Investeringane fortset å gå ned og statistikken Næringar på Svalbard viser til ein nedgang i bruttoinvesteringar på 38 prosent frå 2024 til 2025. Dette tilsvara ein nedgang på 285 millionar.
Omsetninga går litt ned
Omsetninga går ned igjen etter 5 års oppgang og den totale omsetninga for 2025 utgjer nesten 5,8 milliardar. Denne nedgangen tilsvara 5 prosent.
Tilnærma uendra antall årsverk
Talet på årsverk er tilnærma uendra frå 2024 til 2025. Det er kun ein nedgang på eit årsverk.
Fortsatt litt sal av kull
Store Norske selde i 2025 kull for 78 millionar og det vart produsert 93000 tonn mot 120000 tonn året før.
Ein stor del av salet har tidlegare gått til kolkraftverket i Longyearbyen, men dette vart nedlagt i oktober 2023 og gruve 7 som har vore einaste aktive gruven som produserer kull vart nedlagt i juli 2025. Alt salet kull er eksportert til Nederland, Tyskland og Danmark.
