Ny datakjelde

F.o.m. statistikkår 2023 mottek SSB data fra kommunale barnevernstenester frå to kjelder. Kommunar med gamle fagsystem rapporterer via filuttrekk og KOSTRA-portalen. Kommunar som har tatt i bruk nye fagsystem, rapporterer inn data til det nyoppretta Barnevernsregisteret (BVR) frå 01.01.2024. Rapporteringa til BVR skjer automatisk og dagleg. Krav til innhald og kontrollar er likt. I overgangen vil det likevel vere noko uvisse knytt til data.

Flyttingar blant barn i fosterheim

Forløpsstatistikk tabell 13353, er 04. juli 2024 oppdatert med tal for 2022. Den vil bli oppdatert med tal for 2023 i løpet av andre halvår 2024.

Barnevern

Oppdatert: 4. juli 2024

Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett

Barn og unge med barnevernstiltak
Barn og unge med barnevernstiltak
2023
43 954
 
Hovudtal for barnevernsstatistikken
Hovudtal for barnevernsstatistikken
202120222023
Barn med barnevernstiltak i løpet av året50 52047 03443 954
Hjelpetiltak, akuttiltak og atferdstiltak41 78938 78536 182
Omsorgstiltak8 7318 2497 772
Barn med barnevernstiltak per 31.1235 09432 27630 824
Hjelpetiltak, akuttiltak og atferdstiltak27 43625 05224 060
Omsorgstiltak7 6587 2246 764
Barn og unge med plasseringstiltak per 31. desember13 50812 98912 407
Hjelpetiltak, akuttiltak og atferdstiltak5 8505 7655 643
Omsorgstiltak7 6587 2246 764
Meldingar i løpet av året53 46849 77852 413
Undersøkingar starta i løpet av året41 93337 93639 094
Undersøkingar avslutta i løpet av året43 51438 03038 619
Tilsette i alt6 430,56 647,36 814,6
Standardteikn i tabellar

