Eit tips for å rekne ut svara på spørsmåla 1, 2 og 3 under er å først laste tala i figur 1 ned i eit rekneark.
Svar på desse spørsmåla:
- Kva tre parti er størst i Sametinget no?
- Kva parti var størst etter valet i 2017?
- Kva parti har hatt størst vekst i oppslutninga si frå 2021 til 2025 målt i prosentpoeng? Og kva parti har hatt størst nedgang?
1. Kva tre parti er størst i Sametinget no? Norske Samers Riksforbund, Nordkalottfolket og Arbeidarpartiet med høvesvis 38, 31,9 og 11,4 prosent av røystene. 2. Kva parti var størst etter valet i 2017? Dei same tre partia. Då fekk Norske Samers Riksforbund 31,9 prosent av røystene, mens Nordkalottfolket fekk 18,3 prosent og Arbeidarpartiet 15 prosent av røystene. 3. Kva parti har hatt størst vekst i oppslutninga si frå 2021 til 2025 målt i prosentpoeng? Og kva parti har hatt størst nedgang? Nordkalottfolket har auka si oppslutning mest i prosentpoeng, med 13,6. Den største nedgangen i prosentpoeng hadde Senterpartiet (-5,8 prosentpoeng).