Tal for åra 2022–2024 vart retta 11. april 2025. Rettinga gjeld auke i sal av produkta bensin, autodiesel, anleggsdiesel, marine gassoljer, lett fyringsolje og fyringsparafin.
Statistikk innhold
Statistikk om
Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff
Føremålet med statistikken er å synleggjere salet av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff. Statistikken viser salet til ulike næringar. Den viser ikkje petroleumsprodukt brukt som råstoff eller petroleumsprodukt forbrukt i energiproduserande næringar.
Utvalde tal frå denne statistikken
- Sal av petroleumsprodukt. Millionar liter.Last ned tabell som ...Sal av petroleumsprodukt. Millionar liter.1
Månadleg sal, førebelse tal2 Årleg sal, endelege tal3 April 2025 Endring frå same månad sist år i prosent 2024 Endring frå sist år i prosent Samla sal av petroleumsprodukt 592 -3,2 8 274 -5,8 Drivstoff veitrafikk1 253 -8,7 3 414 -5,0 Bilbensin 69 1,6 894 -1,6 Autodiesel4 184 -12,0 2 520 -6,2 Anleggsdiesel 73 -3,4 922 -2,4 Marine gassoljer 150 24,4 1 810 -8,5 Jetparafin 103 0,3 1 122 3,7 1Salstala for petroleumsprodukt er medrekna eventuelt iblanda biodrivstoff. 2Månadlege tal omfattar ikkje smøremiddel, LPG og LNG 3Tala vart retta 11.april 2025 4Avgiftspliktig diesel Standardteikn i tabellarLast ned tabell som ... - Prisar på drivstoff per månadLast ned tabell som ...Prisar på drivstoff per månad1
Prisar (kroner per liter) Bensin, blyfri 95 oktan Avgiftspliktig diesel April 2025 19,76 19,06 Endring frå sist månad, prosent -3,14 -6,71 Endring frå same månad sist år, prosent -11,94 -11,02 Mars 2025 20,40 20,43 Februar 2025 21,27 21,07 Januar 2025 21,52 21,43 Desember 2024 21,86 20,99 November 2024 22,21 21,15 Oktober 2024 21,85 20,81 September 2024 21,81 20,27 August 2024 21,98 20,29 Juli 2024 22,56 21,04 Juni 2024 23,41 21,77 Mai 2024 23,28 21,66 April 2024 22,44 21,42 1Prisane er gjennomsnittlege utsalsprisar. Prisane inkl. skattar og avgifter. Standardteikn i tabellarLast ned tabell som ... - Månadleg sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, etter produkt. Millionar liter. Førebelse talLast ned tabell som ...Månadleg sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, etter produkt. Millionar liter. Førebelse tal
April 2025 Totalt sal Sal av petroleumsprodukt (inkl. iblanda bio) Sal av reint biodrivstoff Alle produkt 602 592 10 Bilbensin 69 69 .. Autodiesel 188 184 5 Anleggsdiesel 78 73 5 Marine gassoljer 150 150 .. Lett fyringsolje og fyringsparafin 3 3 1 Jetparafin 103 103 .. Tungdestillat og tungolje 0 0 .. Andre 9 9 .. Standardteikn i tabellarLast ned tabell som ... - Årleg sal av petroleumsprodukt etter næring. Endelege tal. 1000 literLast ned tabell som ...Årleg sal av petroleumsprodukt etter næring. Endelege tal. 1000 liter1 2 3 4
2024 Bilbensin Autodiesel Anleggsdiesel Marine gassoljer Lett fyringsolje og fyringsparafin Jetparafin Tungdestillat og tungolje Smøremiddel LPG og LNG Andre Alle næringar 893 545 2 520 153 922 312 1 809 614 30 401 1 122 282 26 022 63 778 591 555 294 194 Jordbruk, skogbruk og fiske 381 1 438 35 386 186 688 129 . . 1 147 0 . Bergverksdrift og utvinning 5 2 694 37 942 521 553 131 260 845 . 988 0 631 Industri 3 412 3 835 30 524 34 270 11 691 752 5 265 2 973 40 244 371 Elektrisitet, vatn og renovasjon 27 1 601 11 538 . 1 614 . . 44 . . Byggje- og anleggsverksemd 767 21 155 89 753 1 446 209 1 . 1 297 0 21 143 Varehandel, motorvognsreparasjonar, unntatt drivstoff til motorvognar 19 149 51 479 44 685 51 913 2 053 558 . 32 424 650 1 126 Engroshandel med drivstoff og brensle 70 837 312 650 472 813 470 955 12 997 211 20 312 22 039 590 638 24 660 Detaljhandel med drivstoff til motorvogner 768 534 1 948 680 88 916 14 240 . 445 33 . . Jernbanetransport . . 20 142 . . . . 