Informasjon

Skatteinngangen i 2026 påvirkes av en ny ordning for innbetaling av forskuddstrekk, som fører til en sterk engangsvekst sammenlignet med 2025.

Statistikk innhold

Statistikk om

Skatterekneskap

Statistikken viser dei akkumulerte skatteinnbetalingane ved utgangen av kvar månad. Innbetalingane er fordelte på skatt frå personar og upersonlege skattytarar, som aksjeselskap og institusjonar.

Oppdatert: 17. april 2026
Neste oppdatering: 15. mai 2026

Utvalde tal frå denne statistikken

  • Innbetalt skatt hittil i år. Milliardar kroner
    Innbetalt skatt hittil i år. Milliardar kroner
    Mars 2024Mars 2025Mars 2026
    Samla innbetalingar utanom petroleum352365421
    Skatt til kommuneforvaltninga747995
    Skatt til staten140144170
    Innbetalingar til folketrygda139142155
    Skatt på utvinning av petroleum786871
    Tall for desember 2025 ble rettet 26.01.2026
    Standardteikn i tabellar
  • Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Akkumulert t.o.m. oppgjeven månad. Millionar kroner.
    Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Akkumulert t.o.m. oppgjeven månad. Millionar kroner.
    Mars 2024Mars 2025Mars 2026
    Fordelte skattar i alt429 762433 002491 652
    Ordinær skatt til staten41 76545 77358 950
    Ordinær skatt på utvinning av petroleum24 88322 33023 382
    Særskatt på utvinning av petroleum52 79345 94147 471
    Fellesskatt til staten96 43996 479110 919
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 12 06912 78915 716
    Ordinær skatt til primærkommunen61 85066 13979 667
    Medlemsavgift til folketrygda53 60355 24769 567
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 85 01086 30985 383
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar1 3501 996595
    Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift291 631305 968365 358
    Ordinær skatt til staten35 57739 62952 918
    Fellesskatt til staten43 14244 83162 395
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 11 92512 64315 582
    Ordinær skatt til primærkommunen61 08565 37178 942
    Medlemsavgift til folketrygda53 54255 18969 543
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 85 01086 30985 383
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar1 3511 996595
    Upersonlege skattytarar137 813126 739126 138
    Ordinær skatt til staten6 1256 0765 984
    Ordinær skatt på utvinning av petroleum24 88322 33023 382
    Særskatt på utvinning av petroleum52 79345 94147 471
    Fellesskatt til staten53 19951 56848 481
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 125127126
    Ordinær skatt til primærkommunen688698694
    Renter m.m.3 317295156
    Ordinær skatt til staten3 636949
    Fellesskatt til staten988043
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 19198
    Ordinær skatt til primærkommunen777032
    Medlemsavgift til folketrygda605825
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 ...
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar4 -100
    1Frå og med april 1999 er skatten for Oslo fordelt på kommune og fylkeskommune.
    2Sentralt berekna arbeidsgjevaravgift for statstilsette er ikkje teken med.
    3Tvangsmulkt er teken med frå januar 2018.
    4Renteutgiftar tilknytta skatt på utbytte frå utanlandske aksjonærar teken med frå januar 2015.
    Tall for desember 2025 ble rettet 26.01.2026
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 16. mars 2022.

Skatteordningar

Fordelte skattar i alt

Summen av alle innbetalte skattar på dei ulike ordningane.

Personlege skatteytarar medrekna arbeidsgjevaravgift

Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift omfattar alle personlege skattytarar i inntektsåret. Personlege skattytarar betalar forskotsvis, enten ved forskotstrekk eller forskotsskatt. Forskotstrekk blir trekt av arbeidsgjevar før lønn blir utbetalt, og er lik forventa utlikna skatt for inntektsåret. Forskotsskatt blir betalt av formue og inntekt som ikkje det kan trekkast i på forskot.

Ordninga omfattar også arbeidsgjevaravgift som upersonlege skattytarar betalar inn, og skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar.

Upersonlege skattytarar

Ordninga omfattar alle upersonlege skattytarar, som aksjeselskap og institusjonar som blir likna som eigne skattesubjekt i året etter inntektsåret.

Renter m.m.

Ordninga omfattar til dømes renter på for seint betalt skatt, innkrevjingsinntekter og –utgifter, utgifter på grunn av avskriving m.m.

Skattearter

Ordinær skatt til staten

Ordinær skatt til staten omfattar formues- og inntektsskatt til staten frå personlege og upersonlege skattytarar. Inkluderer trinnskatt (tidlegare toppskatt) frå personlege skattytarar.

Ordinær skatt på utvinning av petroleum

Ordinær skatt på utvinning av petroleum omfattar skatt på inntekt og formue frå petroleumsutvinning og røyrleidningstransport.

Særskatt på utvinning av petroleum

Særskatt på utvinning av petroleum er skatt utover ordinær skatt på utvinning av petroleum. Særskatten er innført grunna den store meiravkastninga som er knytt til utvinning av olje og gass.

Fellesskatt til staten

Fellesskatt til staten skal betalast av alle som er pliktige til å betale inntektsskatt til kommunen. Fellesskatten er berekna på same grunnlag som inntektsskatten til kommunane.

Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)

Ordinær skatt til fylkeskommunen omfattar skatt på inntekt frå personlege skattytarar.

Ordinær skatt til primærkommunen

Ordinær skatt til primærkommunen omfattar formuesskatt og skatt på inntekt frå personlege skattytarar.

Medlemsavgift til folketrygda

Folketrygda blir mellom anna finansiert av medlemspremiar og arbeidsgjevaravgift. Medlemspremiar, eller trygdeavgift, til folketrygda blir rekna ut frå samla personinntekt. Trygdeavgift blir rekna etter tre satsar, etter om grunnlaget er løn, personinntekt frå næring eller pensjon.

Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda

Dette er ei avgift arbeidsgjevarar betalar for sine tilsette som ein del av finansieringa av folketrygda. Ho blir berekna som ein prosentsats av løn og godtgjeringar. Avgifta er differensiert slik at prosentsatsen avheng av næring og kvar arbeidsplassen er lokalisert.

Skatt til Svalbard

Skatt til Svalbard inkluderer skatt på inntekt frå personlege og upersonlege skattytarar samt medlemspremie til folketrygda. For meir informasjon, sjå Lov om skatt til Svalbard (29.11.1996).

Kreditorar

Skattekreditorane omfattar kommune, fylkeskommune, stat og folketrygd.

Ikkje relevant

Kontakt

Relatert innhold