Det syner nye endelege tal for føretaksdemografi frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Dette tydar på eit robust næringsliv i møte med kriser og urolege økonomiske tider, hjelpt av politiske tiltak, seier seksjonssjef Erik Fjærli.

Aksjeselskap hadde klårt høgare 5 års overlevingsgrad i 2023, med 55 prosent, enn enkeltpersonføretak og andre selskapsformer, med høvesvis 37 og 29 prosent. Forskjellen vaks med mellom 3 og 4 prosentpoeng frå 2018.

– Dette kan henge saman med at det er gratis og svært enkelt å starte eit enkeltpersonføretak, mens eit aksjeselskap krev noko meir. Ein god del enkeltpersonføretaka kan nok derfor være meir hobbyprega eller starta for å dekkje kortsiktige behov, seier Fjærli.

Tre næringar utmerka seg med høg overlevingsgrad: Vatn, avløp og renovasjon, Bergverk, utvinning og industri og Omsetning og drift av eigedom, med ei 5 års overlevingsgrad på høvesvis 67, 61 og 54 prosent i 2023. Dei næringane kor overlevingsgraden endra seg mest frå 2018 til 2023, var derimot Informasjon og kommunikasjon, Overnatting og servering og Varehandel, med ei auke på høvesvis 4, 4 og 3 prosentpoeng, og Transport og lagring med ein nedgang på 4 prosentpoeng. I lys av dei urolege tidene som har vore sidan 2018, er likevel desse endringane beskjedne.

Figur 1. Nyetablerte føretak i 2018 og deira overleving i 5 år, etter organisasjonsform.

Det vart registrert 52 300 nye føretak inkludert Eit føretak reknast som reaktivert det året aktiviteten blir tatt opp att etter minst 2 års samanhengande inaktivitet. i 2024, i følgje foreløpige tal. Talet ender truleg noko høgare når det endelege materialet føreligg, anslagsvis rundt 55 000 (sjå boks "Foreløpige tal for registrerte nye føretak"). Det svarar til ein nedgang på 8 prosent frå året før. I 2021 vart 49 700 føretak nedlagde, 4 prosent høgare enn året før. Dette året steig òg talet på nye registrerte føretak med 10 prosent. Fram til 2019 følgde talet på nyetablerte føretak talet på opphøyrde føretak sånn omtrent og låg som regel noko høgare, men i 2021 låg talet på nye registrerte føretak heile 25 prosent høgare enn talet på opphøyrde føretak. Ser vi berre på føretak med aktivitet, var skilnaden endå større.

– Det ser ut til at fleire valde å starte eige firma under covid-pandemien, då fleire var utan arbeid, seier Fjærli, men legg til at det er for tidleg å seie kor mange av desse firmaa som vil overleve.

Tal for opphøyrde føretak etter 2021 manglar, då det trengst minst to etterfølgjande årgangar med aktivitetsdata for å fastslå om eit føretak er opphøyrd.

Figur 2. Registrerte nye og opphøyrte føretak. 2002–2024 (2021).

Talet for 2024 er foreløpig.

I 2023 vart 16 prosent av føretaka rekna som Høgvekstføretak har ein årleg snittvekst på minst 10 prosent i talet på sysselsette over ein periode på 3 år. Er snittveksten på minst 20 prosent, vert veksten rekna som svært høg. medan 21 prosent hadde stor nedgang. Det er om lag på nivå med åra før pandemien, og noko betre enn under pandemien.

Unge føretak, det vil seie 4 – 5 år gamle, har klart fleire føretak med høg vekst, men òg noko fleire med stor nedgang, enn heile bestanden samla. Målt som dei med høg vekst minus dei med stor nedgang låg dei unge føretaka 8 prosentpoeng høgare enn bestanden samla i 2023. Dette er noko lågare enn i 2021 og 2022, men om lag på nivå med åra rett før og i starten av pandemien. Samstundes må ein huske at unge føretak ofte er mindre enn dei eldre, og det skal ikkje mykje til for å oppnå høg prosentvis vekst for dei minste.

Føretak med 0 sysselsette i vekstperiodens første eller siste år var haldne utanom, og unge føretak mistar langt oftare alle sine sysselsette i løpet av perioden, samanlikna med heile bestanden. I 2023 gjaldt dette 32 prosent av dei unge føretaka, mot 18 prosent av heile bestanden. Biletet av utviklinga til dei unge føretaka er dermed blanda:

– Statistikken syner at føretaka har størst risiko dei første 5 åra, seier Fjærli, men legg til: Andelen unge føretak med 0 sysselsette ved utgangen av måleperioden er den lågaste som er målt, og det syner at dei føretaka som vart etablert rett før pandemien har klart seg relativt bra.

Figur 3. Minst 4 år gamle føretak med tilsette, etter vekst i sysselsette siste 3 år. 2006–2023¹

¹ Åra 2015–2017 er fjerna, fordi et brot i tidsserien for sysselsette i 2015 førte til kunstig høg 3-årsvekst desse åra.

Figur 4. Føretak med høg vekst minus føretak med stor nedgang, målt i sysselsette, prosent. 2006–2023¹

¹ Årene 2015–2017 er fjernet, fordi et brudd i tidsserien for sysselsatte i 2015 førte til kunstig høy 3-årsvekst disse årene.

