Sal av petroleumsprodukt

Oppdatert: 21. juni 2021

Neste oppdatering: 20. juli 2021

Sal av petroleumsprodukt, endring samanlikna med same månad i fjor

Utvalde tabellar og figurar frå denne statistikken

Om statistikken

Føremålet med statistikken er å synleggjere salet av petroleumsprodukt. Statistikken syner salet av ferdig raffinerte petroleumsprodukt til ulike næringar fordelt på fylke. Statistikken syner ikkje petroleumsprodukt brukt som råstoff eller petroleumsprodukt forbrukt i energiproduserande næringar.

Salet av petroleumsprodukt blir rapportert inn i heile liter frå oljeføretaka og publisert i 1 000 liter i årleg statistikk og millionar liter i månadleg statistikk. Tal som oljeføretaka rapporterer til SSB er henta frå deira kunderegister og er volum dei har fakturert sine kundar. Frå utanrikshandel sine databaser blir tal henta ut i kilo og rekna om til liter ved hjelp av ulike faktorar for dei ulike produkta.

Variablane i den årlege statistikken er fylke, næringar og petroleumsprodukt.

Næringsinndelinga bygger på standard for næringsgruppering 2007 (SN2007)

Petroleumsprodukta:

  • Bilbensin: 95 og 98 oktan blyfri
  • Autodiesel, med avgift
  • Autodiesel, utan avgift
  • Volum på selt bilbensin og autodiesel er medrekna iblanda biodrivstoff
  • Marine gassoljer
  • Lett fyringsolje
  • Fyringsparafin
  • Jetparafin, kan nyttast i både fly og helikopter
  • Tungdestillat og tungolje, tungolje med under 1 % svovel, tungolje med over 1 % svovel og tungdestillat med over 0,2 % svovel
  • Smørjemiddel: Industrismørjemiddel, hydrauliske oljer, prosess- og transformatorolje, motoroljer og girolje
  • Andre produkt: Kondensert petroleumsgass (LPG), kondensert naturgass (NGL), flybensin og bitumen/vegolje/asfalt. Flybensin er ikkje det same som jetparafin. Jetparafin blir nytta i jet- og turbinmotorar. Flybensin blir nytta i andre flymotorar.

For månadleg statistikk nytter ein kjøpegrupper for å plassere sluttforbruket av petroleumsprodukt. Kjøpegruppene er ei eiga næringsinndeling som ikkje blir nytta av annan statistikk i SSB og som er utabeidd i samarbeid med oljeføretaka.

For årlege tal er Svalbard inkludert i Troms fylke. Dette er gjort for å fylle kravet om konfidensialitet. Dei månadlege tala er mindre detaljerte og her blir Svalbard publisert som eige fylke. Private forbrukarar omfattar sal der kunden er registrert med personnamn og manglar organisasjonsnummer. Sannsynlegvis er det her inkludert ein del sal til jord- og skogbrukarar.

Standard for næringsgruppering 2007 (SN2007) blir nytta som grunnlag for å næringsfordele sluttbruken av petroleumsprodukt i årleg statistikk.

Namn: Sal av petroleumsprodukt

Emne: Energi og industri

20. juli 2021

425 Seksjon for energi-, miljø- og transportstatistikk

Nasjonalt og fylkesfordelt

Årleg publisering: Endelege tal blir publisert om lag tre månadar etter utgangen av referanseåret.

Månadleg publisering: Førebelse tal blir publisert 11 arbeidsdagar etter referansemånaden.

Tal frå statistikken er ei av kjeldene i energirekneskap- og balanse som blir nytta til rapportering til Eurostat, IEA og FN.

Data blir lagra som flate filer i høve til SSB standard for arkivering.

1. Ureviderte data frå oljeføretaka blir lagra.

2. Ferdig reviderte data frå alle kjeldene blir lagra.

Formålet med statistikken er å synleggjera sluttforbruket i Norge av dei ulike raffinerte petroleumsprodukta, dvs. utanom bruk i energiproduserande næringar og energiprodukt nytta som råstoff.

