– Høge byggjekostnadar og høg lånerente kan ha bidrege til den låge etableringstakta, seier seksjonssjef Erik Fjærli. I tillegg kan auka sakshandsamingstid og arealet regulert til bygging i kommunane spele inn.

Størst nedgang i talet på etableringar finn vi likevel innan kultur og underhaldning, med 27 prosent frå same kvartal i 2023. Også her var etableringstakta historisk sett låg.

– Dette stadfestar den svake trenden i kultur- og underhaldningsbransjen frå dei førre to kvartala, seier Fjærli.

Den høgaste veksten finn vi innan transport og lagring, med 23 prosent auke frå same kvartal i 2023. Næringa kan vere på veg ut av ein bølgjedal, men det er likevel eit stykke opp til etableringstakta under og like etter pandemien. Det var òg betydeleg vekst innan omsetning av eigedom, med 11 prosent, som er eit godt oppsving etter fleire svake kvartal. Det vart etablert særleg mange burettslag dette kvartalet.

Nye føretak med ukjend næring utgjorde 14 prosent. Det er om lag same nivå som dei føregåande fem kvartala (sjå boks).

Det vart etablert 8 471 enkeltpersonføretak og 6 697 aksjeselskap i 3. kvartal 2024. Talet på nye enkeltpersonføretak gjekk ned med 12 prosent, medan etableringa av aksjeselskap gjekk ned med 4 prosent.

– I enkeltpersonføretak må innehavaren bere all risiko, og det verkar å vere mindre attraktivt i økonomisk krevjande tider, seier Fjærli.

Det var tydelege regionale skilnader dette kvartalet. Det var rettnok lågare etableringstakt i alle fylke, målt mot same kvartal året før, unntatt på Svalbard der talet var stabilt. Nedgangen var likevel klart størst i Innlandet med 23 prosent og Finnmark med 17 prosent, medan i Akershus var nedgangen på 1 prosent og i Vestfold og Agder på 2 prosent. På landsdelsnivå jamna forskjellane seg mykje ut, og det er derfor vanskeleg å sjå dette som ein klar trend.

Figur 1. Nye føretak, unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane. 3. kvartal 2001-2024

Det er eit stort etterslep i registreringa av næringa til nye føretak, og etterslepet har vore stort heilt sidan starten av pandemien. Delen av nye føretak med ukjend næring er no redusert til om lag ein tredjedel sidan toppen i 2. kvartal 2022, men den er stadig så høg at fordelinga etter næring må tolkast varsamt. Det gjeld særleg ved samanlikningar bakover i tid.