Informasjon

Skatteinngangen i 2026 påvirkes av en ny ordning for innbetaling av forskuddstrekk, som fører til en sterk engangsvekst sammenlignet med 2025.

Statistikk innhold

Statistikk om

Skatterekneskap

Statistikken viser dei akkumulerte skatteinnbetalingane ved utgangen av kvar månad. Innbetalingane er fordelte på skatt frå personar og upersonlege skattytarar, som aksjeselskap og institusjonar.

Oppdatert: 16. oktober 2026
Neste oppdatering: 17. november 2026

Utvalde tal frå denne statistikken

  • Innbetalt skatt hittil i år. Milliardar kroner
    Innbetalt skatt hittil i år. Milliardar kroner
    September 2024September 2025September 2026
    Samla innbetalingar utanom petroleum9409531 076
    Skatt til kommuneforvaltninga207225235
    Skatt til staten372354445
    Innbetalingar til folketrygda361373396
    Skatt på utvinning av petroleum291275276
    Tall for desember 2025 ble rettet 26.01.2026
    Standardteikn i tabellar
  • Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Akkumulert t.o.m. oppgjeven månad. Millionar kroner.
    Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Akkumulert t.o.m. oppgjeven månad. Millionar kroner.
    September 2024September 2025September 2026
    Fordelte skattar i alt1 231 3271 228 0131 352 054
    Ordinær skatt til staten116 386126 183149 706
    Ordinær skatt på utvinning av petroleum93 27390 24489 154
    Særskatt på utvinning av petroleum198 086185 104187 108
    Fellesskatt til staten245 036218 255286 858
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 33 60736 48938 911
    Ordinær skatt til primærkommunen173 127188 978196 491
    Medlemsavgift til folketrygda150 160156 277174 289
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 211 238216 847221 350
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar10 4129 6368 187
    Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift801 903847 311931 717
    Ordinær skatt til staten101 921114 282134 045
    Fellesskatt til staten122 790126 039159 948
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 33 37136 26438 665
    Ordinær skatt til primærkommunen171 887187 789195 168
    Medlemsavgift til folketrygda150 283156 455174 354
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 211 238216 847221 350
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar10 4149 6368 187
    Upersonlege skattytarar429 594381 060420 315
    Ordinær skatt til staten14 41811 80215 535
    Ordinær skatt på utvinning av petroleum93 27390 24489 154
    Særskatt på utvinning av petroleum198 086185 104187 108
    Fellesskatt til staten122 21092 280126 871
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 247251253
    Ordinær skatt til primærkommunen1 3601 3791 394
    Renter m.m.3 -171-35822
    Ordinær skatt til staten3 48100126
    Fellesskatt til staten36-6440
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 -11-26-7
    Ordinær skatt til primærkommunen-119-190-72
    Medlemsavgift til folketrygda-122-178-65
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 ...
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar4 -200
    1Frå og med april 1999 er skatten for Oslo fordelt på kommune og fylkeskommune.
    2Sentralt berekna arbeidsgjevaravgift for statstilsette er ikkje teken med.
    3Tvangsmulkt er teken med frå januar 2018.
    4Renteutgiftar tilknytta skatt på utbytte frå utanlandske aksjonærar teken med frå januar 2015.
    Tall for desember 2025 ble rettet 26.01.2026
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 16. mars 2022.

Skatteordningar

Fordelte skattar i alt

Summen av alle innbetalte skattar på dei ulike ordningane.

Personlege skatteytarar medrekna arbeidsgjevaravgift

Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift omfattar alle personlege skattytarar i inntektsåret. Personlege skattytarar betalar forskotsvis, enten ved forskotstrekk eller forskotsskatt. Forskotstrekk blir trekt av arbeidsgjevar før lønn blir utbetalt, og er lik forventa utlikna skatt for inntektsåret. Forskotsskatt blir betalt av formue og inntekt som ikkje det kan trekkast i på forskot.

Ordninga omfattar også arbeidsgjevaravgift som upersonlege skattytarar betalar inn, og skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar.

Upersonlege skattytarar

Ordninga omfattar alle upersonlege skattytarar, som aksjeselskap og institusjonar som blir likna som eigne skattesubjekt i året etter inntektsåret.

Renter m.m.

Ordninga omfattar til dømes renter på for seint betalt skatt, innkrevjingsinntekter og –utgifter, utgifter på grunn av avskriving m.m.

Skattearter

Ordinær skatt til staten

Ordinær skatt til staten omfattar formues- og inntektsskatt til staten frå personlege og upersonlege skattytarar. Inkluderer trinnskatt (tidlegare toppskatt) frå personlege skattytarar.

Ordinær skatt på utvinning av petroleum

Ordinær skatt på utvinning av petroleum omfattar skatt på inntekt og formue frå petroleumsutvinning og røyrleidningstransport.

Særskatt på utvinning av petroleum

Særskatt på utvinning av petroleum er skatt utover ordinær skatt på utvinning av petroleum. Særskatten er innført grunna den store meiravkastninga som er knytt til utvinning av olje og gass.

Fellesskatt til staten

Fellesskatt til staten skal betalast av alle som er pliktige til å betale inntektsskatt til kommunen. Fellesskatten er berekna på same grunnlag som inntektsskatten til kommunane.

Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)

Ordinær skatt til fylkeskommunen omfattar skatt på inntekt frå personlege skattytarar.

Ordinær skatt til primærkommunen

Ordinær skatt til primærkommunen omfattar formuesskatt og skatt på inntekt frå personlege skattytarar.

Medlemsavgift til folketrygda

Folketrygda blir mellom anna finansiert av medlemspremiar og arbeidsgjevaravgift. Medlemspremiar, eller trygdeavgift, til folketrygda blir rekna ut frå samla personinntekt. Trygdeavgift blir rekna etter tre satsar, etter om grunnlaget er løn, personinntekt frå næring eller pensjon.

Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda

Dette er ei avgift arbeidsgjevarar betalar for sine tilsette som ein del av finansieringa av folketrygda. Ho blir berekna som ein prosentsats av løn og godtgjeringar. Avgifta er differensiert slik at prosentsatsen avheng av næring og kvar arbeidsplassen er lokalisert.

Skatt til Svalbard

Skatt til Svalbard inkluderer skatt på inntekt frå personlege og upersonlege skattytarar samt medlemspremie til folketrygda. For meir informasjon, sjå Lov om skatt til Svalbard (29.11.1996).

Kreditorar

Skattekreditorane omfattar kommune, fylkeskommune, stat og folketrygd.

Ikkje relevant

Kontakt

Relatert innhold