354879
/kultur-og-fritid/statistikker/ffbibl/aar
354879
statistikk
2018-07-27T08:00:00.000Z
Kultur og fritid;Utdanning;Svalbard
no
ffbibl, Fag- og forskingsbibliotek, fagbibliotek, forskningsbibliotek, universitetsbibliotek, høgskolebibliotek, nasjonalbibliotek, spesialbibliotek, utlån, innlån, samlingar, bøker, tidsskrift, digitale dokumentar, sysselsette, inntekter, utgifterKultur, Kultur og fritid, Høyere utdanning, Utdanning, Svalbard, Kultur og fritid
true

Fag- og forskingsbibliotek

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikkje fastsett

Nøkkeltal

1,7

millionar utlån frå biblioteka

Fag- og forskingsbibliotek. Hovedtal. Tal og prosent.
20162017Prosentvis endring
2016 - 2017
Utlån på biblioteka (millionar)1,61,71,8
Medieutgifter (1000 kr)549 934551 6420,3
Årsverk for året i alt1 562....
Formalisert undervisning deltaking110 85698 552-11,1

Sjå fleire tabellar om emnet

Tabell 1 
Tal på utlån frå fag- og forskingsbiblioteka

Tal på utlån frå fag- og forskingsbiblioteka1
2014201520162017
1Utlånstala er en summering av fysiske førstegongsutlån til primærbrukarar og andre, inkludert førstegongs fjernlån.
2Fag- og forskingsbibliotek, utanom Nasjonalbiblioteket.
Alle fag- og forskingsbibliotek21 743 7471 605 6121 494 4111 483 184
Bibliotek ved universitet692 395612 376701 459692 812
Bibliotek ved vitskapelege høgskolar128 909122 275115 663145 128
Bibliotek ved høgskolar783 911741 219575 043537 290
Spesialbibliotek og bibliotek ved helseinstitusjonar138 532129 742102 246107 954

Tabell 2 
Bestandstal for nokre utvalde grupper fysiske og elektronisk ressursar

Bestandstal for nokre utvalde grupper fysiske og elektronisk ressursar
Alle fag- og forskingsbibliotekNasjonalbibliotekBibliotek ved universitetBibliotek ved vitskapelege høgskolarBibliotek ved høgskolarSpesialbibliotek og bibliotek ved helseinstitusjonar
1Mange fag og forskingsbibliotek har skifta biblioteksystem frå BIBSYS til Alma i 2015. Nokre av tala for bestand og tilvekst kan derfor vere usikre.
2Frå 2017 er ikkje PDA-titlar (Patron-driven acquisition) inkludert i tala.
Fysisk bestand1
Bøker fysisk15 420 2263 187 6237 923 818566 8681 299 3572 442 560
Tidsskrift fysisk form - tal på abonnement129 5127 95747 3345 2568 63760 328
Årbøker, monografiseriar, rapportseriar og liknande fysisk1 025 970408 906420 87324 86842 605128 718
Manuskript fysisk16 103 38316 000 00029 827461 25472 256
Grafisk og kartografisk materiale fysisk6 042 4445 673 244292 8681 0921 54473 696
Musikaliar fysisk286 17486 212124 22559 3936 19210 152
Elektronisk bestand1
Bøker elektronisk26 251 067522 6253 009 2081 013 5281 523 917181 789
Tidsskrift elektronisk fom - tal på abonnement531 2302 308178 08855 969143 068151 797
Årbøker, monografiseriar, rapportseriar og liknande elektronisk328 570509162 15349 91382 74333 252
Manuskript elektronisk775 305683 83067 399222624 028
Grafisk og kartografisk materiale elektronisk1 207 1371 105 32373 9352 0724 12721 680
Musikaliar elektronisk73 024073 0081060

Om statistikken

Statistikk over fag- og forskingsbibliotek ved norske universitet og høgskolar, offentlege og private spesialbibliotek ved forskingsinstitutt og Nasjonalbiblioteket. Statistikken viser ei samla oversikt over aktiviteten i løpet av året.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Fjernlån - er lån frå eit bibliotek til eit anna bibliotek under anna administrativ eining eller lån til enkeltpersonar/ institusjonar utanfor denne som sjølv vender seg til biblioteket.

