Til info

SSB får for tiden mange henvendelser om byggekostnadsindeksen for bolig og i hvilken grad den fanger opp de store prisøkningene på trelast. Se nyhetsartikkel for nærmere informasjon.

Byggjekostnadsindeks for bustader

Oppdatert: 8. juli 2021

Neste oppdatering: 17. august 2021

Endring i byggjekostnadsindeksen

Berekn endring i byggjekostnader

Les om kalkulatoren

Siste tilgjengelege tal er for juni 2021. Tal for juli kjem ca 10. august.

Arbeidet blei utført på

Korleis arbeid blei utført?


Beløp omfattar

Kor mykje kosta det?


Beregn prisendring fra

Beregn prisendring til

Dersom du ønskjer å skrive ut berekningane, kan du gå til  fullversjonen av kalkulatoren. Den versjonen har eit meir utskriftsvennleg format.

Om statistikken

Statistikken måler den månadlege prisutviklinga på innsatsfaktorane til bygging av bustader. Indeksane vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i entreprenøren sine fortenestemarginar. Statistikken blir i hovudsak brukt til justering av byggjekontraktar.

Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga på innsatsfaktorane til bygging av bustader. Indeksane vert også kalla faktorprisindeksar eller inputprisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar.

Representantvare er beteikning på alle einingar vektgrunnlaget er bygd opp av, og som det vert henta prisar på. Det kan vere ein materialtype, ein kategori arbeidar, ei maskinteneste, ei transportteneste osv.

Arbeidskraftkostnad er i byggjekostnadsindeksane direkte + indirekte personalkostnader. Direkte personalkostnad = kontantytelser / lønnskostnad. Indirekte personalkostnader = naturalytelser, kostnader knyttet til helse-, miljø- og sikkerhetstiltak, sosiale kostnader, arbeidsgiveravgift og opplæringskostnader med mer.

Laspeyre prisindeks er ein prisindeks kor vektgrunnlaget vert halde konstant. Ein kjeda Laspeyre prisindeks er ein indeks sett saman av fleire Laspeyre prisindeksar med ulike vekter. I byggjekostnadsindeksen for bustader endrar ein vektene om lag kvart tiande år.

Pris: Priser bedrifta oppnår ved sal til entreprenørar, byggmeistrar, installasjonsbedrifter mv., dvs. prisar fråtrukke rabattar. Prisane vert oppgitt den 15. i månaden og er eksklusive meirverdiavgift.

Gruppering av varegrupper i delprodukt iht. til Prosjektinndeling i Byggjekostnadsindeksar for bustader.

Namn: Byggjekostnadsindeks for bustader

Emne: Priser og prisindekser

17. august 2021

Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk

Berre nasjonalt nivå.

Månadleg.

Priser pr. 15. i månaden vert oppgitt. Produksjonstid om lag 2 veker. Statistikken vert publisert om lag den 12. i den påfølgjande månaden.

Tal rapporteres til Eurostat.

Mikrodata vert lagra som tekstfiler på Unix.

Føremålet er å måle kostnadsutviklinga i produksjonen av bustadbygg. Indeksen blir brukt til justering av byggjekontraktar. I tillegg blir den brukt til økonomiske analyser, for eksempel til å berekne prisutviklinga i næringa i nasjonalrekneskapen.

Indeksen er utarbeidd sidan 1978. Før den tid laga Aspelin-Stormbull byggjekostnadsindeksar for Oslo-området for tomannsbustader av tre og bustadblokker. Desse indeksane går tilbake til 1932.

Statistikken er viktig for entreprenørar som vil sikre byggjekontraktar mot kostnadsendringar. Internt i SSB er Nasjonalrekneskapen ein sentral brukar.

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.

Likebehandlingsprinsippet

Byggjekostnadsindeksar er input prisindeksar og måler prisutviklinga på innsatsfaktorane i byggje- og anleggsproduksjonen, slik som arbeidskraft, materialar, transport og maskiner. Byggjekostnadsindeksane avvik frå SSB sine prisindeksar for nye bustader ved at dei ikkje omfattar viktige elementer som påverkar output-prisen, nemleg produktivitetsendringar og endringar i entreprenørens fortenestemarginer.

