Tal frå sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff viser at sal av drivstoff til vegtrafikk har minka dei siste åra medan jetparafin no er tilbake på om lag same nivå som før koronapandemin. For marine gassoljer og avgiftsfri diesel har salet vore ganske stabilt i perioden. 

Figur 1. Sal av petroleumsprodukt inkl. iblanda biodrivstoff. Millioner liter

Reint biodrivstoff

Tal for sal av reint biodrivstoff vart med i statistikken for fyste gong i 2021. Sal av reint biodrivstoff til vegtrafikk har minka i treårsperioden, medan salet av avgiftsfritt biodrivstoff har auka. 

Figur 2. Sal av reint biodrivstoff. 2021-2023

Endring i datagrunnlaget

Datagrunnlaget for 2023 er litt meir detaljert enn tidlegare år. Ein del av salet som tidlegare var registrert som sal til engroshandel med drivstoff og brensle er frå 2023 registrert som sal til andre næringar.