Blant dei store næringane, målt i talet på nye føretak, var nedgangen størst innanfor transport og lagring med 38 prosent, følgd av helse- og sosialtenester med 30 prosent, og omsetning og drift av fast eigedom med 25 prosent.

- Det ser ut til å være ulike drivarar bak nedgangen i dei tre næringane, seier seksjonssjef Erik Fjærli. Etableringstakta innanfor transport og lagring samt helse- og sosialtenester gjekk ned frå ein mellombels topp under og i etterkant av pandemien, og ligg stadig forholdsvis høgt. Innanfor omsetning og drift av fast eigedom starta nedgangen i 2022, frå eit moderat nivå, samstundes med at rentene starta å auke. Etableringstakta i denne næringa ligg no relativt lågt.

Nedgangen i transportnæringa kan henge saman med at vi handlar mindre med varer no enn under pandemien. Endringar i dei nasjonale reglane for drosjeløyve med lempingar 1. november 2020 og innskjerpingar 1. januar 2023 bidrog truleg òg til denne utviklinga.

Innanfor elektrisitets-, gass-, damp- og varmtvassforsyning, som rettnok er ei lita næring målt i talet på føretak, blei derimot talet på nyetableringar meir enn dobla frå same kvartal året før.

Talet på nye føretak med ukjend næring gjekk ned med 18 prosent frå 4. kvartal 2022, men var likevel 22 prosent høgare enn i 3. kvartal 2023. Talet på nyetableringar med ukjend næring er stadig høgare enn før pandemien (sjå boks).

Etableringstakta gjekk ned i alle fylke, målt mot 4. kvartal 2022. I Rogaland var nedgangen størst med 19 prosent, medan i Innlandet gjekk den ned med berre 3 prosent.

Figur 1. Nye føretak, unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane. 4. kvartal 2001-2023

Det er eit stort etterslep i registreringa av næringa til nye føretak, og etterslepet har vore stort heilt sidan starten av pandemien. Delen av nye føretak med ukjend næring er no redusert til om lag ein tredjedel sidan toppen i 2. kvartal 2022, men fordelinga etter næring må stadig tolkast varsamt.