- Det er den nest høgaste etableringstakta i noko kvartal, berre 1. kvartal 2021 låg høgare, seier seksjonssjef Erik Fjærli.

Talet på nyetableringar auka kraftig i delar av tenestenæringane. I private helse- og sosialtenester og undervisning var auka på høvesvis 45 og 29 prosent frå 1. kvartal året før, medan i «fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting», «kultur, underhaldning og fritid» og «informasjon og kommunikasjon» var auka på høvesvis 37, 33 og 31 prosent. I alle desse næringane var talet på nyetableringar enten det høgaste eller nest høgaste i noko 1. kvartal sidan den nye næringsstandarden vart innført i 2008. Offentlege helse-, sosialtenester og skular er ikkje med i tala.

- Innan helse- og sosialtenester vaks talet på nyetableringar dels som følgje av ei lovendring. Selskap som driv fleire barnehagar, måtte splitte opp i eitt føretak per barnehage innan 1/1-2023, seier Fjærli.

Innan «transport og lagring» og «omsetting av eigedom» fell talet på nyetableringar med høvesvis 26 og 13 prosent. Etableringstakta er stadig høg innan transport og lagring, målt mot perioden før pandemien, medan omsetting av eigedom ikkje har hatt eit 1. kvartal med lågare etableringsnivå sidan 2010.

Det vart etablert 2 prosent færre aksjeselskap, ein selskapsform som avgrensar risikoen for eigarane, samanlikna med 1. kvartal 2022. Talet på nye einskildpersonføretak vaks samstundes med 13 prosent. Tendensen til å velje aksjeselskap som selskapsform ligg no knapt høgare enn perioden frå og med 2012 og fram til pandemien.

Talet på nye føretak vaks med mellom 3 og 9 prosent i alle landsdelar frå 1. kvartal året før. Det var størst auke på Austlandet og lågast på Vestlandet.

 

Figur 1. Nye føretak, unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane. 1. kvartal 2001-2023

Det er eit stort etterslep i registreringa av næringa til nye føretak, og etterslepet har vore stort heilt sidan starten av pandemien. Andelen nye føretak med ukjend næring er rettnok meir enn halvert sidan toppen i 2. kvartal 2022, men den er stadig så høg at fordelinga etter næring må tolkast varsamt.