Statistisk sentralbyrå (SSB) har frå 1995 på oppdrag frå Drivkraft Norge (tidl. Norsk Petroleumsinstitutt), henta inn detaljerte månadlege opplysningar frå dei største oljeføretaka som sel petroleumsprodukt i Noreg. Tala har blitt publisert månadleg og som førebelse tal for sal av petroleumsprodukt fordelt på produkt, kjøpegruppe og fylke. Frå mars 2010 blei dei månadlege dataene henta inn med oppgåveplikt i høve til Statistikklova. Tala blir publisert månadleg med førebelse tal for sal av petroleumsprodukt fordelt på produkt, kjøpegruppe og fylke.

Ønske om å sikre kvaliteten på denne statistikken, og med fordeling av salet etter standard for næringsgruppering (SN 2007), førte til at det blei slutt på å hente inn årlege endelege tal frå oljeføretaka i tillegg til månadlege førebelse tal. Standard for næringsfordeling er ein standard basert på den internasjonale standarden NACE som blir nytta i i SSB. Ved å følgje denne standarden blei det også enklare å bruke statistikken som kjelde i andre statistikkar.

I april 2012 blei det for første gong publisert årlege endelege tal for sal av petroleumsprodukt for årgangane 2009, 2010 og 2011. Tidlegare hadde årlege tal bestått av månadlege tal summert opp. Dei årlege tala inneheld fleire og meir detaljerte opplysningar som bidrar til ei betre næringsfordeling av sluttforbruk av petroleumsprodukt i Noreg.

Statistikken for sal av petroleumsprodukt blir nytta av offentleg verksemd, aktørar i petroleumsbransjen, interesseorganisasjonar og media. Internt i SSB er statistikken viktig som kjelde i utsleppsrekneskap, nasjonalrekneskap og energirekneskap- og energibalanse. Resultata blir brukte også indirekte i analyser og forsking i SSB. Dei rapporterande oljeføretaka mottar filar frå SSB som viser deira eige sal og delar av salet i Noreg.

Ikkje relevant

Årleg statistikk for sal av petroleumsprodukt har eiga datainnsamling uavhengig av månadleg statistikk. I den månadlege statstikken sender dei største oljeføretaka og eit utval mindre føretak inn data. Den månadlege statistikken nyttast også som kontroll mot den årlege statistikken.

Statistikklova av 21. juni 2019 nr. 32

Data inngår i Eurostat rapportering i samsvar med Regulation NO 1099/2008

Populasjonen i statistikken omfattar føretak som sel eit bredt utval petroleumsprodukt i Noreg.

  • 12 oljeføretak er rapportørar til månadleg statistikk. 13 føretak rapporterer til årsstatistikken.

  • Org.nummer Namn

    895453242 YX Smøreolje AS

    913285670 ST1 Norge AS

    914766451 Circle K Norge AS

    914803802 Esso Norge AS

    914948681 Aviation Fuelling Services Norway

    918369651 Certas Energy Norway AS

    919502193 Preem Norge AS

    923609016 Equinor ASA

    962022316 Nynas AS

    962208878 Blue Energy AS

    981396979 Best Stasjon AS

    988247111 Uno X Energi AS

    995435462 Air Bp Norway AS

  • Seksjon for utanrikshandel i SSB har totalteljing på import og eksport av petroleumsprodukt, og nyttas til å berekne sal utanom utvalet. Dette gjerast ved å legge til nettoimporten (import minus eksport) for føretak utanom utvalet. Denne nettoimporten publiserast under «Netto direkte import» i den månadlege statistikken, mens den næringsfordelast i den årlege.

  • Frå januar 2017 er prisene basert på gjennomsnittlige utsalgspriser.

