Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport
Oppdatert: 20. januar 2023
Endra:
Neste oppdatering: 19. april 2023
Sjå alle tal frå denne statistikken
Om statistikken
Statistikken gir kvartalsvis informasjon om endringa i kostnadane til vare- og lastebilar samanlikna med ein tidlegare periode.
Laspeyres prisindeks er ein prisindeks der vektgrunnlaget blir halde konstant. Ein kjeda Laspeyres indeks er ein indeks som består av fleire Laspeyres prisindeksar med ulike vekter.
Pris er faktiske utsalspriser på varer og tenester som som blir kjøpt av eigarane i vare- og lastebilnæringa.
Kostnadskomponentar er dei viktigaste utgiftene som eigarar av vare- og lastebilar har:
- Arbeidskraft
- Reparasjons- og servicekostnader
- Drivstoff
- Dekk
- Leigekostnader
- Kontorrekvisita og trykksaker
- Telefon og porto
- Forsikring
- Ferjekostnader og bompengar
- Avskrivningar
- Rentekostnader
- Vektårsavgift/årsavgift
Kostnadsgruppene er utgangspunktet for delindeksane. Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport består av fem slike delindeksar:
1. Arbeidskraftkostnader
2. Drivstoff
3. Bom- og ferjekostnader
4. Kapital (Avskrivingar og rentekostnader)
5. Øvrige kostnader (dekk, forsikring, vedlikehald og reparasjon, administrasjon, vektårsavgift/årsavgift)
Køyretøygruppe er inndeling av lastebilparken i ulike grupper etter kva for type transport bilane brukast til. Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport består av åtte slike køyretøygrupper:
- Nærtransport, transport rundt 50 kilometer
- Regionaltransport, transport rundt 100 kilometer
- Langtransport, transport rundt 500 kilometer
- Tank- og bulktransport
- Tømmertransport
- Anleggstransport, korte strekninger
- Renovasjon, hushaldsavfall
- Varebiltransport, varebilar med total vekt under 3,5 tonn
Ikkje relevant
Namn: Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport
Emne: Transport og reiseliv
Seksjon for energi-, miljø- og transportstatistikk
Nasjonalt.
Indekstala for kvartalet før blir publisert rundt midten av påfølgjande månad.
Ikkje relevant
Grunnlagsdata blir langtidslagra.
Føremålet med statistikken er å skildre utviklinga i kostnadane knytt til drift av ulike godstransporttypar på veg. Utviklinga av indeksen blei gjort i 1997. Frå og med januar 2009 blei statistikken produsert med nye vekter basert på rekneskapstal for 2007 for eit utval av føretak i næringa godstransport på veg. Samstundes blei januar 2009 sett som ny basismånad i indeksen (januar 2009 = 100). Frå og med januar 2009 blei det også utarbeida ein totalindeks for lastebiltransport. Totalindeksen var eit vekta gjennomsnitt av kostnadsindeksane for køyretøygruppene. På oppmoding frå bransjen blei det frå januar 2009 også utarbeida indekstal utan ferje- og bomkostnader, fordi desse kostnadane i større grad enn andre er spesifikt knytt til det enkelte køyreoppdraget.
Statistisk sentralbyrå (SSB), Norges Lastebileier-Forbund (NLF) og ei referansegruppe med representantar for lastebilnæringa vart samde om å gå over til ein ny kostnadsindeks frå og med 1. kvartal 2019. Den nye indeksen er utrekna tilbake til 1. kvartal 2016. 1. kvartal 2016 er sett som ny basisperiode i indeksen (1. kvartal 2016=100).
Frå og med første kvartal 2022 vart Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport kjeda mot referanseperioden (Perioden der indeksen er lik 100) i staden for å bli kjeda mot førre kvartal. Ny referanseperiode er 4. kvartal 2021=100. Indeksen er rekna tilbake til 1. kvartal 2016 med 4.kvartal 2021=100. Referanseperiode er, som for dei andre køyretøygruppene, 4. kvartal 2021=100.
Frå og med 4. kvartal 2022 vart køyretøygruppa varebiltransport inkludert i kostnadsindeksen. Det er utarbeida ei tidsserie tilbake til 4. kvartal 2021 for denne køyretøygruppa. Køyretøygruppa varebiltransport er halde utanom totalindeksen for lastebiltransport.
Statistikken blir laga på oppdrag frå Norges Lastebileier-Forbund.
Statistikken brukast av næringslivet i samband med inngåing og regulering av kontraktbeløp for vare- og lastebiltransport. I tillegg blir statistikken brukt ved prisforhandlingar mellom transportytarar og -brukarar.
Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før den er publisert samstundes for alle kl. 08.00 på ssb.no etter førehandsvarsling seinast tre månader før i Statistikkalendaren. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre likebehandling av brukarane.
Delindeksen for arbeidskraftkostnader er basert på data frå den kvartalsvise Arbeidskraftindeksen i SSB. Data til administrasjonskostnader og reparasjon og service er henta frå Konsumprisindeksen til SSB. Renteinformasjon hentast frå Norske Finansielle Referenser AS (NoRe).
Statistisk sentralbyrå utarbeider også ein prisindeks for godstransport på veg som måler utviklinga i den utfakturerte prisen for transporttenester.
Ikkje relevant
Indeksen måler den kvartalsvise kostnadsutviklinga for åtte typar av lastebiltransport og varebiltransport. Kostnadsvektene i indeksen er utrekna på bakgrunn av rekneskapsopplysningar frå eit utval av føretak innanfor næring 49.41 Godstransport på vei. Prisobservasjonane er henta frå leverandører til vare- og lastebilbransjen (bankar, forsikringsselskap, verkstadar, forhandlarar av drivstoff, dekk, køyretøy, bompengeselskap, ferjerederi, etc).
Dei faste prisleverandørane rapporterer kvartalsvis.
Det er eigne utval for kvar av kostnadspostane som indeksen består av:
I Delindeksen for arbeidskraftkostnader inngår utbetalt avtalt løn og indirekte kostnader (sosiale kostnader, arbeidsgjevaravgift og liknande) i avtalt arbeidstid for heiltids- og deltidstilsette.
Drivstoffindeksen er basert på rettleiande truckdieselpriser frå eit utval forhandlarar over heile landet for lastebiltransport og konsumprisindeks for autodiesel for varebiltransport.
Ferjekostnader og bompengar er basert på prisar for ferjeselskap og bompengeselskap henta frå Internett.
Kapitalkostnader består av avskrivingskostnader og rentekostnader. Prisutviklinga på chassis og påbygg blir innhenta frå markedsdominerande prisleverandørar. Renteutviklinga er basert på 3-måneders NIBOR-rente frå Norske Finansielle Referenser AS (NoRe) og bankenes utlånsmargin.
Øvrige kostnader er basert på
- Prisutviklingen for ulike dekktypar frå dei største merkeforhandlarane
- Administrasjonskostnader inkluderer husleige, porto, tele, papirrekvisita
- Forsikringskostnader er basert på rapportering frå forsikringsselskapa som har størst marknadsdelar innanfor næringa
- Årsavgifter og vektårsavgifter oppdaterast ved endringar i avgiftsnivåa
- Reparasjon/service følgjer utviklinga i prisindeksen for vedlikehald og reparasjon på verkstad som inngår i Konsumprisindeksen. Denne indeksen fangar opp den generelle prisutviklinga på verkstadstenester (delar og timepris) hos bilverkstader over heile landet
Utvalsprosent, dekningsgrad og standardavvik er ikkje utrekna for utvala av prisleverandører.
Se mer informasjon i dokumentasjonsrapporten Kostnadsindekser for lastebiltransport (pdf).
Følgjande skjema blir brukt:
- RA-0374. Prisar på lastebil og varebil
- RA-0374. Prisar på påbygg
- RA-0374. Prisar på lastebil- og varebilforsikring
- RA-0374. Prisar på dekk til lastebil og varebil
Skjemaa sendast ut kvartalsvis. Dei innkomne skjema dataregistrerast manuelt. I dataregistreringsrutinen er det utarbeida enkle matematiske og logiske registreringskontrollar.
Utrekninga av indeksane skjer i fire trinn:
1. Først reknast prisindeksar for representantvarer som utgjer kostnadskomponentane ut i kvar enkelt kostnadsgruppe.
2. Komponentindeksane vektast så saman til delkostnadsindeksar for kvar køyretøygruppe.
3. Deretter vektast delindeksane saman til kostnadsindeksar for kvar av dei åtte køyretøygruppene.
4. Frå og med januar 2009 vektast også kostnadsindeksane for sju av køyretøygruppene saman til ein totalindeks for lastebiltransport.
Vektene som brukast i kostnadsindeksane for kvar køyretøygruppe er rekna ut ved hjelp av ei kostnadsundersøking basert på rekneskapstal for eit utval føretak i næringa godstransport på veg. Vektene som ligg til grunn for totalindeksen er estimerte marknadsdelar for dei sju lastebiltypane det blir laga kostnadsindeksar for.
5. Kostnadsvekter for køyretøygruppene.
Gamle vekter frå 1. kvartal 2016 - 4. kvartal 2021
Nærtransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Med alle kostnadsgrupper |
Arbeidskraft | 49,5 | 60,4 | 48,0 |
Drivstoff | 18,0 | 0 | 17,5 |
Bom og ferje | 0,0 | 0 | 3,1 |
Kapital | 11,6 | 14,2 | 11,3 |
Øvrige kostnader | 20,8 | 25,4 | 20,2 |
Regionaltransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Med alle kostnadsgrupper |
Arbeidskraft | 42,8 | 54,1 | 41,0 |
Drivstoff | 20,9 | 0,0 | 20,0 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 4,2 |
Kapital | 13,7 | 17,3 | 13,1 |
Øvrige kostnader | 22,7 | 28,6 | 21,7 |
Langtransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Med alle kostnadsgrupper |
Arbeidskraft | 40,8 | 52,4 | 38,1 |
Drivstoff | 22,1 | 0,0 | 20,7 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 6,6 |
Kapital | 16,0 | 20,6 | 15,0 |
Øvrige kostnader | 21,0 | 27,0 | 19,7 |
Tank- og bulktransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Med alle kostnadsgrupper |
Arbeidskraft | 35,8 | 45,9 | 34,5 |
Drivstoff | 22,0 | 0,0 | 21,2 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 3,5 |
Kapital | 18,5 | 23,7 | 17,9 |
Øvrige kostnader | 23,7 | 30,4 | 22,9 |
Tømmertransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Med alle kostnadsgrupper |
Arbeidskraft | 33,4 | 44,2 | 32,5 |
Drivstoff | 24,6 | 0,0 | 24,0 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 2,5 |
Kapital | 21,6 | 28,6 | 21,0 |
Øvrige kostnader | 20,5 | 27,2 | 20,0 |
Anleggstransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Med alle kostnadsgrupper |
Arbeidskraft | 40,2 | 52,3 | 39,4 |
Drivstoff | 23,3 | 0,0 | 22,8 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 1,9 |
Kapital | 15,6 | 20,4 | 15,3 |
Øvrige kostnader | 20,9 | 27,3 | 20,5 |
Renovasjon | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Med alle kostnadsgrupper |
Arbeidskraft | 52,9 | 60,6 | 52,4 |
Drivstoff | 12,8 | 0,0 | 12,6 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 1,0 |
Kapital | 22,0 | 25,3 | 21,8 |
Øvrige kostnader | 12,3 | 14,1 | 12,2 |
6. Nye kostnadsvekter for køyretøytøygruppene brukt frå 1. kvartal 2022.
Anleggstransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Utan drivstoff | Totalkostnadsindeka |
Arbeidskraft | 36,5 | 49,6 | 48,2 | 35,6 |
Drivstoff | 26,5 | 0,0 | 0,0 | 26,1 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 2,8 | 2,1 |
Kapital | 16,3 | 22,1 | 21,5 | 15,9 |
Øvrige | 20,8 | 28,2 | 27,4 | 20,3 |
Langtransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Utan drivstoff | Totalkostnadsindeks |
Arbeidskraft | 37,0 | 49,5 | 44,8 | 34,2 |
Drivstoff | 25,2 | 0,0 | 0,0 | 23,8 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 9,4 | 7,2 |
Kapital | 17,3 | 23,1 | 20,9 | 15,9 |
Øvrige | 20,5 | 27,4 | 24,8 | 18,9 |
Nærtransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Utan drivstoff | Totalkostnadsindeks |
Arbeidskraft | 46,1 | 58,4 | 55,8 | 44,5 |
Drivstoff | 21,0 | 0,0 | 0,0 | 20,2 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 4,5 | 3,6 |
Kapital | 12,5 | 15,8 | 15,1 | 12,0 |
Øvrige | 20,4 | 25,8 | 24,7 | 19,7 |
Regionaltransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Utan drivstoff | Totalkostnadsindeks |
Arbeidskraft | 38,8 | 50,9 | 47,8 | 37,0 |
Drivstoff | 23,7 | 0,0 | 0,0 | 22,6 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 6,0 | 4,7 |
Kapital | 15,0 | 19,7 | 18,5 | 14,3 |
Øvrige | 22,4 | 29,4 | 27,6 | 21,4 |
Renovasjon, husholdningsavfall | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Utan drivstoff | Totalkostnadsindeks |
Arbeidskraft | 49,2 | 57,8 | 57,1 | 48,7 |
Drivstoff | 14,9 | 0,0 | 0,0 | 14,7 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 1,3 | 1,1 |
Kapital | 23,7 | 27,8 | 27,5 | 23,4 |
Øvrige | 12,2 | 14,3 | 14,1 | 12,1 |
Tank- og bulktransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Utan drivstoff | Totalkostnadsindeks |
Arbeidskraft | 32,4 | 43,2 | 41,0 | 31,2 |
Drivstoff | 24,9 | 0,0 | 0,0 | 23,9 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 5,1 | 3,9 |
Kapital | 19,6 | 26,2 | 24,8 | 18,9 |
Øvrige | 23,0 | 30,7 | 29,1 | 22,2 |
Tømmertransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Utan drivstoff | Totalkostnadsindeks |
Arbeidskraft | 29,7 | 41,0 | 39,5 | 28,9 |
Drivstoff | 27,4 | 0,0 | 0,0 | 26,7 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 3,7 | 2,7 |
Kapital | 23,3 | 32,1 | 30,9 | 22,7 |
Øvrige | 19,5 | 26,9 | 25,9 | 19,0 |
Varebiltransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Utan drifvstoff | Totalkostnadsindeks |
Arbeidskraft | 47,4 | 57,5 | 54,8 | 45,5 |
Drivstoff | 17,7 | 0,0 | 0,0 | 17,0 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 4,7 | 3,9 |
Kapital | 11,0 | 13,4 | 12,8 | 10,6 |
Øvrige | 23,9 | 29,1 | 27,7 | 23,0 |
Ikkje relevant
Bruk av innsamla data skjer i samsvar med krav i Statistikklova.
Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport har vorte utarbeida av SSB sidan januar 1998. Undersøkinga erstatta ei kvartalsvis kostnadsundersøking for lastebiltransport som blei utarbeida av Transportøkonomisk institutt (TØI) til og med 4. kvartal 1997. Frå og med juni 2008 følgjer delindeksane for løn og sosiale kostnader i kostnadsindeksen utviklinga i arbeidskraftskostnadsindeks for tilsette i føretak som driv med godstransport på veg. Indeksen måler endringar både i løn og indirekte personalkostnader. Tidlegare var berre lønsutviklinga basert på den kvartalsvise lønsstatistikken, medan endringane i dei indirekte kostnadene blei estimert som ein del av indeksutrekninga. Frå og med januar 2009 blei indeksen utrekna med nye vekter basert på rekneskapstal for 2007 og ny basismånad (januar 2009 = 100). Den gamle tidsserien med indekstal blei samstundes erstatta med ein ny tidsserie med tilbakerekna tal som var kjeda for å sikre samanlikneleg indeksutvikling før og etter endringa. Frå og med januar 2010 følgde delindeksane for reparasjons- og servicekostnader utviklinga i prisindeksen for vedlikehald og reparasjon på verkstad som inngår i Konsumprisindeksen. Denne indeksen fangar opp den generelle prisutviklinga på verkstadstenester (delar og timepris), og har ei utvikling som tilsvarer dei tidligere delindeksane for reparasjons- og servicekostnader for dei ulike lastebiltypane ved dei største merkeverkstadane over tid.
Frå og med 1. kvartal 2019 er det eit brot med tidligare publiserte indekstal. Indeksen er rekna ut tilbake til 1. kvartal 2016. 1. kvartal 2016 er sett som ny basisperiode i indeksen (1. kvartal 2016=100).
Frå og med første kvartal 2022 er Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport kjeda mot referanseperioden (Perioden der indeksen er lik 100) i staden for å kjedast mot førre kvartal. Ny referanseperiode er 4.kvartal 2021=100. Indeksen er rekna tilbake til 1. kvartal 2016 med 4.kvartal 2021=100.
Prisoppgåvene blir samanlikna mot tilsvarande oppgåver frå kvartalet før. Likevel kan det skje at oppgåvegjevar kan gje pris på ei anna vare eller teneste enn førre kvartal, og at dette blir registrert som ei prisendring. Omfanget av denne type feil verkar å vera lite i denne indeksen.
Oppgåvene er revidert ved eit sett enkle manuelle og maskinelle kontrollar. Der det er openberre feil i opplysningane blir oppgåvene korrigert. Vi reknar med at eventuelle målings- og bearbeidingsfeil ikkje har ført til systematiske feil i resultata.
Etter purring ligg svarprosenten som regel på 100 prosent. Ved partielle fråfall eller ved andre feil med reell innverknad, blir oppgåvegjevaren kontakta. I nokre tilfelle kan prisen bli lagt inn med gjennomsnittleg prisendring for andre innleverte prisar for næringa eller med kopiering av prisen for førre kvartal.
Utvalet av varer og tenester er planlagt oppdatert ved behov. Produkt og rapportørar som blir borte, blir erstatta. Det er ikkje gjort utrekningar av utvalsskeivskap i lastebilkostnadsindeksen. Internasjonale undersøkingar for andre indeksar tyder på at det er utvalet av varer og tenester som er opphavet til størst skeivskap.
Over tid vil det skje ei endring i kostnadsstrukturen til eit føretak. For å vekte prisendringar rett i Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport bør vektgrunnlaget til ei kvar tid reflektere kostnadsbiletet i føretaket. Oppfylling av dette kravet til representativitet skjer ved at vektene reviderast med jamne mellomrom. For Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport er det planlagt revisjon av vektene kvart femte år. Det er ikkje gjort utrekningar på målefeil forårsaka av ikkje-representative vekter.
Frå og med første kvartal 2022 vil kostnadsindeks for lastebil bli kjeda mot referanseperioden (Perioden der indeksen er lik 100) i staden for å kjedast mot førre kvartal. Dette er ei metodisk endring som berre får marginale konsekvensar for tala i indeksen. Årsaka til denne endringa er at Statistisk sentralbyrå meiner at dette er ein meir korrekt metode å rekna indeksen på. Med den nye metoden vil indeksen kjedast mot perioden som ligg nærast tidspunktet for utrekninga av vektene, samstundes som indeksen blir lettare å forstå for brukarane.
Ikkje relevant.