Utvalde tabellar og figurar frå denne statistikken

  • Meldingar til barnevernet etter konklusjon, alder og kjønn
    Meldingar til barnevernet etter konklusjon, alder og kjønn
    Meldingar i altHenlagtTil undersøking
    År
    202153 46811 52441 944
    202249 77811 83937 939
    202352 41312 86639 547
    Alder
    0-2 år4 9979964 001
    3-5 år7 6041 5276 077
    6-12 år21 1644 77516 389
    13-17 år17 4695 09312 376
    18-22 år...
    Uoppgitt alder...
    Kjønn
    Gutar28 0147 12420 890
    Jenter24 3995 74218 657
    Uoppgitt kjønn...
    Standardteikn i tabellar
  • Undersøkingar avslutta etter konklusjon, alder og kjønn
    Undersøkingar avslutta etter konklusjon, alder og kjønn
    Undersøkingar konkludert i altBarnevernstenesta gjer vedtak om tiltakBegjæring om tiltak for fylkesnemndaUndersøkinga lagt bort etter barnevernstenesta si vurderingUndersøkinga lagt bort etter parten sitt ønskeUndersøkinga lagt bort på grunn av flyttingUoppgitt
    År
    202143 51415 50926822 6733 8311 2330
    202238 03013 49230419 4673 2931 2680
    202338 61913 25433420 0683 2241 3290
    Alder
    0-2 år3 5571 118521 8573141930
    3-5 år5 7861 858343 1524442330
    6-12 år16 0055 7111278 1311 3225280
    13-17 år12 2144 2371146 3471 0353520
    18-22 år.......
    Uoppgitt alder.......
    Kjønn
    Gutar20 3347 01016610 5791 6846930
    Jenter18 2856 2441689 4891 5406360
    Uoppgitt kjønn.......
    Standardteikn i tabellar
  • Undersøkingar starta etter alder og kjønn
    Undersøkingar starta etter alder og kjønn
    Undersøkingar starta i løpet av året
    År
    202141 933
    202237 936
    202339 094
    Alder
    0-2 år3 962
    3-5 år5 990
    6-12 år16 169
    13-17 år12 262
    18-22 år.
    Uoppgitt alder.
    Kjønn
    Gutar20 649
    Jenter18 445
    Uoppgitt kjønn.
    Standardteikn i tabellar
  • Barn og unge med barnevernstiltak etter hjelpe- og omsorgstiltak, alder og kjønn
    Barn og unge med barnevernstiltak etter hjelpe- og omsorgstiltak, alder og kjønn
    2023Barn med barnevernstiltak i løpet av åretBarn med barnevernstiltak per 31.12
    Kjønn i altGutarJenterUoppgitt kjønnKjønn i altGutarJenterUoppgitt kjønn
    Tiltak i alt
    Alder i alt43 95423 30920 645.30 82416 38414 440.
    0-22 år........
    0-17 år36 07319 19516 878.25 28613 53411 752.
    0-2 år1 883990893.1 287668619.
    3-5 år4 0492 2031 846.2 6901 4971 193.
    6-12 år15 9108 7517 159.10 8946 0584 836.
    13-17 år14 2317 2516 980.10 4155 3115 104.
    18-22 år........
    Omsorgstiltak
    Alder i alt7 7724 0783 694.6 7643 5463 218.
    0-22 år........
    0-17 år7 0543 6993 355.6 7643 5463 218.
    0-2 år1698782.1658580.
    3-5 år449261188.435251184.
    6-12 år2 8351 4961 339.2 7341 4391 295.
    13-17 år3 6011 8551 746.3 4301 7711 659.
    18-22 år........
    Hjelpetiltak, akuttiltak og atferdstiltak
    Alder i alt36 18219 23116 951.24 06012 83811 222.
    0-22 år........
    0-17 år29 01915 49613 523.18 5229 9888 534.
    0-2 år1 714903811.1 122583539.
    3-5 år3 6001 9421 658.2 2551 2461 009.
    6-12 år13 0757 2555 820.8 1604 6193 541.
    13-17 år10 6305 3965 234.6 9853 5403 445.
    18-22 år........
    Standardteikn i tabellar
  • Barnevernstiltak per 31. desember etter tiltak
    Barnevernstiltak per 31. desember etter tiltak
    2023Barnevernstiltak per 31. desember
    Alle tiltak72 893
    Institusjon956
    Barnevernsinstitusjonar908
    Plassering i institusjon etter annan lov38
    Andre institusjonstiltak10
    Fosterheim9 749
    Fosterheim i familie og nære nettverk2 987
    Fosterheim utanom familie og nære nettverk5 691
    Statlege familieheimar375
    Fosterheim etter bvl § 6-311
    Beredskapsheim utanom familie og nære nettverk503
    Andre fosterheimstiltak17
    Tiltak for å styrke foreldreferdigheiter18 526
    MST (Multisystemisk terapi)345
    PMTO (Parent Management Training Oregon)261
    FFT (Funksjonell familieterapi)113
    Webster-Stratton - De utrolige årene4
    ICDP (International Child Development Program)64
    Marte Meo61
    Andre heimebaserte tiltak2 188
    Sentre for foreldre og barn108
    Vedtak om råd og rettleiing10 590
    Heimekonsulent/miljøarbeidar1 908
