Det finst også ein bokmålsversjon av dette undervisningsopplegget

Undervisningsopplegget er produsert av SSB som eit tilbod til lærarar med undervisning om demokrati og medborgarskap, og samfunnsfag/samfunnskunnskap. Vi har også undervisningsopplegg om stortingsvalet og om kommunestyre- og fylkestingsval

De kan velje å bruke ein eller fleire delar av opplegget, og i tillegg til å lese tekst, tabellar og figurar så kan elevane lære om temaa ved å løyse oppgåver. De vurderer sjølv når de ber elevane om å løyse oppgåver åleine, i par, i grupper og i heil klasse.

Viss de ønsker å lære meir om statistikkbanken før de løyser oppgåvene i dette undervisningsopplegget om sametingsval, så gå til kurset Slik finner du tall i statistikkbanken.

Lærarar kan få fasit til taloppgåvene ved å skrive til skole@ssb.no. Skriv også gjerne til oss viss de har innspel til kva vi kan forbetre i dette undervisningsopplegget, eller har andre tema de gjerne ser at SSB lagar undervisningsopplegg om.

  • Utforske og presentere fakta om sametingsvalet.
  • Kjenne til nokre sentrale utviklingstrekk ved sametingsvala.

Undervisningsopplegget er eit tilbod til lærarar med undervisning om demokrati og medborgarskap, samfunnsfag og samfunnskunnskap.

Opplegget tek utgangspunkt i læreplanen i samfunnsfag for 10. trinn (SAF01-04) og samfunnskunnskap fellesfag vg1/vg2 (SAK01-01).

Kompetansemåla

  • demokrati og medborgarskap – denne delen fra SAF01-04: I samfunnsfag handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om at elevane utviklar kunnskapar og ferdigheiter for å kunne skape og delta i demokratiske prosessar. Faget skal bidra til at elevane utviklar kunnskap om og innsikt i demokratiske verdiar og prinsipp.
  • demokrati og medborgerskap – denne delen fra SAK01-01: Forståing om samanhengane mellom rettane og pliktene til individet, slik at dei kan bli aktive medborgarar, inngår også i dette.
  • beskrive trekk ved det politiske systemet og velferdssamfunnet i Noreg i dag og reflektere over sentrale utfordringar (SAF01-04)
  • bruke samfunnsfaglege metodar og digitale ressursar i eigne undersøkingar, presentere funn ved bruk av digitale verktøy og drøfte kor gyldige og relevante funna er (SAF01-04)
  • utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar (SAK01-01)

Meld deg på nyheitsbrev og få tips om relevant innhald på ssb.no.