Det er sametingsval kvart fjerde år, samtidig med stortingsvalet. Det er 39 representantar eller mandat som blir valde inn i Sametinget. Desse blir valde frå sju valkrinsar, som dekker heile Noreg. Representantane eller mandata frå kvar valkrins blir tildelt ut frå kor mange som er førte i valmanntalet, eller registeret over dei som har røysterett i krinsen. For å røyste må ein vere ført inn i dette valmanntalet i valkrinsen sin (Sametinget, 2021).
Visste du at mange røystar på førehand i sametingsvalet? I 2025 var det 67,1 prosent førehandsrøyster i sametingsvalet.
Antal godkjende førehandsrøyster har auka mykje, frå 4 271 i 2013 til 12 795 i 2025.
Talet på personar med røysterett ved sametingsvala har også gått opp. Her ser du korleis utviklinga har vore for heile landet i dei fire siste vala.
Ved sametingsvalet i 2025 var det 19 055 personar som brukte røysteretten sin, 5 181 fleire enn i 2021.
Slik gjekk valdeltakinga opp mykje, med 5,6 prosentpoeng, frå 68,6 til 74,2 prosent. Til samanlikning var valdeltakinga ved stortingsvalet på 80 prosent.
I sametingsvalet i 2025 var valdeltakinga størst i Ávjovári valkrins (80,8 prosent) og lågast i Sørsamisk valkrins (66,2 prosent). For alle dei sju samiske valkrinsane var valdeltakinga slik:
- Østre valkrins: 80,4
- Ávjovári valkrins: 80,8
- Nordre valkrins: 79,0
- Gáisi valkrins: 72,3
- Vesthavet valkrins: 68,3
- Sørsamisk valkrins: 66,2
- Sør-Norge valkrins: 66,7
I statistikkbanken finn du ein tabell over kor mange som hadde røysterett ved sametingsvalet i 2025, og kor mange som røysta i dei ulike valkrinsane.
I gjennomsnitt var det 489 røyster bak kvar representant i Sametinget i 2025. Men kor mange røyster det er per representant frå ulike valkrinsar varierer. At det er forskjellig tal på røyster bak kvar representant i ulike valkrinsar, heng saman med storleiken på valkrinsen og valdeltakinga. Ein stor valkrins og god valdeltaking krev forholdsvis mange røyster per representant samanlikna med ein liten krins med lågare valdeltaking (Risberg, 2021).
Corneliussen, H.M. (4. desember 2025). Høyeste valgdeltakelse ved sametingsvalget siden 1993. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/valg/sametingsvalg/statistikk/sametingsvalet/artikler/hoyere-utdanningsniva-blant-dem-som-kan-stemme-ved-sametingsvalget-copy Sametinget. (2021, 29. juli). Om sametinget. Henta frå sametinget.no: https://sametinget.no/om-sametinget/om-sametinget/ Risberg, T. (2021, 27. oktober). Fleire stemmer, lågare oppslutning. https://www.ssb.no/valg/sametingsvalg/statistikk/sametingsvalet/artikler/fleire-stemmer-lagare-oppslutning Statistisk sentralbyrå. (2025, 4. desember). Sametingsvalet. https://www.ssb.no/valg/sametingsvalg/statistikk/sametingsvalet Statistisk sentralbyrå. (2025, 4. desember). Sametingsvalet. Statistikkbanktabell 05926: Sametingsvalget. Stemmeberettigede, godkjente stemmmegivninger og valgdeltakelse, etter valgdistrikt 2005 – 2025. https://www.ssb.no/statbank/table/05926/ Statistisk sentralbyrå. (2025, 27. november). Stortingsvalet. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/valg/stortingsvalg/statistikk/stortingsvalet Statistisk sentralbyrå. (2025). Fakta om valg. https://www.ssb.no/valg/faktaside/valg
No kan du løyse oppgåve B.