Vi må attende til 2018 for å finne ei lågare etableringstakt, om vi ser bort frå det kriseråka 2. kvartal 2020.

– Det tydar på at pandemien, om vi ser bort frå det første kvartalet då samfunnet var stengd ned, ga ein mellombels auke i talet på nyetableringar men at denne effekten no er over, seier seksjonssjef Erik Fjærli, og utdjupar: – Det er særleg etableringa av aksjeselskap, som gjekk kraftig opp under pandemien, som no er gått ned igjen. Denne selskapsforma har redusert risiko for eigarane.

Talet på nyetableringar der næringa er kjend, gjekk likevel opp med 30 prosent, grunna betre registreringsrutinar, trass i at talet på nyetableringar totalt sett gjekk ned.

– Det tek kortare tid før eit føretak får næringskode nå enn under og like etter pandemien. Auka i talet på nye føretak som vi ser i dei fleste næringar dette kvartalet, er derfor ikkje nødvendigvis reell, utdjupar Fjærli.

Innan «transport og lagring» fell likevel talet på nyetableringar med 24 prosent, og er no nede på nivået før pandemien. Det kan henge saman med at folk no har gått meir attende til å handle varer fysisk i butikk. Dermed blir mindre varer sende via lager til forbrukar.

Talet på nye føretak gjekk ned med mellom 9 og 18 prosent i alle fylke frå 2. kvartal året før, unntatt dei to nordlegaste kor etableringstakta heldt seg nokså stabil. Nedgangen var størst i Møre og Romsdal, men òg i Trøndelag og Rogaland var nedgangen ekstra stor.

Figur 1. Nye føretak, unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane. 2. kvartal 2001-2023
Søylediagram med 23 søyler.
Figuren har 1 X akse som viser Kvartal.
Figuren har 1 Y akse som viser Talet på nye føretak. Dataene varierer fra 8842 til 18837.
Highcharts.com
Figur 1. Nye føretak, unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane. 2. kvartal 2001-2023
KvartalNye føretak
2. kv. 20018 842
2. kv. 200210 671
2. kv. 20039 370
2. kv. 200410 004
2. kv. 200512 663
2. kv. 200613 156
2. kv. 200712 947
2. kv. 200813 076
2. kv. 200910 732
2. kv. 201011 456
2. kv. 201111 854
2. kv. 201213 684
2. kv. 201314 014
2. kv. 201414 037
2. kv. 201514 380
2. kv. 201614 977
2. kv. 201714 848
2. kv. 201814 738
2. kv. 201916 075
2. kv. 202014 965
2. kv. 202118 837
2. kv. 202217 275
2. kv. 202315 277

Det er eit stort etterslep i registreringa av næringa til nye føretak, og etterslepet har vore stort heilt sidan starten av pandemien. Andelen nye føretak med ukjend næring er no redusert til om lag ein tredjedel sidan toppen i 2. kvartal 2022, men fordelinga etter næring må stadig tolkast varsamt.