1. Årleg statistikk

Om lag fem-seks vekar før data skal vere hos SSB mottar oljeføretaka som er pålagt å rapportere eit brev. Oppgåveplikt med heimel i Statistikklova blir nytta for å sikre at data kjem inn til rett tid. I brevet blir føretaka bedt om å sende inn ei datafil og ei beskriving av korleis denne datafila skal sjå ut og innan ein gitt frist. Data frå oljeføretaka blir sendt til SSB som excelfiler. Excelfilene som SSB mottar skal innehalde desse variablane for kvart enkelt sal oljeføretaka har i referanseåret:

  • Organisasjonsnummer, føretaksnummeret til selskapet som sender inn data
  • Produktnummer, kvart petroleumsprodukt har ulikt produktnummer
  • Kjøpegruppenummer, identitet som blir nytta i månadleg statistikk for sluttbrukar av petroleumsprodukt
  • Fylkesnummer
  • Månad
  • Årstal
  • Sum selt i liter
  • Organisasjonsnummer til fakturamottakar på verksemdsnivå
  • Offisielt namn på fakturamottakar
  • Organisasjonsnummer til mottakar av varen på verksemdsnivå
  • Namn på mottakar av vara
  • Adresse til mottakar
  • Postnummer for varelevering
  • Poststed for levering

Data frå føretaka blir lagra lokalt og blir lest inn i SAS EG med eigne rutinar for kvart føretak på grunn av ulik formatering.

Data som er lese inn blir kopla til Verksemds- og føretaksregisteret (VOF) via det oppgitte organisasjonsnummeret. I VOF er kvar verksemd kopla opp mot ei næring, basert på Standard for næringsgruppering 2007 (SN 2007). Observasjonane frå oljeføretaka kopla til næringar frå SN 2007 fortel kor sluttforbruket av petroleumsprodukta har funne sted.

I mange tilfelle er ikkje denne koplinga mellom organisasjonsnummer og næring mogleg; der det er oppgitt ugyldig organisasjonsnummer som ikkje gir treff i VOF og der organisasjonsnummer ikkje er oppgitt. For desse kan ein nytte namn på faktura for å finne gyldig organisasjonsnummer og dermed få kopla på næring via VOF. Ein anna moglegheit er å nytte kjøpegruppe for å identifisere sluttbruken av petroleumsprodukt i desse tilfella. Dette er ein identifikasjon som blir nytta i månadleg sal av petroleumsprodukt og som er kjent for oljeføretakta. Problemet med å nytte kjøpegrupper er at den gir mindre detaljert inndeling av sluttbruken av petroleumsprodukt enn det SN 2007 gjer.

Sal henta frå statistikk for utenrikshandel er registrert med organisasjonsnummer og kan næringsplasserast via VOF og SN 2007. For å unngå dobbeltrapportering av tal blir føretak som rapporterarar direkte til SSB tatt ut frå tal henta frå utanrikshandel.

Ulogiske samanhengar og data med ufullstendig data blir flagga og gjennomgått. Dette kan vere feil som usannsynleg næringsplassering av eit organisasjonsnummer eller at det har plassert sal av petroleumsprodukt i ei næring der forbruk ikkje er sannsynleg. For nokre endringar er det lagt inn reglar i SAS EG som retter opp desse automatisk. Andre endringar blir retta manuelt.

I ein del tilfelle viser det seg at opplysningane for kjøpegrupper gir eit betre bilete for sluttbruk av petroleumsprodukt enn det koplinga til VOF og SN2007 gjer. Statistikken for årleg sal av petroleumsprodukt nytter dermed ein kombinasjon av kjøpegruppeinndeling oppgitt av oljeføretaka og næringsinndeling frå SN 2007 via kopling frå VOF for å beskrive sluttforbruk av petroleumsprodukt i Noreg.