13 . . Anna landtransport, inkl. post og distribusjon, lagring og andre tenester knytt til transport 6 761 102 790 50 208 53 706 113 6 024 . 274 . 661 Sjøfart 3 275 32 206 21 358 411 953 336 . . 1 811 . . Lufttransport . . 5 . 0 788 456 . 1 . 1 587 Overnatting og serveringsverksemd, tenesteytande næringar ellers unntatt off. adm. 5 554 11 640 10 539 18 368 674 47 . 580 226 12 Offentlig administrasjon, forsvar, undervisning, helse- og sosialtenester 478 1 835 4 674 58 748 204 65 389 . 63 0 0 Private forbrukarar 14 367 28 150 3 828 . 10 . . 92 1 2 1Sal av petroleumsprodukt er medrekna eventuelt iblanda biodrivstoff 2Engroshandel med drivstoff og brensel inneholder også salg der kjøper er ukjent 3Andre produkt: Flybensin og bitumen/veiolje 4Tala vart retta 11.april 2025 Standardteikn i tabellarLast ned tabell som ... - Årleg sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, etter produkt. 1 000 liter. Endelege talLast ned tabell som ...Årleg sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, etter produkt. 1 000 liter. Endelege tal1
2024 Totalt sal Sal av petroleumsprodukt (inkl. iblanda bio) Sal av reint biodrivstoff Alle produkt 8 414 665 8 273 855 140 810 Bilbensin 895 058 893 545 1 513 Autodiesel2 2 566 052 2 520 153 45 900 Anleggsdiesel 991 764 922 312 69 452 Marine gassoljer 1 811 630 1 809 614 2 016 Lett fyringsolje og fyringsparafin 52 173 30 401 21 772 Jetparafin 1 122 282 1 122 282 .. Tungdestillat og tungolje 26 022 26 022 .. Smøremiddel 63 936 63 778 158 LPG og LNG 591 555 591 555 .. Andre3 294 194 294 194 .. 1Tala vart retta 11.april 2025 2Avgiftspliktig diesel 3Andre produkt: Flybensin og bitumen/veiolje Standardteikn i tabellarLast ned tabell som ...
Om statistikken
Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 5. juni 2025.
Kjøpegruppe
Kjøpegruppene er ei eiga inndeling som ikkje blir nytta av annan statistikk i SSB og som er utarbeidd i samarbeid med oljeføretaka.
Namn: Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff
Emne: Energi og industri
Seksjon for energi-, miljø- og transportstatistikk
Nasjonalt nivå
Månadleg publisering: Førebelse tal blir publisert om lag tre veker etter referansemånaden.
Årleg publisering: Endelege tal blir publisert om lag tre månadar etter utgangen av referanseåret.
Tal frå statistikken er ei av kjeldene i energirekneskap- og balanse som blir nytta til rapportering til Eurostat, IEA og FN.
SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling.
SSB kan gje tilgang til datagrunnlaget (avidentifiserte eller anonymiserte mikrodata) som statistikken byggjer på, til forskarar og til offentlege myndigheiter som skal utarbeide statistiske resultat og analysar. Tilgang kan bli gjeven etter søknad og på vilkår. Sjå meir om dette på Tilgang til data fra SSB.
Formålet med statistikken er å synleggjere sluttforbruket i Norge av dei ulike raffinerte petroleumsprodukta, dei som ikkje blir brukt i energiproduserande næringar eller energiprodukt brukt som råstoff. I 2022 blei statistikken utvida til å også innehalde sal av flytande reint biodrivstoff og andre bioprodukt.
Statistisk sentralbyrå (SSB) har frå 1995 på oppdrag frå Drivkraft Norge (tidlegare Norsk Petroleumsinstitutt), henta inn detaljerte månadlege opplysningar frå dei største oljeføretaka som sel petroleumsprodukt i Noreg. Tala har blitt publisert månadleg og som førebelse tal for sal av petroleumsprodukt fordelt på produkt, kjøpegruppe og fylke. Frå mars 2010 blei dei månadlege data henta inn med oppgåveplikt i høve til Statistikklova.
I april 2012 blei det for første gong publisert årlege endelege tal for sal av petroleumsprodukt for årgongane 2009, 2010 og 2011. Tidlegare hadde årlege tal bestått av månadlege tal summert opp. Dei årlege tala inneheld fleire og meir detaljerte opplysningar som bidrar til ei betre næringsfordeling av sluttforbruk av petroleumsprodukt i Noreg.