I dei næringane som i dag er omfatta av føretaksdemografien (sjå boks "Utvalde næringar og sektorar"), var det 334 000 aktive føretak i 2023. Dei langt fleste er små, og berre 8 prosent hadde minst 10 sysselsette. Målt i talet på sysselsette er likevel dei sistnemnde føretaka dominerande, og utgjorde 78 prosent av bestanden. Dei fleste føretaka dreiv med byggje- og anleggsverksemd, fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting, samt omsetning og drift av fast eigedom, kvar med 18 prosent av bestanden. Målt etter talet på sysselsette er det derimot flest som jobbar med varehandel, 23 prosent, med bergverk, utvinning og industri på plassen bak med 18 prosent.

Figur 5. Føretak med aktivitet, etter næring og storleik. 2023

Tala for registrerte nye føretak i 2024 er foreløpige. Ein mindre del av desse føretaka er Eit føretak reknast som reaktivert det året aktiviteten blir tatt opp att etter minst 2 års samanhengande inaktivitet., og det foreløpige datagrunnlaget for desse reaktiveringane er noko ufullstendig. I 2024 var 9 prosent av dei registrerte nye føretaka reaktiveringar, i følgje dei foreløpige tala, medan dei føregåande to åra var prosenten om lag 14. Det tydar på at det endelege talet for registrerte nye føretak i 2024 vil vere rundt 5 prosent høgare, og hamne på om lag 55 000.

I statistikkbanken finst det tre versjonar av tala i dei fleste tabellane: Registrerte føretak, føretak med aktivitet og føretak med lønnstakarar. Registrerte føretak reknast som aktive det året dei vart registrert, og sidan alle år med omsetning, sysselsette eller investeringar. Føretak med aktivitet reknast som aktive alle år med omsetning, sysselsette eller investeringar, men registreringa i seg sjølv reknast ikkje som aktivitet. Føretak med lønnstakarar reknast som aktive alle år det hadde lønnstakarar (tilsette, frilansare og arbeidstakarar på honorar). I denne artikkelen er i hovudsak versjonen «føretak med aktivitet» brukt.

Eit føretak er den minste organisatoriske eininga med eit viss sjølvstende, og består av ei eller fleire juridiske einingar. Hjelpeeiningar og andre juridiske einingar utan sjølvstende blir slått saman med den sjølvstendige eininga dei høyrer til, etter visse reglar. I føretaksdemografien blir og rein overdraging av all verksemd frå eitt føretak til eit anna rekna som vidareføring av det same føretaket. Målet er å telle dei sjølvstendige produksjonseiningane, fjerne interne transaksjonar mellom dei, og unngå at reine organisatoriske grep blant føretaka slår ut på statistikken. Med denne definisjonen av føretak oppnår vi det til ein viss grad.

Næringane A Jordbruk, skogbruk og fiske og O Offentleg administrasjon, forsvar og sosialforsikring er ikkje ein del av føretaksdemografien (statistikken Føretak), grunna vedvarande mangelfullt datagrunnlag. Totalen A-U Alle næringar inneheld derfor ikkje næring A og O. Dessutan er offentleg sektor og einingar ikkje meint for næringsverksemd (visse foreiningar, lag, mv.) halde utanfor.

Dei fleste tabellane utelet i tillegg visse næringar, også grunna mangelfullt datagrunnlag. Det gjeld næringane D Kraftforsyning, K Finansiering og forsikring, P Undervisning, Q Helse- og sosialtenester, R Kultur, underhaldning og fritid, S Anna tenesteyting, samt dei heilt marginale næringane T og U. Her vart datagrunnlaget vesentleg betre i 2021, men sidan store delar av føretaksdemografien treng fleire års datagrunnlag for ein gitt årgang med statistikk, har SSB valt å ikkje publisere desse næringane no. SSB jobbar med å utvikle ein metode som kompenserer for det mangelfulle datagrunnlaget i desse næringane, og siktar mot å publisere tal for dei så snart metoden er klar.

Tabellane for registrerte nye føretak omfattar likevel alle næringar unntatt A og O, da manglane i datagrunnlaget i mindre grad påverkar desse tala.

I den årlege statistikken reknast føretak som nye det første året med aktivitet (jf. boks Tre versjonar og tre definisjonar av aktivitet), samt i seinare år der aktiviteten blir tatt opp att etter minst 2 års samanhengande inaktivitet – sokalla reaktivering. Føretaka blir rekna som overlevd til og med det siste aktive året før ei periode på minst 2 års inaktivitet. Det siste overlevingsåret blir føretaka rekna som opphøyrte. Eit føretak som er inaktivt i eitt år og so blir aktivt att, blir rekna som sovande i det inaktive året og overlevd i dei påfølgjande aktive åra. I tabellar på overlevde føretak er sovande føretak ikkje inkludert. Det siste året i tidsserien veit vi ikkje om føretaket blir aktivt att, og da blir det mellombels rekna som ikkje overlevd, fram til vi får eit nytt år med data. Det manglar tal for opphøyr dei siste to åra, da det tek to år etter statistikkåret for å slå fast om føretaket vart «varig» inaktivt.

I den kvartalsvise statistikken blir føretak rekna som nye berre det kvartalet dei blir registrerte, medan reaktiveringar ikkje er rekna med.

Vekst og nedgang reknast som det geometriske gjennomsnittet av årsveksten dei siste 3 åra, altså den annualiserte prosentvise veksten. Grensa for høg vekst og stor nedgang går ved ± 10 prosent vekst i snitt per år. Er veksten på ± 20 prosent, blir den rekna som svært stor. Tala omfattar berre føretak som er minst 4 år gamle, det vil si etablert seinast året før vekstperioden, med minst 1 sysselsett i startåret for vekstperioden. Høgvekstføretak som er 4 til 5 år gamle, blir kalla gasellar.