Artiklar om føretak

Artiklar, analysar og publikasjonar

2022

  1. No fell talet på nyetableringar Artikkel 8. november

    Det vart registrert 17 119 nye føretak i 3. kvartal 2022, ein nedgang på 5 prosent sidan 3. kvartal 2021. Med unntak av det kriseprega 2. kvartal 2020, må vi attende til 3. kvartal 2019 for å finne ei lågare etableringstakt.

  2. Mange nyetableringar trass energikrise Artikkel 11. august

    Det vart registrert 17 275 nye føretak i 2. kvartal 2022, ein nedgang på 8 prosent sidan 2. kvartal 2021. Det var likevel det nest høgaste talet registrert i noko 2. kvartal sidan målinga starta i 2001.

  3. Trått kvartal for varehandelen Artikkel 5. mai

    Det vart registrert 1 488 nye føretak innan varehandel og reparasjon av motorvogner i 1. kvartal 2022, det lågaste talet registrert i noko kvartal sidan målinga starta i 2001. Transport og lagring hadde på si side sitt sterkaste 1. kvartal.

  4. Kulturlivet augnar korona-håp Artikkel 7. februar

    Det vart registrert 1 561 nye føretak innan kultur, underhaldning og fritid i 4. kvartal 2021, det nest høgaste talet registrert i noko kvartal. Transport og lagring hadde ei like sterk utvikling, medan utviklinga i varehandelen var heller svak.

2021

  1. Talet på nye føretak flatar ut Artikkel 5. november

    Det vart registrert 18 069 nye føretak i 3. kvartal i år. Det er ei svak auke på 2 prosent frå 3. kvartal 2020, men 4 prosent færre enn førre kvartal.

  2. Nær 19 000 nye føretak i andre kvartal Artikkel 5. august

    Det vart registrert 18 837 nye føretak i 2. kvartal i år. Dette er det høgaste talet på nye føretak i 2. kvartal noko år, heile 26 prosent fleire enn i 2. kvartal 2020, men 9 prosent færre enn det førre kvartalet.

  3. Over 20 000 nye føretak i 1. kvartal Artikkel 7. mai

    Det vart registrert 20 717 nye føretak i 1. kvartal i år. Det er 13 prosent fleire enn i 1. kvartal 2020, og 6 prosent fleire enn førre kvartal. For første gong er det registrert over 20 000 nye føretak i eit kvartal.