Nedgang i sal av petroleumsprodukt

Publisert:

Samla sal av petroleumsprodukt i Norge enda på 8,2 milliardar liter i 2020. Dette er ein nedgang på 7,2 prosent frå året før.

Salet av jetparafin blei meir enn halvert frå 2019 til 2020. Til samanlikning minka salet av bilbensin med 5,6 prosent og autodiesel med 5,2 prosent. Salet av marine gassoljer auka med 7,4 prosent.

Figur 1. Sal av petroleumsprodukt 2019-2020

2019 2020
Bilbensin 1028 971
Autodiesel 2999 2842
Anleggsdiesel 920 919
Marine gassoljer 1824 1959
Lett fyringsolje og fyringsparafin 91 47
Jetparafin 1118 521
Tungdestillat og tungolje 123 57
Smørjemiddel 58 58
Andre 652 807

Statistikken over sal av petroleumsprodukt viser at salet av bilbensin har minka jamt dei siste ti åra og enda på 971 millionar liter i 2020.Salet av diesel til bilar auka noe fram til 2016, men har minka dei siste åra og enda på 2,8 milliardar liter i 2020. Samla sal av bensin og diesel til bilar minka med 8,1 prosent i tiårs-perioden.

Figur 2. Sal av utvalde petroleumsprodukt 2010-2020

2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020
Diesel til bilar 2524 2622 2730 2816 2947 3041 3185 3109 3065 2999 2842
Bilbensin 1628 1489 1395 1307 1246 1177 1155 1121 1088 1028 971
Anleggsdiesel 824 841 866 921 860 881 922 898 973 920 919
Marine gassoljer 1794 1856 1901 1904 1896 1878 1756 1709 1816 1824 1959
Jetparafin 969 1011 1082 1098 1171 1124 1088 1130 1172 1118 521
Samla bensin og diesel til bilar 4151 4111 4125 4123 4193 4218 4340 4230 4153 4028 3813

Biodrivstoff

Bensin og autodiesel blir tilsett biodrivstoff. Førebelse tal basert på oppgåver til Skatteetaten syner at det vart tilsett 523 millionar liter biodrivstoff i 2020, dette utgjer om lag 14 prosent av omsett bensin og autodiesel.

For å auke bruk av avansert biodrivstoff, og redusere biodrivstoff basert på palmeolje og liknande, så teller avansert biodrivstoff dobbelt ved berekning av omsetningskravet. Ei slik berekning viser at iblandinga er på 20 prosent.

Korrigerte tal

I samband med publiseringa i 2021 er tala for sal av marine gassoljer og autodiesel retta tilbake til 2012. SSB har tidlegare innhenta for låge salstal for disse produkta i denne perioden.

Kontakt