    Andre tiltak for å styrke foreldreferdigheiter2 884
    Tiltak for å styrke utviklinga til barnet26 062
    Barnehage997
    SFO/Aktivitetsskole1 597
    Fritidsaktivitetar1 240
    Økonomisk hjelp for øvrig8 711
    Besøksheim/avlastingstiltak5 831
    Støttekontakt1 921
    Samtalegrupper/barnegrupper116
    Utdanning og arbeid213
    ART1
    Andre tiltak for å styrke utviklinga til barnet5 435
    Tilsyn og kontroll3 651
    Frivillig tilsyn i heimen280
    Pålagt tilsyn i heimen127
    Tilsyn under samvær1 478
    Ruskontroll1 442
    Andre tiltak av tilsyn og kontroll324
    Nettverksarbeid/samarbeid med andre tenester10 594
    Familieråd1 067
    Nettverksmøter292
    Individuell plan48
    Deltaking i ansvarsgruppe/samarbeidsteam7 924
    Andre tiltak av nettverksarbeid/samarbeid med andre tenester1 263
    Undersøking og behandling frå andre tenester547
    Medisinsk undersøking og behandling (bvl § 4-10)63
    Behandling av barn med særlege opplæringsbehov (bvl § 4-11)2
    Psykisk helsehjelp for barn og unge196
    Andre tiltak av undersøking og behandling frå andre tenester286
    Bustad2 808
    Økonomisk hjelp til eigen bustad/hybel1 080
    Bustad med oppfølging (inkluderer bufellesskap)1 688
    Butreningskurs3
    Andre bustadtiltak37
    Standardteikn i tabellar
  • Barn og unge med tiltak i løpet av året og per 31. desember etter innvandringskategori, landbakgrunn, hjelpe- og omsorgstiltak og kjønn
    Barn og unge med tiltak i løpet av året og per 31. desember etter innvandringskategori, landbakgrunn, hjelpe- og omsorgstiltak og kjønn
    2023
    Barn med barnevernstiltak i løpet av åretBarn med barnevernstiltak per 31.12
    Kjønn i altGutarJenterUoppgitt kjønnKjønn i altGutarJenterUoppgitt kjønn
    Barn og unge i alt
    Tiltak i alt43 95423 30920 645.30 82416 38414 440.
    Omsorgstiltak7 7724 0783 694..3 5463 218.
    Hjelpetiltak, akuttiltak og atferdstiltak36 18219 23116 951.24 06012 83811 222.
    Barn og unge utan innvandrarbakgrunn
    Tiltak i alt30 87616 01414 862.21 89011 36310 527.
    Omsorgstiltak6 0133 1382 875.5 2742 7392 535.
    Hjelpetiltak, akuttiltak og atferdstiltak....16 6168 6247 992.
    Uoppgitt
    Tiltak i alt1527973.874344.
    Omsorgstiltak862.752.
    Hjelpetiltak, akuttiltak og atferdstiltak1447371.803842.
    Innvandrarar
    Tiltak i alt6 5663 8072 759.4 6672 7021 965.
    Omsorgstiltak717361356.579302277.
    Hjelpetiltak, akuttiltak og atferdstiltak5 8493 4462 403.4 0882 4001 688.
    Norden utenom Norge, EU/EFTA, Storbritannia, USA, Canada, Australia, New Zealand
    Tiltak i alt1 102564538.755368387.
    Omsorgstiltak1276760.1025745.
    Hjelpetiltak, akuttiltak og atferdstiltak975497478.653311342.
    Europa utenom EU/EFTA og Storbritannia, Afrika, Asia, Amerika utenom USA og Canada, Oseania utenom Australia og NZ, polare områder
    Tiltak i alt5 4643 2432 221.3 9122 3341 578.
    Omsorgstiltak590294296.477245232.
    Hjelpetiltak, akuttiltak og atferdstiltak4 8742 9491 925.3 4352 0891 346.
    Norskfødde med innvandrarforeldre
    Tiltak i alt6 3603 4092 951.4 1802 2761 904.
    Omsorgstiltak1 034573461.904500404.
    Hjelpetiltak, akuttiltak og atferdstiltak5 3262 8362 490.3 2761 7761 500.
    Norden utenom Norge, EU/EFTA, Storbritannia, USA, Canada, Australia, New Zealand
    Tiltak i alt969507462.575300275.
    Omsorgstiltak924349.894247.
    Hjelpetiltak, akuttiltak og atferdstiltak877464413.486258228.
    Europa utenom EU/EFTA og Storbritannia, Afrika, Asia, Amerika utenom USA og Canada, Oseania utenom Australia og NZ, polare områder
    Tiltak i alt5 3912 9022 489.3 6051 9761 629.
    Omsorgstiltak942530412.815458357.
    Hjelpetiltak, akuttiltak og atferdstiltak4 4492 3722 077.2 7901 5181 272.
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Statistikken gir tal for den kommunale barnevernstenesta. Tala omfattar alle meldingar, undersøkingar og tiltak, og barn og unge dette gjeld. Målgruppa for barnevernet sitt arbeid er barn og unge i alderen 0–24 år. Det er òg tal for tilsette i barnevernstenesta, resultat og fullføring i grunnopplæringa og status etter avslutta grunnskole, samt forløpstal for flyttingar blant barn som har bodd i fosterheim i løpet av året.

