Veksten i talet på nyregistrerte føretak 1. kvartal 2025, målt mot same kvartal året før, kjem altså etter ein lengre periode med nedgang. Dei førre 13 kvartala var det berre eitt kvartal med vekst, og vi må attende til 3. kvartal 2021 for å finne ein samanhengande periode med vekst i talet på nyregistrerte føretak.
Av nyregistreringane i første kvartal 2025 var 7 908 aksjeselskap og 8 432 einskildpersonføretak. Talet på nye aksjeselskap auka med heile 11 prosent, medan nye einskildpersonføretak auka med 3 prosent.
– Det ser ut til at dyrtid og høge renter la ein dempar på folks hug – eller evne – til å starte føretak, men at denne tendensen no kan vere snudd, seier seksjonssjef Erik Fjærli. Den særleg høge veksten i talet på nye aksjeselskap peiker i same retning. Han rådar likevel ifrå å trekkje klåre konklusjonar, og seier det trengst lengre tidsseriar og meir analyse.
Fleire nyregistreringar i nord
Det var store regionale skilnadar i utviklinga innanfor nyregistrerte føretak dette kvartalet, der dei tre nordlegaste fylka Finnmark, Troms og Nordland hadde særleg høg vekst med høvesvis 25, 16 og 9 prosent.
– Sjølv om vekst i nord kan tyde på auka aktivitet i distrikta, er ikkje biletet fullt så enkelt. Veksten i talet på nyregistreringar i dei tre nordlegaste fylka kjem nesten berre i større bykommunar, seier Fjærli.
Aller høgast prosentvis vekst var det på Svalbard, med heile 200 prosent, men her er talet på nyregistreringar så lågt at ein må forvente høge endringstal målt i prosent. Veksten på 19 prosent i Buskerud var òg høg. Her var det inga tendens med tanke på sentralitet – veksten i bykommunane Drammen og Kongsberg låg om lag på snittet for fylket, medan veksten i distriktskommunane låg både over og under snittet.
Det var òg einskilde fylke med nedgang i talet på nyregistrerte føretak, og størst var nedgangen i Innlandet. Her var det òg nedgang i fleire av byane, mellom anna Kongsvinger med 28 prosent færre nyregistrerte føretak, medan i Hamar og Elverum var det ein betydeleg vekst.
Svak registrering av næring gjev usikre tal
Det var positive tendensar i talet på nyregistrerte føretak innanfor næringane Forretningsmessig tenesteyting, Transport og lagring og Byggje- og anleggsverksemd, med ein målt vekst på høvesvis 5, 5 og 4 prosent. I alle dei andre større næringane, med tanke på nyregistreringar, vart det målt ein nedgang. Utviklinga må likevel tolkast varsamt, då talet på nyregistrerte føretak utan registrert næring auka med heile 63 prosent i same periode. Nye føretak med ukjend næring utgjorde 23 prosent i 1. kvartal 2025 (sjå boks).
Det er eit stort etterslep i registreringa av næringa til nye føretak, og etterslepet har vore stort heilt sidan starten av pandemien i 2020. Delen av nye føretak med ukjend næring er rettnok redusert til om lag halvparten sidan toppen i 2. kvartal 2022, men den er høg og aukande. Fordelinga etter næring må difor tolkast varsamt.