Artiklar om føretak
Artiklar, analysar og publikasjonar
2026
IKT-næringa når stadig nye høgder Artikkel 10. november
Det vart registrert 17 837 nye føretak i 3. kvartal 2026, opp 10 prosent frå same kvartal året før. I næringa Informasjon og kommunikasjon auka talet på nyetableringar med heile 65 prosent.
Dobbelt så mange IKT-etableringar på eitt år Artikkel 19. august
Det vart registrert 17 052 nye føretak i 2. kvartal 2026, opp heile 21 prosent frå same kvartal året før. I næringa Informasjon og kommunikasjon vart talet på nyetableringar nær dobla.
Talet på nye føretak auka Artikkel 13. mai
Det vart registrert 18 092 nye føretak i 1. kvartal 2026, opp 9 prosent frå same kvartal året før. Nær halvparten av etableringane var aksjeselskap.
Lågt nivå av nye føretak Artikkel 6. februar
Det vart registrert 15 752 nye føretak i 4. kvartal 2025, tilnærma uendra frå same kvartal året før. Etableringstakta ligg dermed lågt igjen, etter å ha vore noko høgare i 3. kvartal.
2025
Auke i talet på nye føretak Artikkel 6. november
Det vart registrert 16 566 nye føretak i 3. kvartal 2025, ein auke på 5,6 prosent frå same kvartal året før. Etableringstakta er dermed attende på eit normalt nivå, etter at den låg særs lågt i 2. kvartal.
Overlevinga stabil trass pandemi og dyrtid Artikkel 18. september
Det var 14 097 overlevande føretak i 2023 som var 5 år gamle, av totalt 29 481 nye føretak i 2018. Overlevingsgraden etter 5 år var dermed 47,8 prosent i 2023. Den tilsvarande overlevingsgraden i 2018 var 46,4 rosent. Overlevinga til føretaka endra seg altså lite, trass covid og dyrtid.
Lågaste etableringstakt på ti år Artikkel 20. august
Det vart registrert 14 377 nye føretak i 2. kvartal 2025, eit fall på 6 prosent frå same kvartal året før. Vi må attende til 2015 for å finne eit 2. kvartal med like få nyregistrerte føretak.
Fleire nye føretak – og særleg i nord Artikkel 12. mai
Det vart registrert 16 753 nye føretak i 1. kvartal 2025. Det er det første kvartalet med vekst frå same kvartal året før på to år, og veksten var på 7 prosent. I Finnmark var veksten på heile 25 prosent.
Stadig låge tal for bygg og anlegg Artikkel 11. februar
Det vart registrert 1 318 nye føretak innan bygg og anlegg i 4. kvartal 2024. Det er det lågaste 4. kvartalet sidan 2008, med 11 prosent færre etableringar enn i same kvartal i 2023. Totalt vart det registrert 15 748 nye føretak i 4. kvartal 2024, som er 2,7 prosent færre enn i same kvartal 2023.
2024
Svakaste 3. kvartal sidan finanskrisa for bygg og anlegg Artikkel 6. november
Det vart registrert 1 470 nye føretak innan bygg og anlegg i 3. kvartal 2024. Det er 13 prosent færre etableringar enn i same kvartal året før, og det svakaste 3. kvartalet sidan finanskrisa. Totalt vart det registrert 15 692 nye føretak i 3. kvartal 2024.
Rekordsterkt 2. kvartal for overnatting og servering Artikkel 14. august
Det vart registrert 479 nye føretak innan overnatting og servering i 2. kvartal 2024. Det er det sterkaste 2. kvartalet sidan målinga starta, og heile 32 prosent fleire etableringar enn i same kvartal i 2023. Totalt vart det registrert 15 258 nye føretak i 2. kvartal 2024.
Fleire høgvekstføretak i 2023 Artikkel 26. juni
Det var 21 400 høgvekstføretak i 2023, ei auke på 14 prosent frå 2022. Samstundes vart talet på føretak med stor nedgang nær 9 prosent lågare og enda på 24 400. Dei større og eldre føretaka bidreg mest til denne utviklinga. Det var og høge tal for nye føretak med aktivitet i 2023, grunna mange reaktiveringar - berre 2021 låg høgare.
Svakaste 1. kvartal sidan 2013 Artikkel 14. mai
Det vart registrert 15 690 nye føretak i 1. kvartal 2024, eit fall på 23 prosent sidan 1. kvartal 2023. Innan bygg og anlegg og omsetting og drift av eigedom er etableringstakta like låg som under finanskrisa i 2009.
Etableringstakta attende til nivået før pandemien Artikkel 7. februar
Det vart registrert 16 192 nye føretak i 4. kvartal 2023, ein nedgang på 11 prosent frå 4. kvartal 2022. Dermed har etableringstakta gått attende om lag til nivået før pandemien.
2023
Etableringstakta henta seg inn igjen i 3. kvartal Artikkel 8. november
Det vart registrert 17 062 nye føretak i 3. kvartal 2023, om lag same nivå som 3. kvartal 2022. Dermed henta etableringstakta seg inn etter eit svakt 2. kvartal, og ligg no klårt høgare enn før pandemien.