Statistikken for sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff blir brukt av offentleg verksemd, aktørar i petroleumsbransjen, interesseorganisasjonar og media. Internt i SSB er statistikken viktig som kjelde i utsleppsrekneskapen, nasjonalrekneskapen og energirekneskap- og energibalanse. Resultata blir også brukt indirekte i analyser og forsking i SSB.
Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.
Statistikken er en viktig kilde inn i energibalanse og energiregnskap. Statistikken er så kalt ramme for energiprodukter innen petroleumssektoren.
Statistikken blir utvikla, utarbeidd og formidla med heimel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven, lovdata.no).
Statistikken inngår i nasjonalt program for offisiell statistikk, hovedområde Energi og industri, delområde Petroleum.
Tallene er en viktig input til energibalanse og energiregnskap som rapporteres til Eurostat i samsvar med Regulation NO 1099/2008 og Europaparlaments- og rådsforordning nr. 691/2011 av 6. juli 2011 om miljøøkonomiske regnskaper.
Populasjonen i statistikken omfattar føretak som sel eit bredt utval petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff i Noreg.
- 14 føretak er rapportørar til månadleg statistikk. 15 føretak rapporterer til årsstatistikken.
- I tillegg blir nettoimport (import minus eksport) henta inn. Denna publiserast under «Netto direkte import» i den månadlege statistikken, medans den blir fordelt på næring i den årlege.
- Frå januar 2017 er prisene basert på gjennomsnittlige utsalgspriser.
Årleg statistikk
SSB mottar data via Altinn. Foretakene skal rapportere desse variablene:
- Organisasjonsnummer eller føretaksnummeret til selskapet som sender inn data
- Produktnummer,
- Kjøpegruppenummer
- Fylkesnummer
- Månad
- Årstal
- Sum selt i liter
- Organisasjonsnummer til fakturamottakar på verksemdsnivå
- Offisielt namn på fakturamottakar
- Organisasjonsnummer til mottakar av varen på verksemdsnivå
- Namn på mottakar av varen
- Adresse til mottakar
- Postnummer for varelevering
- Poststad for varelevering
Data som er lest inn blir kopla til Bedrift- og føretaksregisteret (BOF) via det oppgitte organisasjonsnummeret. I BOF er kvar verksemd kopla opp mot ei næring, basert på Standard for næringsgruppering 2007 (SN 2007). Observasjonane frå oljeføretaka kopla til næringar frå SN 2007 fortel kven produkta er selt til.
Månadleg statistikk
SSB mottar data via Altinn. Det blir henta inn opplysningar for:
- Organisasjonsnummer til oljeføretaket
- Produktnummer
- Kjøpegruppenummer
- Fylkesnummer
- Månad
- Årstal
- Sum selt i liter
Det blir også henta inn tal frå utanrikshandelsstatistikken.
Ikkje relevant
Tilsette i SSB har teieplikt.
SSB offentleggjer ikkje tal dersom det er fare for at bidrag frå oppgåvegivar kan bli avslørte. Dette fører til at tal som hovudregel ikkje blir publiserte dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen, eller dersom bidrag frå ein eller to oppgåvegivarar utgjer ein svært stor del av celletotalen.
SSB kan gjere unntak frå hovudregelen dersom det følgjer av krav til statistikk i EØS-avtalen, oppgåvegivar er offentleg myndigheit, oppgåvegivar har samtykt, eller når opplysningane som blir avslørte er ope tilgjengeleg i samfunnet.
Meir informasjon finn du i avsnittet ‘Konfidensialitet’ på SSBs side om metodar i offisiell statistikk.
Statistikken for årleg sal av petroleumsprodukt blei publisert første gang i 2013. Det blei då henta inn data for fire årgangar, 2009, 2010, 2011 og 2012, for å ha eit samanlikningsgrunnlag. I dei vidare årgangane er variablane dei same og det kan samanliknast tal for produkt, næring og fylke for alle årgangar. For månadleg statistikk har SSB data frå 1995.
Det finst tal for sal av petroleumsprodukt tilbake til 1952. Desse har ikkje dei same variablane som er i månadleg eller årleg statistikk i dag og kan vere vanskelege å bruke for samanlikning.
Tala frå årleg statistikk kan samanliknast med månadlege tal for variablane produkt og fylke, men næringsinndelinga er forskjellig i dei to statistikkane og kan derfor vere vanskeleg å samanlikne. Oljeføretaka som rapporterer til SSB kan ha gjort revisjonar i tala sine frå dei rapporterte månadlege tal til dei rapporterte dei årlege tala.