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 3. juli 2024.

Meldingar: Barnevernstenesta skal snarast, og seinast innan ei veke, gå gjennom meldingar dei har motteke og konkludere om meldinga skal leggjast bort eller om dei skal starte ei undersøking. Meldingar som kjem til barnevernstenesta og som blir lagde bort, og ikkje fører til undersøking, vart fram til 2013 ikkje innhenta av SSB. Frå 2020 innhenter SSB også meldingar for barn som allereie er i undersøking eller mottek tiltak. Desse meldingane er ikkje inkluderte i statistikkbanktabellane under overskrifta "Meldingar", her er berre meldingar for "nye" barn med for å behalde tidsseriane. Men i tabellane 12189 og 14350 under overskrift "KOSTRA" er alle meldingane inkluderte.

Undersøkingar: Barnevernstenesta har rett og plikt til å starte ei undersøking når det er rimeleg grunn til å tru at barn lever under slike høve at det kan bli aktuelt med tiltak etter lov om barneverntjenester. Frå 2013 blir alle undersøkingar innhenta av SSB, før det er det slik at dersom barnevernstenesta gjer fleire undersøkingar om same barn, er det enten den undersøkinga som førte til vedtak om tiltak eller den første undersøkinga i statistikkåret som vart registrert.

Hjelpetiltak: Frå 04.07.2024 er teksten for variabelen i statistikkbanktabellane endra navn til: Hjelpetiltak, akuttiltak og atferdstiltak. Men i overskrifter brukes fortsatt hjelpetiltak. Definert som hjelpetiltak i SSBs barnevernsstatistikk er alle tiltak som ikkje er heimla som omsorgstiltak. Det vil seie at tiltak heimla som hjelpetiltak, akuttiltak og åtferdstiltak er definerte som hjelpetiltak. (Unntak er tala i statistikkbanktabell 12845). Tiltaka kan både være basert på samtykke eller vere pålagde gjennom tvangsvedtak i barneverns- og helsenemnda.

  • Hjelpetiltak er i barnevernslova (2021) heimla i § 3-2 (tidlegare bvl § 4-4) og inneber at barnevernstenesta tilbyr og sett i verk tiltak som skal vere egna til å møte barnet og foreldra sine behov og bidra til positiv endring hos barnet eller i familien. Eksempler på hjelpetiltak er råd og rettleiing fra barnevernstenestene, besøksheim og støttekontakt. Hjelpetiltak kan også vere frivillig plassering i fosterheim eller barnevernsinstitusjon.
  • Akuttiltak er heimla i barnevernslova § 4-1 til § 4-5 (tidlegare bvl § 4-6 første og andre ledd, § 4-25 andre ledd og § 4-9 første ledd) og inneber at barn blir flytta ut av heimen dersom dei står i fare for å bli vesentleg skadelidande om vedtaket ikkje blir gjennomført raskt.
  • Åtferdstiltak er heimla i barnevernslova § 6-1 og § 6-2 (tidlegare bvl § 4-24 og 4-26), og inneber at eit barn kan plasserast i institusjon dersom barnet har vist alvorlege åtferdsvanskar, enten i form av rus, kriminalitet eller ved annan form for utprega normlaus åtferd.

Omsorgstiltak: Omsorgstiltak er etter lov om barnevern grunngjeve i § 5-1 (tidlegare bvl § 4-12). Alle vedtak om omsorgsovertaking og å plassere barn til oppfostring borte frå heimen skal avgjerast i barneverns- og helsenemnda (tidlegare fylkesnemnda). Omsorgstiltak er tiltak heimla i § 5-1 som til dømes beredskapsheim, fosterheim, barnevernsinstitusjon, andre behandlingsinstitusjonar eller andre plasseringstiltak borte frå heimen. Når det er gjort eit vedtak om omsorgsovertaking og barnet er under omsorg av barnevernet skal alle tiltak barnet har registrerast som omsorgstiltak.

Fram til 2013 rapporterte kommunane sjølv om eit tiltak var omsorgstiltak, frå 2013 registrerer SSB om det er hjelpe- eller omsorgstiltak vha. lovheimel på tiltaket. Dersom lovheimel er enten § 5-1 i ny barnevernslov (2023) eller frå tidlegare bvl §§ 4.8.2, 4.8.3 eller startar med 4.12, eller paragraf er §§ 4.8., 4.8.0, 4.8.1 og jamfør paragraf startar med 4.12 definerer SSB tiltaket som eit omsorgstiltak. Tiltak med andre lovheimlar vert talte som hjelpetiltak.

Ettervern: I 1998 blei barnevernloven endra slik at tiltak som blir starta før barnet er 18 år, kan fortsette eller bli erstatta med andre hjelpetiltak dersom barnet gir sitt samtykke til dette. Slike tiltak kan fortsette til barnet blir 23 år, og eit fellesomgrep for tiltak i aldersgruppa 18-22 år er ettervern. Frå statistikkår 2021 kan barnevernet vidareføre tiltak fram til 25 år. Og aldersgruppa for såkalt ettervern er utvida til 18-24 år.

Nye barn i barnevernet: Alle barn med tiltak frå barnevernet i statistikkåret som vi ikkje finn att i barnevernsstatistikken året før, blir definert som "nye barn" med tiltak. Det vil seie at sjølv om barnet blir registrert som nytt barn i barnevernsstatistikken, kan det hende at barnet har motteke hjelp tidligare. Fullstendig fødselsnummer er her nøkkelen til å skilje ut kven som er nye barn i barnevernet.

