Statistikk innhold

Statistikk om

Skatterekneskap

Statistikken viser dei akkumulerte skatteinnbetalingane ved utgangen av kvar månad. Innbetalingane er fordelte på skatt frå personar og upersonlege skattytarar, som aksjeselskap og institusjonar.

Oppdatert: 17. november 2025
Neste oppdatering: 17. desember 2025

Utvalde tal frå denne statistikken

  • Innbetalt skatt hittil i år. Milliardar kroner
    Innbetalt skatt hittil i år. Milliardar kroner
    Oktober 2023Oktober 2024Oktober 2025
    Samla innbetalingar utanom petroleum891935979
    Skatt til kommuneforvaltninga202208227
    Skatt til staten349363377
    Innbetalingar til folketrygda340363375
    Skatt på utvinning av petroleum543353309
    Standardteikn i tabellar
  • Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Akkumulert t.o.m. oppgjeven månad. Millionar kroner.
    Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Akkumulert t.o.m. oppgjeven månad. Millionar kroner.
    Oktober 2023Oktober 2024Oktober 2025
    Fordelte skattar i alt1 433 6261 287 9601 287 169
    Ordinær skatt til staten103 549116 289128 929
    Ordinær skatt på utvinning av petroleum165 001113 434101 287
    Særskatt på utvinning av petroleum377 689240 016207 329
    Fellesskatt til staten236 804235 675237 943
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 33 33933 87136 750
    Ordinær skatt til primærkommunen168 506174 473190 334
    Medlemsavgift til folketrygda146 423151 334157 431
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 193 197211 837217 308
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar9 11911 0329 859
    Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift752 613807 623852 448
    Ordinær skatt til staten89 771102 722115 078
    Fellesskatt til staten114 476123 718126 972
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 33 01733 63436 519
    Ordinær skatt til primærkommunen166 828173 231189 119
    Medlemsavgift til folketrygda146 202151 446157 592
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 193 197211 837217 308
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar9 12211 0349 859
    Upersonlege skattytarar680 449480 390434 995
    Ordinær skatt til staten14 09413 44413 734
    Ordinær skatt på utvinning av petroleum165 001113 434101 287
    Særskatt på utvinning av petroleum377 689240 016207 329
    Fellesskatt til staten122 016111 902111 014
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 254245251
    Ordinær skatt til primærkommunen1 3961 3491 380
    Renter m.m.3 565-52-274
    Ordinær skatt til staten3 -316123116
    Fellesskatt til staten31255-43
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 69-8-20
    Ordinær skatt til primærkommunen282-107-166
    Medlemsavgift til folketrygda221-112-161
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 ...
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar4 -3-20
    1Frå og med april 1999 er skatten for Oslo fordelt på kommune og fylkeskommune.
    2Sentralt berekna arbeidsgjevaravgift for statstilsette er ikkje teken med.
    3Tvangsmulkt er teken med frå januar 2018.
    4Renteutgiftar tilknytta skatt på utbytte frå utanlandske aksjonærar teken med frå januar 2015.
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 16. mars 2022.

Skatteordningar

Fordelte skattar i alt

Summen av alle innbetalte skattar på dei ulike ordningane.

Personlege skatteytarar medrekna arbeidsgjevaravgift

Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift omfattar alle personlege skattytarar i inntektsåret. Personlege skattytarar betalar forskotsvis, enten ved forskotstrekk eller forskotsskatt. Forskotstrekk blir trekt av arbeidsgjevar før lønn blir utbetalt, og er lik forventa utlikna skatt for inntektsåret. Forskotsskatt blir betalt av formue og inntekt som ikkje det kan trekkast i på forskot.

Ordninga omfattar også arbeidsgjevaravgift som upersonlege skattytarar betalar inn, og skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar.

Upersonlege skattytarar

Ordninga omfattar alle upersonlege skattytarar, som aksjeselskap og institusjonar som blir likna som eigne skattesubjekt i året etter inntektsåret.

Renter m.m.

Ordninga omfattar til dømes renter på for seint betalt skatt, innkrevjingsinntekter og –utgifter, utgifter på grunn av avskriving m.m.

Skattearter

Ordinær skatt til staten

Ordinær skatt til staten omfattar formues- og inntektsskatt til staten frå personlege og upersonlege skattytarar. Inkluderer trinnskatt (tidlegare toppskatt) frå personlege skattytarar.

Ordinær skatt på utvinning av petroleum

Ordinær skatt på utvinning av petroleum omfattar skatt på inntekt og formue frå petroleumsutvinning og røyrleidningstransport.

Særskatt på utvinning av petroleum

Særskatt på utvinning av petroleum er skatt utover ordinær skatt på utvinning av petroleum. Særskatten er innført grunna den store meiravkastninga som er knytt til utvinning av olje og gass.

Fellesskatt til staten

Fellesskatt til staten skal betalast av alle som er pliktige til å betale inntektsskatt til kommunen. Fellesskatten er berekna på same grunnlag som inntektsskatten til kommunane.

Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)

Ordinær skatt til fylkeskommunen omfattar skatt på inntekt frå personlege skattytarar.

Ordinær skatt til primærkommunen

Ordinær skatt til primærkommunen omfattar formuesskatt og skatt på inntekt frå personlege skattytarar.

Medlemsavgift til folketrygda

Folketrygda blir mellom anna finansiert av medlemspremiar og arbeidsgjevaravgift. Medlemspremiar, eller trygdeavgift, til folketrygda blir rekna ut frå samla personinntekt. Trygdeavgift blir rekna etter tre satsar, etter om grunnlaget er løn, personinntekt frå næring eller pensjon.

Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda

Dette er ei avgift arbeidsgjevarar betalar for sine tilsette som ein del av finansieringa av folketrygda. Ho blir berekna som ein prosentsats av løn og godtgjeringar. Avgifta er differensiert slik at prosentsatsen avheng av næring og kvar arbeidsplassen er lokalisert.

Skatt til Svalbard

Skatt til Svalbard inkluderer skatt på inntekt frå personlege og upersonlege skattytarar samt medlemspremie til folketrygda. For meir informasjon, sjå Lov om skatt til Svalbard (29.11.1996).

Kreditorar

Skattekreditorane omfattar kommune, fylkeskommune, stat og folketrygd.

Ikkje relevant

Kontakt

Relatert innhold