I mange tilfelle opplyser oljeføretaka at de sel petroleumsprodukt til kundar som er vidareforhandlarar. Næringa «vidareforhandlarar» fortel lite om kor sluttbruken av petroleumsprodukta finn stad. Desse kundane sel petroleumsprodukt vidare utan at SSB har nokon informasjon om sluttbrukar av desse produkta. Det er derfor blitt utarbeidd fordelingsnøkkel for vidare fordeling av dette salet, bortsett frå sal til bensinstasjonar. Sal til bensinstasjonar blir plassert i eiga næring. Fordelingsnøkkelen for sal til vidareforhandlarar utanom bensinstasjonar byggjer på korleis salet har fordelt seg utanom vidareforhandlarar.

Ulike petroleumsprodukt kan ha same eigenskapar og kan nyttast om kvarandre. Viss ein storforbrukar av eit petroleumsprodukt vel å bytta over til eit anna produkt, kan dette gi eit synleg skifte i statistikken, ved at salet av eit produkt kan bli betydeleg redusert eller auka frå eit år til neste år.

Eit anna tilfelle der ein kan sjå endringar i statistikken er viss ein stor verksemd har endra næring. Viss ein verksemd forbrukar store mengder av eit visst produkt og skifter næring, kan forbruket forskuva seg synleg frå ei næring til ei anna.

2. Månadleg statistikk

For denne statistikken blir det henta inn opplysningar for:

  • Organisasjonsnummer til oljeføretaket
  • Produktnummer
  • Kjøpegruppenummer
  • Fylkesnummer
  • Månad
  • Årstal
  • Sum selt i liter

Det blir også henta inn eigne tal frå utanrikshandel, som er mindre detaljerte. Dei er ikkje inndelt på selskap, fylke eller kjøpegruppe, men på selte liter per petroleumsprodukt.

Oljeføretaka sender tal til SSB med frist den 6. arbeidsdagen etter referansemånaden. Data kjem som excelfilar og blir lasta inn i en Oracle database. Det blir gjort fortløpande revisjonar på månadlege data. Revisjonar blir gjort når oljeføretaka sender inn nye data. Det kan bli gjort revisjonar på oppfordring frå oljeføretaka som har funne feil i sine tal, eller ved at SSB gir uttrykk for at det må ha funne stad feilrapporteringar.

Ikkje relevant

Statistikklovas §7 inneber at opplysningar ikkje skal offentliggjeras slik at dei kan føres tilbake til oppgåvegivar. Tal er konfidensielle om det er færre enn tre verksemder. Konfidensielle tal blir prikka og gjort utilgjengelege i publiseringa og statistikkbanken.

Statistikken for årleg sal av petroleumsprodukt blei publisert første gang i 2013. Det blei da innhenta data for fire årgangar, 2009, 2010, 2011 og 2012 for å ha eit samanlikningsgrunnlag. I dei vidare årgangane er variablane dei same og det kan samanliknast tal for produkt, næring og fylke for alle årgangar. For månadleg statistikk har SSB data frå 1995.

Det finst tal for sal av petroleumsprodukt tilbake til 1952. Desse har ikkje dei same variablane som er i månadleg eller årleg statistikk i dag og kan vere vanskelege å samanlikna.

Tala frå årleg statistikk kan samanliknast med månadlege tal for variablane produkt og fylke. Næringsinndelinga skil seg i dei to statistikkane og kan derfor vere vanskeleg å samanlikna. Dei rapporterande oljeføretaka kan ha gjort revisjonar i tala sine frå dei rapporterte månadlege til dei rapporterte årlege tal og dette kan vere ei kjelde til ulike tal over produkt og fylke også.

I den første publiseringa av årlege tal for sal av petroleumsprodukt (april 2013) var det nytta kjøpegrupper for å plassere sluttbruken av petroleumsprodukt. Frå publiseringa 31. mars 2014 blei det nytta næringsinndelingar for å bestemme sluttbruken. Tidlegare innsamla data blei da konvertert til næringsinndeling for å få samanliknbar tidsserie.

Inndelinga av petroleumsprodukta er endra i 2014-publiseringa og her har også tidlegare årgangar blitt konvertert til same inndeling 2014.