Tilsette vert registrerte i desse utdanningskategoriane: sosionomar, barnevernspedagogar, anna høgskule-/universitetsutdanning, kontor-/merkantilutdanning, anna utdanning/ufaglært.

Organisering: Her vert det registrert dersom barnevernstenesta er organisert i eit vertskommunesamarbeid og/eller som ein del av NAV.

Kvalitetsindikatorar: Her vert det registrert om barnevernstenesta har eit system for brukarundersøking, om dei har nytta brukarundersøking i statistikkåret og om barnevernstenesta har internkontroll.

Utdanning - barnevern

Standpunktkarakterar: Viser til karakter som vert gjevne ved avslutning av opplæringa i faget, jamfør læreplanverket, og som skal førast på vitnemålet. Standpunktkarakteren må baserast på eit vidt vurderingsgrunnlag som samla viser kompetansen eleven har i faget. Eleven skal ha moglegheit til å forbetra kompetansen sin i faget inntil standpunktkarakteren er fastsett. Karakterskalaen går frå 1-6, kor 6 er høgaste karakter.

Grunnskolepoeng: Kan sjås som eit samla mål for alle karakterane. Dei oppsummerer alle elevens resultat i forskjellige fag, og med på å danna grunnlaget for opptak til vidaregåande skole. Poenga blir utrekna på følgjande måte: Kvar talkarakter (standpunkt eller eksamenskarakter) får tilsvarande poengverdi som karakteren. Poengsummen får ein ved å summera alle talkarakterane, og deretter dele på antall karakterar. Dette gjennomsnittet, med to desimalar, multipliserast med 10.

Ein liten del av elevane som avsluttar grunnskolen får ikkje berekna grunnskolepoeng. Dette er elevar som av ulike årsaker manglar karakterar i over halvparten av faga.

Foreldras høgaste fullførte utdanning: Basert på tal frå Nasjonal Utdanningsdatabase (NUDB). Det er dei nye nivådefinisjonane av Befolkningens utdanningsnivå som vert nytta. Den av foreldra som har høgast utdanningsnivå definerer foreldras høgaste fullførte utdanning.

Todelt utdanningsprogram: Utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring er delt inn i studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram.

Studieførebuande inkluderer følgjande utdanningsprogram: Idrettsfag, musikk dans og drama, studiespesialisering og frå hausten 2016 medium og kommunikasjon og kunst, design og arkitektur.

Yrkesfag inkluderer følgjande utdanningsprogram: Bygg- og anleggsteknikk, design og handverk, elektro og datateknologi (tidlegare elektrofag), helse- og oppvekstfag, medium og kommunikasjon (gamal ordning), naturbruk, restaurant- og matfag, service og samferdsel, teknologi- og industrifag (tidlegare teknikk og industriell produksjon), og frå hausten 2020 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign, handverk design og produktutvikling, sal, service og reiseliv og informasjonsteknologi og medieproduksjon.

Fullført og bestått med studie- eller yrkeskompetanse: Ein person reknast som å ha fullført og bestått den vidaregåande opplæringa med studie- eller yrkeskompetanse når eleven/lærlingen er registrert med bestått Vg3/fag- og sveineprøve, og/eller er registrert med vitnemål i Nasjonal Vitnemålsdatabase. Personar som enten har avlagt eksamen eller er i gong med fag på universitet/høgskole, er i statistikken behandla som at dei har fullført og bestått vidaregåande opplæring. Sjå statistikken «Gjennomføring i vidaregåande opplæring» for nærare omtale av dei ulike fullføringskategoriane.

Status etter avslutta grunnskole, tilknyting til arbeid, utdanning og velferdsordningar: Status for den enkelte person sitt forhold til utdanning, arbeidsmarknad og ytingar. Status vert prioritert i følgjande rekkjefølge: Nåverande høgare utdanning (universitet- eller høgskole), nåverande lågare utdanning (grunnskole, vidaregåande skole eller fagskole), sysselsetting, om ein tek imot helserelaterte ytingar, andre ytingar, død/utvandra og anna. Prioriteringa av status er ulik prioriteringa av arbeidsmarknadsstatus i statistikken «Tilknytning til arbeid, utdanning og velferdsordninger».