I den første publiseringa av årlege tal for sal av petroleumsprodukt (april 2013) var det brukt kjøpegrupper for å plassere sluttbruken av petroleumsprodukt. Frå publiseringa 31. mars 2014 blei det brukt næringsinndelingar for å bestemme sluttbruken. Tidlegare innsamla data blei då konverterte til næringsinndeling for å få ei samanliknbar tidsserie.
Inndelinga av petroleumsprodukt blei endra i 2014-publiseringa og her har også tidlegare årgangar blitt konvertert til same inndeling.
Det kan oppstå skilnader mellom månadlege og årlege tal som følgje av ulik avrunding. Månadlege tal blir publisert i millionar liter, mens årlege tal blir publisert i 1 000 liter.
For månadleg statistikk: Frå januar 2014 blei produkta LPG, NGL og smørjemiddel tatt ut av statistikken. Dette blei gjort i samråd med Drivkraft Norge og dei rapporterande oljeføretaka. Produkta er framleis ein del av den årlege statistikken, noko som dekker behova til brukarane . LPG som blir brukt som råstoff i industrien er ikkje med i statistikken.
Til og med ut 2016 blei utrekning av gjennomsnittsprisar basert på prosentvis framskrivning av konsumpris indeksen (KPI) kvar månad. Referansemånaden var oktober 2010. Frå januar 2017 er prisane baserte på gjennomsnittlege utsalsprisar.
Resultata frå ei statistisk undersøking vil som regel innehalde visse feil ved innsamling og ved arbeid med tala. Innsamlingsfeil kan oppstå ved at oppgåvegivar misforstår og gir feile opplysningar. Feil ved arbeid av tala er til dømes feil som oppstår ved overføring av opplysningar frå datafiler til databaser eller feilvurderingar ved revisjon av utvalet.
Trass i at det har blitt gjennomført ei rekke kontrollar i utvalet, så kan det likevel skje feil i datagrunnlaget, for eksempel feil som ikkje har vore mogleg å fange opp med dei kontrollrutinane som blei brukt, eller feil som kjem av feilvurderingar frå saksbehandlar i SSB.
Oljeføretaka blir bedt om å sende inn data for kvart enkelt sal av petroleumsprodukt og biodrivstoff på verksemdas organisasjonsnummer for den årlege statistikken. Dette blir ikkje alltid tatt til følgje. Eit føretak kan ha fleire verksemder og desse verksemdene kan drive innanfor ulike næringar. Når eit sal blir registrert med organisasjonsnummeret til føretak og ikkje ei verksemd, kan viktig informasjon om næringsfordeling gå tapt.
Ei anna kjelde til uviss næringsplassering er verksemder som driv innafor fleire næringar. Eit busselskap kan til dømes både drive med busstrafikk og ferjetrafikk. Dette er to ulike næringar, men fordi verksemda har eitt organisasjonsnummer blir denne berre kopla opp mot ei næring i VOF og vidare ei næring i SN2007.
I dei tilfella der sal til vidareforhandlarar har blitt fordelt ved hjelp av ein fordelingsnøkkel er det knytt uvisse til sluttbruken av petroleumsproduktet. Fordelingsnøkkelen bygger på korleis salet har fordelt seg når salet ikkje er til ein vidareforhandlar. Det er usikkert om oljeføretaka leverer til dei same kundane som vidareforhandlarane leverer til. Det er dermed også usikkert om plassering av næring dermed bli korrekt.
For månadleg statistikk plasserer oljeføretaka salet i kjøpegrupper som fortel kor sluttbruken av petroleumsprodukta er. Dei ulike oljeføretaka kan tolke dei ulike kjøpegruppene forskjellig og dette kan få utslag for statistikken.
Statistikken for sal av petroleumsprodukt og biodrivstoff viser oljeføretakas sal og netto direkte import i Noreg. Desse tala tar ikkje omsyn til lager og eventuelle lagerendringar. Viss ei bedrift eller enkeltpersonar kjøper produkt som ikkje blei brukt, men lagra, blir dette rekna som forbruk i statistikken
Revisjon er planlagd endring av tal som allereie er publiserte, for eksempel ved publisering av endelege tal der det tidlegare har vore publisert førebelse tal. Sjå også SSBs prinsipp for revisjon.
Ved publisering av årsstatistikken 14. april 2021 vart tala for sal av marine gassoljer og autodiesel retta for perioden 2012 til 2019. SSB hadde tidligere innhenta for låge salstal for desse produkta i denne perioden. Ved publisering av månadstala (som reknast som foreløpige) vart det retta tilbake til og med 2020. Rettinga medfører at månadstal fra og med 2020 for marine gassoljer og autodiesel (samt totaltalet) ikkje er samanliknbare med periodar før 2020.