Nødvendige informasjonskapsler gjør at ssb.no fungerer og er sikkert, og kan derfor ikke velges bort. Vi har tre valgfrie informasjonskapsler som lar oss se hvor brukerne våre klikker og beveger seg på nettsiden. Informasjonen er anonym, deles aldri med andre og brukes til å forbedre ssb.no.
Justert for sesongvariasjonar gjekk talet på sysselsette opp med 43 000 personar frå mars til juni. I same periode var det berre mindre endringar i arbeidsløysa. Dei 138 000 arbeidslause i juni svarte til 4,8 prosent av arbeidsstyrken.
Ifølge sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) auka Er summen av dei sysselsette og dei arbeidslause, altså personar som tilbyr arbeidskrafta si på arbeidsmarknaden. med 48 000 personar frå mars (gjennomsnitt av februar–april) til juni (gjennomsnitt av mai–juli). Mesteparten av auken kom i form av fleire er personar som utførte inntektsgivande arbeid i minst ein time i referanseveka, samt personar som har eit slikt arbeid, men som var midlertidig fråverande grunna sjukdom, ferie, lønna permisjon eller liknande.. Auken AKU viste i Arbeidsledige er personar 15-74 år utan inntektsgivande arbeid som prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av dei siste fire vekene, og som kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker. Ufrivillig permitterte blir rekna som arbeidsledige dersom dei har vore permitterte samanhengande i minst tre månader og elles oppfyller kriteria om søking og tilgjengelegheit. frå mars til juni var innanfor feilmarginen.
- Auken i talet på sysselsette må sjåast i samanheng med at talet på ufrivillig permitterte har gått ned i same periode, seier seksjonssjef Tonje Køber.
Figur 1. Sysselsette og arbeidsstyrken (AKU). Brudd- og sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt
Linjediagram med 2 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser Månad.
Figuren har 1 Y akse som viser Tal. Dataene varierer fra 2350000 til 2896000.
Arbeidsstyrken
Sysselsette
Figur 1. Sysselsette og arbeidsstyrken (AKU). Brudd- og sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt
Dei brot- og sesongjusterte tala frå AKU viser at talet på sysselsette i juni 2021 var tilbake på omtrent same nivå som før koronakrisa byrja i mars 2020, også når ein målar det i prosent av befolkninga. Desse tala er justert med foreløpige brotanslag fordi undersøkinga frå og med 2021 har nytt spørjeskjema. Ved samanlikningar av tal før og etter brotet må ein ta omsyn til usikkerheita knytt til dei foreløpige brotanslaga, i tillegg til ordinær utvalsusikkerheit.
Mens dei brot- og sesongjusterte tala frå AKU viser sysselsetting om lag på nivå som før koronakrisa byrja, har sysselsettingstala frå Nasjonalrekneskapet for 2. kvartal vist ein noko svakare auke. I AKU tar ein utgangspunkt i befolkninga si deltaking på arbeidsmarknaden (tilbodssida) når det gjelder sysselsettinga, nærmare bestemt personar i alderen 15-74 år som er registrerte busette i Noreg. Nasjonalrekneskapet tar utgangspunkt i verksemders bruk av arbeidskraft i produksjonen av varer og tenester (etterspørselssida), noko som mellom anna betyr at personar som ikkje er registrerte busette er inkludert i sysselsettingstala frå Nasjonalrekneskapet. Sidan denne gruppa ikkje har vore påverka av den siste tidas jobbauke, viser AKU ein sterkare auke i sysselsettinga enn kjelder der denne gruppa er inkludert.
Framleis nokså høg arbeidsløyse
Frå mars (gjennomsnitt av februar–april) til juni (gjennomsnitt av mai–juli) var det berre små endringar i arbeidsløysa. Dei 138 000 arbeidslause i juni utgjorde 4,8 prosent av arbeidsstyrken, omtrent på same nivå som i dei føregåande månadene i 2021 når ein tar omsyn til utvalsusikkerheita. Arbeidsløysa auka frå eit nivå på under 4 prosent før innføringa av koronatiltaka i mars 2020 til eit nivå på over 5 prosent hausten 2020.
Figur 2. Arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken (AKU). Brudd- og sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt
Linjediagram med 181 datapunkter punkter.
Figuren har 1 X akse som viser Månad.
Figuren har 1 Y akse som viser Prosent. Dataene varierer fra 2.4 til 5.3.
Figur 2. Arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken (AKU). Brudd- og sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt
AKU viser ei noko anna utvikling i arbeidsløysa enn det NAV-tala har vist, med ein mykje lågare topp rett etter at koronakrisen byrja og med ein nokså stabil utvikling hittil i 2021. Avvik mellom dei to er ikkje unormalt, mellom anna fordi dei to kjeldene har litt forskjellige formål og heilt forskjellige måtar å innhente informasjonen på. Men det store avviket rett etter koronakrisen byrja, heng fyrst og fremst saman med at ufrivillig permitterte blir behandla ulikt i dei to kjeldene.
Justert for sesongvariasjonar gjekk talet på sysselsette opp med 43 000 personar frå mars til juni. I same periode var det berre mindre endringar i arbeidsløysa. Dei 138 000 arbeidslause i juni svarte til 4,8 prosent av arbeidsstyrken.