Statistikklova §2-2.

Rådsforordninga (EF) nr. 1165/98 av 19. mai 1998.

Indeksane måler prisutviklinga på materialar, arbeidskraft, maskiner, transport og anna som inngår i produksjonen av bustadbygg. Det er to typar observasjonar for desse varene og tenestene som vert målt, nemleg kostnadsandelar og prisar. Kostnadsandelane vert målt om lag kvart tiande år og dannar grunnlaget for vektene til dei varene og tenestene vi hentar priser på. Populasjonen for prisundersøkinga er alle dei varene og tenestene som inngår i produksjonen. Utvalet av varer og tenester blir bestemt i kostnadsundersøkinga. Prisane vert målt månadleg.

Materialprisane vert henta med skjema frå bedrifter som sel byggjevarer til entreprenørar, byggmeistrar, installatørar osv.

Arbeidskraftkostnadene vert henta frå Statistisk sentralbyrå sin kvartalsvise arbeidskostnadsindeks (AKI) som er forbedra med data fra a-ordninga. A-ordninga inneber at SSB får informasjon om lønn og ansatte gjennom a-meldinga i staden for fleire ulike kjelder som var tilfelle tidlegare. Indeksen måler endringer i gjennomsnittlege arbeidskraftkostnader per enhet utført arbeid. Arbeidskraftkostnad = direkte + indirekte personalkostnader. Direkte personalkostnad = kontantytelser / lønnskostnad. Indirekte personalkostnader = «resten» av kostnadene. AKI for bkibol er tilpassa ved å velgje ein spesifikk tellepopulasjon og kostnadsvariablar.

Maskinkostnadene vert justerte med NTNU sin månadlege statistikk over maskinkostnader.

Transportkostnadene vert justerte med Statistisk sentralbyrå sine månadlege kostnadsindeksar for lastebiltransport.

Materialprisane vert innhenta frå eit utval på 420 bedrifter. Bedriftene vert trekte frå Bedrifts- og foretaksregisteret og blir stratifisert etter næring, omsetning og regionar.

Spørjeskjema blir sendt ut kring den 12. i statistikkmånaden, og fristen for innsending er 10 dagar seinare. Nær halvparten av oppgåvegjevarane velger å svare på skjemaet på internett framfor å nytte papirskjema. Oppgitte prisar for ein månad blir samanlikna med prisar frå føregåande månad. I tillegg blir prisendringar på varer innen same varegruppe samanlikna. Dersom prisendringa frå føregåande månad endrar seg meir enn +/- 15 prosent, vert oppgåvegjevar kontakta.

Oppgåvebyrde

Ein oppgåvegjevar brukar i gjennomsnitt 17,5 minutt i månaden til å fylle ut skjema. Dette gir ein tidsbruk for heile utvalet på 1 050 timar eller 131 dagsverk i året.

Oppgitte prisar for ein månad vert samanlikna med prisar gitt i føregåande månad. Ein ser og på lengre tidsseriar av prisar. I tillegg samanliknar ein prisendringar på varer innan same varegruppa. Dersom prisendringa frå føregåande månad endra seg meir enn +/- 15 prosent, kontaktar ein oppgåvegivar over telefon. Også varer kor det er stor spreiing i prisendringa frå den førre månaden vert undersøkt nærare.

Delindeksar og indeksar på representantvarenivå vert kontrollerte mot historiske seriar og vert samanlikna med annan statistikk.

Ikkje relevant

Byggjekostnadsindeksen blir berekna som ein Laspeyre prisindeks med faste vekter. Nytt vektgrunnlag er teke i bruk i september 2019. Vektgunnlaget er utarbeidd i samarbeid med Betonmast AS, Veidekke ASA, Block Watne AS og Nordbohus AL. Arbeidet er følgd opp av sentrale aktørar i byggje- og anleggsnæringa gjennom eit arbeidsutval og ei referansegruppe. Vektgrunnlaget byggjer på kalkylar og rekneskapstal for flere blokkprosjekt og einebustadprosjekt.

