Mens det undervegs pandemien var ein betydeleg auke i talet på nyetableringar, er talet no på veg ned igjen. Vi må attende til før pandemien for å finne eit 4. kvartal med lågare etableringstakt. 

– Talet på nyetableringar følgjer no den underliggjande veksten dei siste 10 åra. Det er etter å ha ligge unormalt høgt under store delar av pandemien, sier seksjonssjef Erik Fjærli.

– Kva for årsaker som låg bak det høge etableringsnivået under pandemien, er eit komplekst spørsmål som krev meir undersøking. Følgjeleg er det vanskeleg å seie korleis dyr energi og generelt høgt kostnadsnivå har spelt inn på etableringstakta i 4. kvartal 2022, sier Fjærli.

Brems i transport og eigedom

Blant næringar med mange nye føretak falt talet på nyetableringar mest innan transport og lagring og omsetting av eigedom, med høvesvis 27 og 17 prosent. Men medan etableringstakta stadig er svært høg innan transport og lagring, målt mot perioden før pandemien, må vi attende til 2011 for å finne eit 4. kvartal med like få nyetableringar innan omsetting av eigedom. Innan helse- og sosialtenester voks talet på nye føretak i 4. kvartal med 20 prosent frå året før, men det heng saman med ei lovendring som gjer at selskap som driv fleire barnehagar, måtte splitte opp i eitt føretak per barnehage innan 1/1-2023.

Det vart etablert 11 prosent færre aksjeselskap, ein selskapsform som avgrensar risikoen for eigarane, samanlikna med 4. kvartal 2021. Talet på nye einskildpersonføretak fall samstundes med berre 2 prosent. Tendensen til å velje aksjeselskap som selskapsform ligg no knapt høgare enn perioden frå og med 2012 og fram til pandemien.

Talet på nye føretak fall med mellom 0,2 og 12 prosent i alle landsdelar frå 4. kvartal året før. Det var minst nedgang på Sørlandet, kor talet på nye føretak var tilnærma stabilt, og størst i Nord-Noreg.

Figur 1. Nye føretak, unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane. 4. kvartal 2001-2022

Det er eit betydeleg etterslep i registreringa av næringa til nye føretak, men klart lågare enn toppen i 2. kvartal 2022. I 4. kvartal hadde 19 prosent av dei nye føretaka ukjend næring ein dryg månad etter at kvartalet slutta. Dette er på nivå med same kvartal i 2020 og 2021, men langt høgare enn før pandemien. Andelen nye føretak med ukjend næring er stadig så høg at fordelinga etter næring må tolkast varsamt.