Av desse nyregistreringane var 7 198 aksjeselskap og 8 881 einskildpersonføretak, medan 487 hadde andre selskapsformer. Talet på nye aksjeselskap gjekk opp med 7,5 prosent frå same kvartal i fjor, medan talet på nye einskildpersonføretak gjekk opp med 4,8 prosent.
Fleire nyregistreringar innanfor informasjon og kommunikasjon
Talet på nyregistreringar innanfor Informasjon og kommunikasjon auka med 17 prosent, målt mot same kvartal i 2024. Dette skjedde trass i at talet på nyregistreringar i ukjend næring auka med heile 61 prosent, som førte til at talet på nyregistreringar innanfor dei fleste næringar gjekk ned (sjå boks «Stort etterslep i registreringa av næring»). Dette stadfestar den langsiktige auken i nyregistreringar innanfor denne næringa:
– Informasjon og kommunikasjon ligg no på fjerdeplass blant næringar med høg etableringstakt, medan for ti år sidan låg den på niande, seier seksjonssjef Erik Fjærli.
Det er eit stort etterslep i registreringa av næringa til nye føretak, og etterslepet har vore stort heilt sidan starten av pandemien i 2020. Delen av nye føretak med ukjend næring er rettnok halvert sidan toppen i 2. kvartal 2022, men den er stadig høg og varierande. Fordelinga etter næring må difor tolkast varsamt.