Talet på nye føretak ligg no høgare enn i perioden før covid-pandemien.

– Det er naturleg at talet på nye føretak veks over tid, sidan vi vert fleire folk, men etableringstakta var òg høg når vi tek omsyn til dette, seier seksjonssjef Erik Fjærli.

Det høyrer òg med at 2. kvartal i fjor var særs svakt, og at talet på etableringar derfor vaks frå eit lågt nivå.

Det var noko færre etableringar i 2. kvartal enn i 1. kvartal, men dette er eit kjend mønster og nedgangen var mindre enn vanleg.

IKT-næringa fossar fram

Det var 97 prosent fleire nyregistreringar innanfor Informasjon og kommunikasjon, målt mot same kvartal i fjor. Informasjon og kommunikasjon er no nest størst i talet på etableringar, medan for berre fire år sidan låg næringa på åttande plass.

– Her ser vi ein tydeleg og rask endring i norsk næringsliv. Så står det att å sjå om dette er ein varig utvikling, eller eit blaff som i transportnæringa under covid-pandemien, då alle handla på nett, seier Fjærli.

Veksten innanfor IKT pregar òg den nye næringsstandarden som vart teke i bruk ved årsskiftet. Her er Informasjon og kommunikasjon splitta i to næringar, der den eine omfattar IKT-tenester som programmering, infrastruktur og telekommunikasjon, medan den andre inneheld utgiving, kringkasting, innhaldsproduksjon og distribusjonsverksemd. Etter den nye inndelinga var det sterk vekst innanfor IKT-tenester sidan 1. kvartal, medan resten av Informasjon og kommunikasjon hadde ein liten nedgang om lag på nivå med næringslivet elles. Dermed kan veksten i etableringar ha vore enda sterkare innanfor IKT enn for Informasjon og kommunikasjon samla det siste året.

Industrien og eigedomsbransjen auka òg mykje i talet på etableringar, men frå relativt låge nivå. Bygge- og anleggsbransjen og kultur og underhaldning auka derimot klårt mindre enn snittet for næringane, og hadde slik sett ein noko svak utvikling. Næringa fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting var nok ein gong størst, med 2 490 etableringar.

Ein stor del av etableringane hadde ukjend næring (sjå boks), og tala for dei ulike næringane må derfor tolkast varsamt.

Av nyregistreringane var 7 327 aksjeselskap og 9 604 enkeltpersonføretak, medan berre 121 hadde andre selskapsformer. Ein noko større del av etableringane var enkeltpersonføretak, målt mot 2. kvartal 2025, medan noko færre var aksjeselskap. Delen av nyregistreringar med andre selskapsformer er den lågaste vi har målt.

Figur 1. Nye føretak, unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane. 2. kvartal 2001-2026

Det er eit stort etterslep i registrering av næringa til nye føretak, og etterslepet har vore stort heilt sidan starten av pandemien i 2020. Delen av nye føretak med ukjend næring er rettnok klårt lågare enn toppen i 2. kvartal 2022, men den er stadig høg. I 2. kvartal 2026 hadde 27 prosent av nyregistreringane ukjend næring, og kategorien vaks klårt mindre det siste året enn dei med kjend næring totalt sett. Fordelinga etter næring må difor tolkast varsamt.

Sidan 1. kvartal 2026 er det publisert tal fordelt etter den nye næringsstandarden SN2025 i ein eigen tabell i Statistikkbanken, i tillegg til dei eldre tabellane. Les om den nye standarden nederst i denne artikkelen..