Hovudpunkt frå publiseringa:
- Handelsbalansen auka med 31 prosent samanlikna med første kvartal i 2024.
- Driftsbalanseoverskotet i første kvartal er 18 prosent høgare enn i fjor.
- Nettofordringane ble redusert med 1 225 milliardar kroner, rett over 6 prosent, frå 19 591 milliardar kroner til 18 365 milliardar kroner i første kvartal 2025.
- Nedgangen i nettofordringane kan bli forklart av ei styrka norsk krone i forhold til dei andre mest omsette valutaene og et prisfall i verdipapirmarknaden.
Driftsrekneskapen
Noregs overskot på driftsbalansen overfor utlandet i første kvartal 2025 var på 286 milliardar kroner, 45 milliardar kroner høgare enn same periode i fjor. Overskotet på driftsbalansen har låge på eit høgt nivå dei siste par åra. Nivået er ein del lågare enn i perioden med særleg høge gassprisar i 2022, men høgare enn nivået frå før krigen i Ukraina braut ut.
Styrka handelsbalanse i første kvartal 2025 samanlikna med året før
Høg gasspris trakk opp handelsoverskotet. Ifølgje SSBs utanrikshandelsstatistikk skuldast prisauken lågare gasslager i Europa etter vinteren og svak produksjon av fornybar energi. Ein auke i eksporten på 79 milliardar kroner medan importen auka langt mindre med 37 milliardar ga samla ei styrking av handelsbalansen på 31 prosent.
Samla eksporterte Noreg varer og tenester for 666 milliardar kroner i første kvartal av 2025. Dette er ein auke på 16 prosent målt mot same periode året før. Eksporten av tenester auka med 14 milliardar kroner til 152 milliardar kroner. Ein auke på 10 prosent. Finans- og forretningstenester bidrog med ei auke på 3,5 milliardar, medan tenester elles auka med 4 milliardar. Auka reisetrafikk til Noreg bidrog også med 3 milliardar kroner til tenesteeksporten i første kvartal samanlikna med året før.
Samla import av varer og tenester til Noreg utgjorde 426 milliardar kroner i første kvartal 2025, opp 9 prosent frå same kvartal året før. Vareimporten bidrog mest med ein auke på 11 prosent, medan tenesteimporten bidrog med ein auke på 6 prosent. Oppgangen i importen utgjorde 27 milliardar kroner for varer og 9 milliardar kroner for tenester.
Driftsbalansen er summen av handelsbalansen og rente- og stønadsbalansen. Handelsbalansen omfattar eksport av varer og tenester fråtrekt import. Rente- og stønadsbalansen består av løn, formuesinntekter og -utgifter, samt løpande overføringar og stønad til og frå utlandet. Renter og aksjeutbyte frå utlandet til Statens pensjonsfond utland utgjer det største bidraget til overskotet på rente- og stønadsbalansen.
Lågare overskot på rente- og stønadsbalansen
Noreg fekk eit lågare overskot på rente- og stønadsbalansen i første kvartal 2025 samanlikna med første kvartal i 2024. Overskotet var på 46 milliardar kroner i første kvartal, 12 milliardar kroner lågare enn same kvartal i fjor.
Nedgang i aksjeutbytte frå utlandet bidrog særleg til eit lågare overskot på rente- og stønadsbalansen. Utbytte frå utlandet vart redusert med 26 milliardar kroner i første kvartal samanlikna med første kvartal året før. Samtidig blei denne inntektsnedgangen motverka av reduserte utbyttebetalingar og overføringar til utlandet.
Finansrekneskapen
Nettofordringane ble redusert med 1 225 milliardar kroner frå 19 591 milliardar i fjerde kvartal 2024 til 18 365 milliardar kroner ved utgangen av første kvartal 2025. Dette er ein nedgang på rett over 6 prosent og skyldast eit nettotap (Andre endringar) i valuta- og verdipapirmarknadane på 1 700 milliardar kroner. Samtidig ser me ein av dei høgaste nettofinansinvesteringane på lenge med 460 milliardar kroner
Utviklinga i Noreg sine nettofordringar, nettofinanstransaksjonar samt netto andre endringar (gevinstar og tap) er illustrert i figuren.
Stort pris- og valutatap for Statens pensjonsfond utland
Nettotapet overfor utlandet på 1 700 milliardar kroner ved utgangen av første kvartal 2025 kan bli forklart av to forhold: For det første styrka den norske krona seg i første kvartal 2025 mot viktige valutaer som dollar, euro og britiske pund, og for det andre var det ein negativ marknadsprisutvikling i de globale finansmarknadane.
Statens pensjonsfond utland hadde i første kvartal 2025 eit verditap på 1 408 milliardar kroner. Av desse stod ein styrka kronekurs for omtrent 880 milliardar kroner av verditapet. Svingingar i kronekursen bidrar mykje til svingingar i fondet sin verdi fordi det i hovudsak investerer i utlandet og er derfor svært sensitiv for svingingar i den norske krona når investeringane blir omgjort til NOK.
Høge nettoinvesteringar
Nettofinansinvesteringane på 460 milliardar kroner er differansen mellom norske investeringar på 348 milliardar kroner i utanlandske verdipapir, og reduksjon av gjeld overfor utlandet på 112 milliardar kroner. Ikkje sidan utgangen av tredje kvartal 2022 har me sett så store nettofinansinvesteringar, som da var på 482 milliardar kroner. Det var hovudsakleg norske porteføljeinvesteringar i utlandet som bidrog til dette, kor både norske ikkje-finansielle føretak auka sine porteføljeinvesteringar i utlandet samtidig som SPU auka sine investeringar i utanlandske obligasjonar.
Utenriksregnskapet I denne publiseringsrunden er perioden fra og med 1. kvartal 2024 til og med 4. kvartal 2024 revidert, som del av en løpende revisjons- og publiseringssyklus der et stadig mer oppdatert informasjonsgrunnlag tas tilfølge i beregningene
Nasjonalregnskapssystemet revideres i 2024 og 2025 Statistisk sentralbyrå (SSB) er i gang med en omfattende revidering av tidsseriene i nasjonalregnskapet. Deler av revisjonene er nå publisert, resterende planlegges publisert i november og desember 2025. Statistikk om utenriksregnskap er en integrert del av nasjonalregnskapet og det gjennomføres en tilsvarende revisjon her. Revisjonen innarbeider ny eller oppdatert statistikk, samt forbedrede metoder. Les mer om revisjonen i egne artikler artikkel.