Valgurne med sameflagget på og stemmeseddel, illustrasjon

No kjem nokre oppsummeringsspørsmål frå dei tre delane i undervisningsopplegget. Svar på spørsmåla som høyrer til dei delane av undervisningsopplegget som de har gjennomført.

Dei tre første spørsmåla er frå filmen med digital omvising i del 3, spørsmål 4 og 5 (og spørsmål 3 igjen) frå del 2, mens spørsmåla 6, 7 og 8 er frå del 1.

  1. I kva år blei det folkevalde organet til samane, Sametinget/Sámediggi, opna?
  2. Kvar ligg det folkevalde organet til samane?
  3. Kor mange representantar er det i Sametinget?
  4. Kor mange valdistrikt er det i sametingsvala?
  5. Kor ofte og når er det val til Sametinget?
  6. Kva lov regulerer Sametingets verksemd?
  7. Kva tre parti var størst ved sametingsvalet i 2025?
  8. Kva er andelen kvinner blant Sametingets representantar etter valet i 2025?

  1. I kva år blei det folkevalde organet til samane, Sametinget/Sámediggi, opna? I 1989.
  2. Kvar ligg det folkevalde organet til samane? I Karasjok.
  3. Kor mange representantar er det i Sametinget? 39.
  4. Kor mange valdistrikt er det i sametingsvala? 7.
  5. Kor ofte og når er det val til Sametinget? Det er val til Sametinget kvart 4. år, på same dato som stortingsvalet.
  6. Kva lov regulerer Sametingets verksemd? Sametingets verksemd blir regulert av Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven). 
  7. Kva tre parti var størst ved sametingsvalet i 2025? Norske Samers Riksforbund, Nordkalottfolket og Arbeidarpartiet.
  8. Kva er andelen kvinner blant Sametingets representantar etter valet i 2025? 41 prosent.