Databasar - blir delt opp i desse typane:

- referansedatabasar; ei samling av bibliografiske referansar i ein database

- fulltekstdatabasar; er ei samling av originaltekster

- andre databasar er t.d. oversikter/ katalogar, ordbøker, statistikkbasar osv.

Standard klassifikasjonar

Baserer seg på den internasjonale standarden på området som er ISO 2789, Information and documentation - International library statistics.

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Fag- og forskingsbibliotek
Emne: Kultur og fritid

Ansvarleg seksjon

Seksjon for utdannings- og kulturstatistikk

Regionalt nivå

Fylkesnivå.

Kor ofte og aktualitet

Statistikken blir publisert ein gong i året. Datagrunnlaget er kalenderåret, med publisering normalt i mai/juni.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Nasjonalbiblioteket står som eigar av data og har gjennomarbeidd ei fil til utarbeiding av offisiell statistikk over sektoren.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med statistikken er å gje ei samla oversikt over aktiviteten på området i løpet av året. Statistikken gjev også naudsynt informasjon for dei som er involverte i drifta eller finansieringa av biblioteka på ein eller annan måte. Statistikken har vore publisert årleg sidan 1980 i samarbeid med Riksbibliotekstenesta (RBT) og ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. Frå og med publiseringsåret 2011 er samarbeidet med Nasjonalbiblioteket.

Brukarar og bruksområde

Viktigaste brukarar er Nasjonalbiblioteket, Kulturdepartementet, Kunnskapsdepartementet, media og biblioteksektoren.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Data blir brukte i internasjonal samanheng av LIBECON (http://www.libecon.org/), basert på rapporteringar frå Nasjonalbiblioteket. Nasjonalbiblioteket baserer sine rapporteringar på standarden ISO 2789, Information and documentation - International library statistics.

Lovheimel

Frivillig rapportering.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Statistikken dekkjer fag- og forskingsbibliotek ved norske universitet og høgskolar, offentlege og private spesialbibliotek og Nasjonalbiblioteket. Nasjonalbiblioteket ajourfører ei oversikt over alle eksisterande bibliotek. Statistikken omfattar bestand, tilgang og avgang av forskjellige typar bøker, periodika, tidskrifter osv. samt rekneskapsdata og data om tilsette.

Datakjelder og utval

Det enkelte bibliotek er kjelde for sine data. Men ein har prøvd å lage statistikkskjemaet med tanke på at data skal vere tilgjengelege i dei bibliotekfaglege systema, f.eks. BIBSYS.

Undersøkinga er meint å dekkje heile sektoren.

Datainnsamling, editering og beregninger

Det enkelte bibliotek er kjelde for sine data, men ein har prøvd å lage statistikkskjemaet med tanke på at data skal vere tilgjengelege i dei bibliotekfaglege systema, f.eks. BIBSYS.

Statistisk sentralbyrå mottek ei datafil frå Nasjonalbiblioteket som vil danne grunnlaget for den offisielle statistikken. Nasjonalbiblioteket har også ansvaret for purringar og ajourføring av populasjonen.

Logiske summeringar og samanhengen i skjemaet blir sjekka. I tillegg blir det kontrollert mot fjorårets tal der det er uvanleg store avvik frå forventa rapporterte tal.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

Fyrstegongslån er samanliknbartfrå frå og med 2012.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Ikkje alle bibliotek fyller ut alle felta. Årsaka kan sjølvsagt vere at det ikkje finst data å rapportere, men i enkelte tilfelle kan det også kome av feiltolkingar, forgløymingar eller manglande oppdatering av fagsystema som vil kunne føre til feilrapportering og dermed feil i statistikken.

Fråfall: Sjølv om svarprosenten er tett opp til 100 prosent, vil det vere eit lite fråfall av einingar som vil vere ei feilkjelde i samanlikningar av totaltala mellom dei forskjellige årgangane

Revisjon

Ikkje relevant

Kontakt

Faktaside

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB