Statistikk innhold

Statistikk om

Næringar på Svalbard

Statistikken gir innsikt i utviklinga og strukturen i dei ulike næringane på Svalbard. Tala inkluderer blant anna årsverk, sysselsetting, omsetning, kostnader og investeringar, basert på innrapporterte data frå alle aktive bedrifter lokaliserte på Svalbard.

Oppdatert: 30. september 2026
Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett

Utvalde tal frå denne statistikken

  • Svalbard. Strukturstatistikk, etter næring (SN2025)
    Svalbard. Strukturstatistikk, etter næring (SN2025)
    2025
    ÅrsverkOmsetning (1 000 kr)
    I alt1 705,45 768 936
    Bergverksdrift og utvinning60,586 432
    Industri, elektrisitet, vatn og renovasjon45,3216 424
    Byggje- og anleggsverksemd161,21 016 328
    Varehandel117,1543 438
    Transport og lagring148,6939 488
    Overnattings- og serveringsverksemd327,0659 324
    Utgiving, kringkasting, innhaldsproduksjon og distribusjonsverksemd13,9:
    Informasjon, kommunikasjon, finansierings- og forsikringsverksemd68,61 049 420
    Eigedomsverksemd2,0173 635
    Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting53,576 443
    Forretningsmessig tenesteyting217,1613 312
    Offentleg administrasjon og forsvar, og trygdeordningar underordna offentleg forvalting102,943 328
    Undervisning200,5:
    Helse- og sosialtenester28,48 728
    Kulturell verksemd, idrett og fritidsaktivitetar135,7209 604
    Anna tenesteyting23,036 721
    Standardteikn i tabellar
  • Svalbard. Strukturstatistikk, etter næring (SN2025)
    Svalbard. Strukturstatistikk, etter næring (SN2025)
    2025
    BedrifterÅrsverkOmsetning (1 000 kr)Offentleg tilskot (1 000 kr)Lønskostnader (1 000 kr)Investeringar (1000 kr)
    I alt3371 705,45 768 9361 134 2611 491 869463 955
    Bergverksdrift og utvinning160,586 432-92 52810 655
    Industri, elektrisitet, vatn og renovasjon1645,3216 424:42 732:
    Byggje- og anleggsverksemd20161,21 016 328-154 75137 256
    Varehandel26117,1543 438-88 7124 896
    Transport og lagring16148,6939 488:186 881107 964
    Overnattings- og serveringsverksemd24327,0659 324:202 36620 462
    Utgiving, kringkasting, innhaldsproduksjon og distribusjonsverksemd513,9::::
    Informasjon, kommunikasjon, finansierings- og forsikringsverksemd868,61 049 420:72 38043 582
    Eigedomsverksemd392,0173 635::63 486
    Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting4953,576 443135 23569 38523 030
    Forretningsmessig tenesteyting61217,1613 31249 506151 86535 723
    Offentleg administrasjon og forsvar, og trygdeordningar underordna offentleg forvalting9102,943 328:107 59429 942
    Undervisning13200,5:282 314187 4155 398
    Helse- og sosialtenester728,48 7288 16930 930:
    Kulturell verksemd, idrett og fritidsaktivitetar33135,7209 60432 70879 7769 471
    Anna tenesteyting1023,036 721:14 013:
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 14. august 2026.

Bedrift

I Standard for næringsgruppering (SN 2025) er ei bedrift definert som ei lokalt avgrensa funksjonell eining der det hovudsakleg blir drive aktivitetar innanfor ei bestemt næringsgruppe. Den juridiske eininga er føretaket, og eit føretak kan drive ei eller fleire bedrifter.

Antal utførte timeverk

Inkluderer det samla talet arbeidstimar utførte av lønnstakarar på arbeidsplassen, både innanfor og utanfor vanleg arbeidstid. Kortare kvilepausar er inkluderte, medan tid brukt til transport mellom heim og arbeidsstad ikkje er med. Timane utførte av sesongarbeidarar tel med så lenge arbeidarar er tilsett eller engasjert direkte, det vil seie ikkje gjennom eit vikarbyrå. Eit årsverk på Svalbard er 1687 timeverk.

Sysselsetting

Med sysselsetting meiner vi summen av eigarar og lønnstakarar. Ein person kan ha fleire arbeidsforhold samstundes. Sysselsettingstal blir henta på bedriftsnivå. Opplysningar om sysselsettinga i industrien finst også i nasjonalrekneskapen, og i sysselsettingsstatistikk basert på data frå Arbeidskraftsundersøkinga (AKU) og den registerbaserte sysselsettingsstatistikken.

Omsetning

Omsetning er definert som driftsinntektene til føretaket, fråtrekt offentlege tilskot og gevinst ved sal av anleggsmiddel. Spesielle offentlege avgifter knytt til salet, og skattar og avgifter, er inkluderte i omsetninga, medan meirverdiavgift ikkje er med.

Summen av næringsoppgåvepostane

Salsinntekt og uttak, avgiftspliktigP3000
+Salsinntekt og uttak, avgiftsfrittp3100
+Salsinntekt og uttak, utanfor avgiftsområdetp3200
+Ikkje opptent inntektp3500
+Leigeinntekt fast eigedomp3600
+Leigeinntekt av rettar, jakt, fiske mv.p3650
+Annan leigeinntektp3695
+Provisjonsinntektp3700
+Annan driftsinntektp3900
=Omsetninga

Lønnskostnader

Lønn, feriepengar, honorar, arbeidsgivaravgift til folketrygda, rapporteringspliktige pensjonskostnader og andre personalkostnader for arbeid utført på Svalbard. Lønnskostnader omfattar ikkje godtgjersle til eigarar av enkeltpersonføretak eller ansvarlege selskap.

Offentlege tilskot

Gjeld mottatte løyvingar til drift og investering frå staten, Longyearbyen lokalstyre eller andre offentlege organ (til dømes Innovasjon Noreg). Blir rapportert separat i eigen rubrikk og blir ikkje summert med omsetninga.

Handelsvarer

Handelsvarer er varer som blir kjøpte inn i løpet av året for vidaresal, utan ytterlegare tilarbeiding (bortsett frå merking og innpakning).

Kjøp av varer og tenester

Med kjøp av varer og tenester blir verdien av alle varer og tenester kjøpt i løpet av året for vidaresal, til bruk i føretaket sin eigen produksjonsprosess eller for lager, rekna med. Investeringar er ikkje inkluderte i desse tala.

Investeringar

Årets investeringar i varige driftsmiddel er investeringar med levetid meir enn eitt år. Dette kan omfatte investeringar i nye og brukte kapitalvarer, og inkluderer all påbygging, endringar, forbetringar og reparasjonar som forlengjer levetida til kapitalvarer eller aukar produksjonskapasiteten deira. Kostnader til design, transport, installering og eventuelle særavgifter blir også rekna med. Meirverdiavgift som kan trekkast frå, finanskostnader og oppnådde skattefordelar (til dømes investering i meir miljøvennleg utstyr) skal ikkje reknast med, og heller ikkje varige driftsmiddel erverva gjennom omstrukturering (til dømes fusjon, overtaking, deling). Kjøpte varer blir verdsette til innkjøpspris, medan eigenproduserte varer blir verdsette til produksjonskostnader.

Offentleg sektor

Offentleg sektor kan delast inn i ein forvaltningsdel og ein føretaksdel. Forvaltninga består av myndigheitene og andre bedrifter som tar seg av eit breitt spekter av fellesoppgåver. Kommunane, sjukehusa og skolane er døme på institusjonar som inngår i forvaltninga. Den delen som kallast offentlege føretak, består av marknadsbaserte bedrifter som er eigde eller på annan måte kontrollerte av det offentlege. Mellom dei offentlege føretaka finn vi kommunalt eigde bedrifter som vassverk og avfallsdeponi, og store børsnoterte selskap der stat og kommune eig meir enn halvparten av aksjane.

Næringsgrupperinga er i samsvar med norsk Standard for næringsgruppering (SN2007) som byggjer på EUs næringsstandard NACE Rev. 2 og FNs næringsstandard ISIC Rev 4 (International Standard of Industrial Classification of all Economic Activities).

Relatert innhold