til skatteskjerpinga på utbytte frå 2022. Ein vesentleg del av skatten utbytta førte med seg blei betalt inn i 2022.
Frå januar til mars blei det betalt inn 359,8 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er 38,4 prosent meir enn i første kvartal i fjor. Utanom petroleumsskattar var auken på 10 prosent.