Av desse nyregistreringane var 7 111 aksjeselskap og 8 197 enkeltpersonføretak, medan 444 hadde andre selskapsformer. Talet på nye aksjeselskap auka med knapt 6 prosent frå same kvartal året før, medan talet på nye enkeltpersonføretak gjekk ned med 5 prosent. Sidan 4. kvartal 2023 har tendensen til å velje aksjeselskap framfør enkeltpersonføretak auka, slik vi òg såg det under koronapandemien.
– Aksjeselskap gir mindre risiko for eigarane enn enkeltpersonføretak, og i dei usikre tidene no og under koronapandemien ser vi at fleire har føretrekt å starte aksjeselskap, seier seksjonssjef Erik Fjærli, men legg til at det trengs meir analyse for å fastslå ein årsakssamanheng.
IKT-næringa klatra til 2. plass
Det var 22 prosent færre nyregistreringar i industrien og ein betydeleg nedgang òg i fleire andre næringar. Derimot var det ein auke på drygt 20 prosent innanfor Informasjon og kommunikasjon.
– IKT-næringa har med det klatra frå 6. til 2. plass i talet på nyregistreringar på eitt år, seier Fjærli.
I løpet av det siste året vaks talet på nyregistreringar der næringa er ukjend med heile 46 prosent. Det kan forklare noko av nedgangen i dei andre næringane, og tydar samstundes at auka innan IKT-næringa kan ha vore enda større.
Det er mange nye føretak som blir registrert i Brønnøysundregisteret utan næring, av ulike årsaker, og andelen har vore høg heilt sidan starten av pandemien i 2020. Delen av nye føretak med ukjend næring er rettnok nær halvert sidan toppen i 2. kvartal 2022, men den er stadig høg og varierande. Fordelinga etter næring må difor tolkast varsamt.