Byggjekostnadsindeksen for bustader i alt er sett saman av dei to indeksane for einebustader og bustadblokker. Vektene som vert nytta er kvadratmeter bruksareal for bustader sett i gang multiplisert med gjennomsnittleg pris i kroner per kvadratmeter bruksareal.

Datakjelder for arbeidskostnadene har endra seg over tid. I starten blei dei berekna med utgangspunkt i dei årlege tariffoppgjerane og NHO sin statistikk over gjennomsnittleg timeforteneste. I 1999 gjekk vi over til å bruke SSB sin egen lønsstatistikk. I 2018, frå og med augustindeksen, tok vi i bruk data frå SSB kvartalsvise arbeidskraftskostnadsindeks med basis i a-ordninga.

Det er brot i tidseriane for Byggjekostnadsindeksen for bustader i januar 2000, i forbindelse med overgangen til nytt vektgrunnlag. Byggjekostnadsindeksen for rekkjehus blei lagt ned. Samtidig starta publiseringa av ein ny delindeks for grunnarbeid.

Spørjeskjemaet er utforma slik at det går fram kva pris oppgåvegjevaren har rapportert dei føregåande månadene. Dette skal sikre at det er prisen på den same vara som vert oppgitt ved kvar innsamling. Denne løysinga kan imidlertid leggje til rette for at oppåvegjevarar av praktiske omsyn unnlet å innrapportere prisendringar, og berre fyller ut prisar frå den førre månaden. Det vert utført manuelle kontrollar for å identifisere dei mest opplagte feila av denne typen. Dersom ei vare oppgåvegjevaren har rapportert tidlegare har gått ut eller er utselt, og ein rapporterar prisen på ei anna vare, skal dette vere kommentert på baksida av skjemaet eller under kolonna: "Bedriftens varebeskrivelse". Unnlet oppgåvegjevar å gjera dette, kan prisforskjellen på to ulike produkt verte registrerte som ei prisendring når endringa er under +/- 15 prosent. Omfanget av denne typen feil er ukjent.

Fråfall. Det totale fråfallet er på om lag 1 prosent. Det partielle fråfallet er lite, men ikkje målt eksakt. Dersom ei bedrift ikkje sender inn prisar ein månad eller ikkje oppgir pris på ei eller fleire varer, gir ein desse varene ei prisendring lik gjennomsnittleg prisendring for heile landet for desse varene.

Utvalet av varer og tenester vert oppdatert kvart tiande år for å få inn nye produkt. I tillegg skiftar ein produkt fortløpande dersom ein prisrapportør ikkje lenger fører produktet. Det er ikkje gjort utrekningar av utvalskjeivheita i byggjekostnadsindeksane.

Nokre prisrapportørar gir listeprisar. Det tyder at vi i ein viss grad misser prisendringar som skuldast endringar i rabattstrukturane.

Priseffektar som skuldast endringar i relative prisar. Prisforholdet mellom ulike varer og tenester vert endra over tid.

Utilfredsstillande handsaming av kvalitetsendringar.

Statistisk sentralbyrå har ikkje sett i verk separate utrekningar av betydninga av desse målefeila i byggjekostnadsindeksane.

Alle innkomne spørjeskjemaer gjennomgås for moglege feil og avvik. Prisendringar utover +/- 15 prosent vert alltid sjekka, om nødvendig med oppgåvegjevaren.

https://www.ssb.no/a/publikasjoner/pdf/nos_d363/nos_d363.pdf

https://www.ssb.no/a/histstat/rapp/rapp_198103.pdf

https://www.ssb.no/a/histstat/rapp/rapp_199103.pdf

https://www.ssb.no/a/histstat/not/not_9650.pdf

https://www.ssb.no/a/publikasjoner/pdf/rapp_200028/rapp_200028.pdf

https://www.ssb.no/priser-og-prisindekser/artikler-og-publikasjoner/_attachment/416617?_ts=1712a1c5c90

Kontakt