Sametinget/Sámediggi blei opna den 9. oktober 1989, av Kong Olav V. Dette er noko av det som blir sagt om føremålet med arbeidet i Sametinget:
– Sametinget skal styrke samenes politiske stilling og fremme samenes interesser i Norge, bidra til en likeverdig og rettferdig behandling av det samiske folket og arbeide med å legge forholdene til rette for at samene kan sikre og utvikle sitt språk, sin kultur og sitt samfunnsliv (Sametinget, 2021).
– Sametinget vil bidra til at rettighetene i FNs erklæring om urfolks rettigheter implementeres i lovverk og praktisk politikk som påvirker vår hverdag (Sametinget, 2021).
Kva Sametinget skal jobbe med og kva det kan bestemme, er heilt overordna gjeve i Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (Lovdata.no), der §2-1 mellom anna viser til at Sametinget skal jobbe med saker som dei meiner at er særleg viktige for den samiske folkegruppa. Denne paragrafen og andre i sameloven gjeld også budsjett- og avgjerdsmyndigheita som Sametinget har (Lovdata, 2022).
Korleis ser samansetninga av Sametinget ut? Det kan du finne i statistikken om sametingsval frå Statistisk sentralbyrå.
Kanskje du er oppteken av kor mange kvinner og menn som er representantar i Sametinget? Etter sametingsvalet i 2025 er 41 prosent av dei valde representantane kvinner, same andel som i 2021. Kvinneandelen var på 44 prosent etter sametingsvalet i 2017. I 2005 var 51 prosent av representantane kvinner, for seinare å falle gradvis ved vala fram til 2021. (Corneliussen, 2025)
Og korleis er partifordelinga? Vi ser på samansetninga i dei tre siste sametingsvala:
Corneliussen, H.M. (4. desember 2025). Høyeste valgdeltakelse ved sametingsvalget siden 1993. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/valg/sametingsvalg/statistikk/sametingsvalet/artikler/hoyere-utdanningsniva-blant-dem-som-kan-stemme-ved-sametingsvalget-copy Lovdata. (2022, 22 04). Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven): https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1987-06-12-56 Sametinget. (2021, 29. juli ). Om sametinget: https://sametinget.no/om-sametinget/om-sametinget/ Statistisk sentralbyrå. (2025, 4. desember). Sametingsvalet: https://www.ssb.no/valg/sametingsvalg/statistikk/sametingsvalet Statistisk sentralbyrå. (2025). Fakta om valg: https://www.ssb.no/valg/faktaside/valg Valgdirektoratet. (2025). Valgresultat. Sametingsvalg. Partifordeling. https://valgresultat.no/valg/2025/sa
No kan du løyse oppgåve A.