Valgurne med sameflagget på og stemmeseddel, illustrasjon

Du skal bruke statistikkbanken i denne oppgåva. Viss du treng opplæring i å bruke statistikkbanken, kan du finne hjelp nedst på sida.

Gå til statistikkbanktabell 05926 Sametingsvalget. Stemmeberettigede, godkjente stemmmegivninger og valgdeltakelse, etter valgdistrikt 2005 - 2025.Tabellen blir opna i eit eige vindauge. Når du er i tabellvindauget, finn du tala du skal bruke til å svare på spørsmåla 1 og 2 ved først å gjere det som står i desse tre ballpunkta: 

  • Last ned tal for statistikkvariablane «Godkjende stemmer pr. representant» for alle valkrinsar i 2025.
  • Eksporter tabellen til Excel eller eit anna format som passar for deg. Du eksporterer via funksjonen «Lagre data som» i venstre marg i Statistikkbanken.

Svar no på dei to spørsmåla:

  1. I gjennomsnitt for alle valkrinsar var det 489 røyster bak kvar representant som blei vald til Sametinget i 2025. Kva to valkrinsar kom nærast dette talet, på pluss- og minussida?
  2. Kva to valkrinsar hadde flest og færrast røyster bak representantane sine?

Om statistikkbanken

I dei to ballpunkta finn du korte rettleiingar om korleis du bruker statistikkbanken:

Viss du ønsker å lære meir om statistikkbanken før du løyser oppgåvene i dette undervisningsopplegget om sametingsval, gå til opplegget Slik finner du tall i statistikkbanken på SSB skole.

  1. I gjennomsnitt for alle valkrinsar var det 489 røyster bak kvar representant som blei vald til Sametinget i 2025. Kva to valkrinsar kom nærmast dette talet, på pluss- og minussida?

Østre valkrins var nærmast på minussida (-6 under 489), og Ávjovári valkrins var nærmast på plussida (55 over 489). 

  1. Kva to valkrinsar hadde flest og færrest røyster bak representantane sine?

Sør-Noreg valkrins hadde flest røyster bak representantane, med 578. Færrest røyster bak representantane sine hadde Sørsamisk valkrins, med 322.