Det kan oppstå skilnader mellom månadlige og årlege tal som følgje av ulik avrunding. Månadlege tal blir publisert i millionar liter, mens årlege tal blir publisert i 1 000 litar.

For månadleg statistikk: Frå januar 2014 blei produkta LPG, NGL og smørjemiddel tatt ut av statistikken. Dette blei gjort i samråd med Drivkraft Norge og dei rapporterande oljeføretaka. Produkta er framleis ein del av den årlege statistikken og detta dekker behova til brukarane . LPG nytta som råstoff i industrien er ikkje med i statistikken.

Fram til og med desember 2016, utrekning av gjennomsnittsprisar var basert på prosentvis framskrivning av konsumpris indeksen (KPI) kvar månad. Referansemånad var oktober 2010. Frå januar 2017 er prisane baserte på gjennomsnittlege utsalsprisar.

Resultata frå ei statistisk undersøkning vil som regel innehalde visse innsamlings- og bearbeidingsfeil. Innsamlingsfeil oppstår ved at oppgåvegivar på grunn av glemsel, misforståing og liknande gir feil opplysningar. Bearbeidingsfeil er for eksempel feil som oppstår ved overføring av opplysningar frå datafiler til databaser eller feilvurderingar ved revisjon av utvalet.

Trass i at det har blitt gjennomført ei rekke kontrollar i utvalet, så kan det likevel skje feil i datagrunnlaget, for eksempel feil som ikkje har vore mogleg å fange opp med dei kontrollrutinane som blei nytta, eller feil som kjem av feilvurderingar frå saksbehandlar i SSB.

Oljeføretaka blir bedne om å sende inn data for kvart enkelt sal av petroleumsprodukt på verksemdas organisasjonsnummer for den årlege statistikken. Dette blir ikkje alltid tatt til følgje. Eit føretak kan ha fleire verksemder og desse verksemdene kan drive innanfor ulike næringar. Når eit sal blir registrert med organisasjonsnummeret til føretak og ikkje verksemd, kan viktig informasjon om næringsfordeling gå tapt.

Ei anna kjelde til uviss næringsplassering er ei verksemd som driv innafor fleire næringar. Eit busselskap kan til dømes både drive med busstrafikk og ferjetrafikk. Dette er to ulike næringar, men på grunn av at verksemda har eit organisasjonsnummer blir den berre kopla opp mot ei næring i VOF og vidare ein næring i SN2007.

I dei tilfella der sal til vidareforhandlarar har blitt fordelt ved hjelp av fordelingsnøkkel er det knytt uvisse til sluttbruk av petroleumsprodukt. Fordelingsnøkkelen bygger på korleis salet har fordelt seg der salet ikkje er til vidareforhandlarar. Det er usikkert om oljeføretaka leverer til same kundar som vidareforhandlarar og at plassering av næring dermed blir korrekt.

For månadleg statistikk plasserer oljeføretaka salet i kjøpegruppar som fortel kor sluttbruken av petroleumsprodukta finn stad. Dei ulike oljeføretaka kan tolka dei ulike kjøpegruppene forskjellig og dette kan få utslag for statistikken.

Statistikken for sal av petroleumspodukt viser oljeføretakas sal og netto direkte import i Noreg. Desse tala tar ikkje omsyn til lager og eventuelle lagerendringar. Viss ei bedrift eller enkeltpersonar kjøper petroleumsprodukt som ikkje blei nytta, men lagra, blir dette rekna som forbruk i statistikken.

Ved publisering av årsstatistikken 14. april 2021 vart tala for sal av marine gassoljer og autodiesel retta for perioden 2012 til 2019. SSB hadde tidligere innhenta for låge salstal for desse produkta i denne perioden. Ved publisering av månadstala (som reknast som foreløpige) vart det retta tilbake til og med 2020. Rettinga medfører at månadstal fra og med 2020 ikkje er samanliknbare med periodar før 2020.

Kontakt