Informasjon

Skatteinngangen i 2026 påvirkes av en ny ordning for innbetaling av forskuddstrekk, som fører til en sterk engangsvekst sammenlignet med 2025.

Statistikk innhold

Statistikk om

Skatterekneskap

Statistikken viser dei akkumulerte skatteinnbetalingane ved utgangen av kvar månad. Innbetalingane er fordelte på skatt frå personar og upersonlege skattytarar, som aksjeselskap og institusjonar.

Oppdatert: 17. august 2026
Neste oppdatering: 16. september 2026

Utvalde tal frå denne statistikken

  • Innbetalt skatt hittil i år. Milliardar kroner
    Innbetalt skatt hittil i år. Milliardar kroner
    Juli 2024Juli 2025Juli 2026
    Samla innbetalingar utanom petroleum759776871
    Skatt til kommuneforvaltninga159173186
    Skatt til staten315307369
    Innbetalingar til folketrygda286295316
    Skatt på utvinning av petroleum233208175
    Tall for desember 2025 ble rettet 26.01.2026
    Standardteikn i tabellar
  • Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Akkumulert t.o.m. oppgjeven månad. Millionar kroner.
    Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Akkumulert t.o.m. oppgjeven månad. Millionar kroner.
    Juli 2024Juli 2025Juli 2026
    Fordelte skattar i alt992 551983 7021 045 919
    Ordinær skatt til staten91 53299 686119 379
    Ordinær skatt på utvinning av petroleum74 23667 89758 006
    Særskatt på utvinning av petroleum158 846140 150117 290
    Fellesskatt til staten215 326198 862242 114
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 25 78528 00330 761
    Ordinær skatt til primærkommunen132 737144 980155 561
    Medlemsavgift til folketrygda114 813119 882137 124
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 170 796175 577178 433
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar8 4808 6647 252
    Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift622 776660 341738 278
    Ordinær skatt til staten77 70087 507105 383
    Fellesskatt til staten93 73796 930125 253
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 25 56127 78330 517
    Ordinær skatt til primærkommunen131 535143 807154 245
    Medlemsavgift til folketrygda114 966120 072137 195
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 170 796175 577178 433
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar8 4818 6647 252
    Upersonlege skattytarar370 150323 918307 773
    Ordinær skatt til staten13 86012 21513 985
    Ordinær skatt på utvinning av petroleum74 23667 89758 006
    Særskatt på utvinning av petroleum158 846140 150117 290
    Fellesskatt til staten121 602102 024116 843
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 247251253
    Ordinær skatt til primærkommunen1 3601 3801 394
    Renter m.m.3 -375-556-131
    Ordinær skatt til staten3 -28-3611
    Fellesskatt til staten-13-9218
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 -23-31-10
    Ordinær skatt til primærkommunen-157-207-78
    Medlemsavgift til folketrygda-153-190-72
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 ...
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar4 -200
    1Frå og med april 1999 er skatten for Oslo fordelt på kommune og fylkeskommune.
    2Sentralt berekna arbeidsgjevaravgift for statstilsette er ikkje teken med.
    3Tvangsmulkt er teken med frå januar 2018.
    4Renteutgiftar tilknytta skatt på utbytte frå utanlandske aksjonærar teken med frå januar 2015.
    Tall for desember 2025 ble rettet 26.01.2026
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 16. mars 2022.

Skatteordningar

Fordelte skattar i alt

Summen av alle innbetalte skattar på dei ulike ordningane.

Personlege skatteytarar medrekna arbeidsgjevaravgift

Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift omfattar alle personlege skattytarar i inntektsåret. Personlege skattytarar betalar forskotsvis, enten ved forskotstrekk eller forskotsskatt. Forskotstrekk blir trekt av arbeidsgjevar før lønn blir utbetalt, og er lik forventa utlikna skatt for inntektsåret. Forskotsskatt blir betalt av formue og inntekt som ikkje det kan trekkast i på forskot.

Ordninga omfattar også arbeidsgjevaravgift som upersonlege skattytarar betalar inn, og skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar.

Upersonlege skattytarar

Ordninga omfattar alle upersonlege skattytarar, som aksjeselskap og institusjonar som blir likna som eigne skattesubjekt i året etter inntektsåret.

Renter m.m.

Ordninga omfattar til dømes renter på for seint betalt skatt, innkrevjingsinntekter og –utgifter, utgifter på grunn av avskriving m.m.

Skattearter

Ordinær skatt til staten

Ordinær skatt til staten omfattar formues- og inntektsskatt til staten frå personlege og upersonlege skattytarar. Inkluderer trinnskatt (tidlegare toppskatt) frå personlege skattytarar.

Ordinær skatt på utvinning av petroleum

Ordinær skatt på utvinning av petroleum omfattar skatt på inntekt og formue frå petroleumsutvinning og røyrleidningstransport.

Særskatt på utvinning av petroleum

Særskatt på utvinning av petroleum er skatt utover ordinær skatt på utvinning av petroleum. Særskatten er innført grunna den store meiravkastninga som er knytt til utvinning av olje og gass.

Fellesskatt til staten

Fellesskatt til staten skal betalast av alle som er pliktige til å betale inntektsskatt til kommunen. Fellesskatten er berekna på same grunnlag som inntektsskatten til kommunane.

Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)

Ordinær skatt til fylkeskommunen omfattar skatt på inntekt frå personlege skattytarar.

Ordinær skatt til primærkommunen

Ordinær skatt til primærkommunen omfattar formuesskatt og skatt på inntekt frå personlege skattytarar.

Medlemsavgift til folketrygda

Folketrygda blir mellom anna finansiert av medlemspremiar og arbeidsgjevaravgift. Medlemspremiar, eller trygdeavgift, til folketrygda blir rekna ut frå samla personinntekt. Trygdeavgift blir rekna etter tre satsar, etter om grunnlaget er løn, personinntekt frå næring eller pensjon.

Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda

Dette er ei avgift arbeidsgjevarar betalar for sine tilsette som ein del av finansieringa av folketrygda. Ho blir berekna som ein prosentsats av løn og godtgjeringar. Avgifta er differensiert slik at prosentsatsen avheng av næring og kvar arbeidsplassen er lokalisert.

Skatt til Svalbard

Skatt til Svalbard inkluderer skatt på inntekt frå personlege og upersonlege skattytarar samt medlemspremie til folketrygda. For meir informasjon, sjå Lov om skatt til Svalbard (29.11.1996).

Kreditorar

Skattekreditorane omfattar kommune, fylkeskommune, stat og folketrygd.

Ikkje relevant

Kontakt

Relatert innhold