Forløp - barnevern

Forløp: utvikling i barnets tilstand over tid. Barnets forløp i barnevernet vil bestå av en rekke hendelser og intervaller mellom disse. For at noe skal defineres som forløp, må det ha den egenskapen å endres over tid, være entydig definert, samt ha dateringer for tilstandens start og slutt, eventuelt for endringer i tilstanden underveis. For eksempel vil alle tiltaksregistreringer for et barn i barnevernstjenesten utgjøre barnets tiltaksforløp i barnevernet.

Forløpsdata: bearbeidede data fra barnevernstjenesten, som har gjennomgått logiske og faglige tilpasninger/endringer og er organisert etter en valgt datamodell som tilfredsstiller krav for modellering av forløp. Forløpsdata utgjør til sammen en komplett tidslinje for barnets forløp i barnevernet, som gjør det mulig å følge individer, grupper av individer eller forløpstilfeller over tid, uavhengig av om disse tilhører samme eller ulike statistikkårganger. Les mer om forløp i Forløp i barnevernsdata, 2013 - 2019 (Beyrer, 2021) på SSB sine sider.

Fosterhjem: et privat hjem som tar vare på barn som ikke kan bo hos foreldrene sine. Les mer om ulike typer fosterhjem på Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet’s (Bufdir) sine sider.

Fosterhjem utenom familie og nære nettverk: den vanligste type fosterhjem, der fosterforeldre er ikke i slekt med barnet og tilhører heller ikke barnets nære nettverk. Fosterforeldre samarbeider med barnevernstjenesten i kommunen, og i de fleste tilfellene med barnets familie, om barnets behov og barnets fremtid.

Fosterhjem i familie og nære nettverk: et fosterhjem som er rekruttert blant barnets slekt eller nettverk.

Beredskapshjem: et fosterhjem som er engasjert for å ta imot barn og unge på kort varsel som følge av en akuttsituasjon. Et beredskapshjem er en familie med eller uten hjemmeboende barn hvor den ene voksne har oppdrag som omsorgsperson på fulltid. Beredskapshjemmet skal ha omsorgen for barn og unge i en kort periode inntil en annen og mer varig løsning i fosterhjem eller institusjon er funnet, eller til de flytter tilbake til foresatte.

Flytting: ei endring i type plasseringstiltak blir talt som ei flytting. Dersom eit barn kjem heim igjen for så å flytte til eit nytt plasseringstiltak blir dette talt som to flyttingar. Det er to unntak: første plassering utanfor heimen reknast ikkje som ei flytting, det same gjeld viss barnet returnerer heim utan det blir plassert utanfor heimen på nytt. Det statistiske grunnlaget SSB har gjer det umogleg å identifisere alle flyttingar heilt presist.

Plasseringstiltak: barnevernstiltak om institusjons- eller fosterhjemsplassering (tiltakskodene 1,2), i tillegg til dem som har et tiltak om bolig med oppfølging (tiltak 8.2). Se oversikt over tiltakskodene.

Antall år siden første plassering: hvor lenge siden barnet ble plassert utenfor hjemmet for første gang (etter første registrerte plasseringstiltak).

Observasjonsperiode: tidsperiode statistikken lages for. I forløpsstatistikken er det mulig å se alle dataene for en person tilbake til 2014. Det er derfor mulig å gjennomføre opptellinger tilbake i tid med utgangspunktet i statistikkåret: for siste året, to siste årene, te siste årene og så videre.

Ikkje relevant

Namn: Barnevern
Emne: Sosiale forhold og kriminalitet

Foreløpig ikkje fastsett

Seksjon for helse-, omsorg- og sosialstatistikk

Tal for heile landet, landsdelar, barnevernsregionar, fylke, kommunar og bydelar i Oslo.

Ureviderte kommunetal vert publisert i KOSTRA 15. mars kvart år.

Reviderte kommunetal vert publisert i KOSTRA 15. juni kvart år.

Meir detaljert statistikk på landsnivå vert publisert årleg i månadsskiftet juni/juli.

Utdanning – barnevern
Tal for personar med barnevernstiltak så langt i livet, karakterar ved avslutta grunnskole, overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring, gjennomføring i vidaregåande opplæring og status for elevar 22 år eller yngre etter avslutta grunnskole publiserast i andre halvår.

Forløp – barnevern
Forløpsstatistikk på barnevernsområdet publiseres i august hvert år, etter at landsdekkende årlig statistikk på barnevernsområdet er publisert i månedsskiftet juni/juli.

Nordisk sosialstatistikkomite (NOSOSKO)

SSB har årgangsfiler og filforklaringar.

Årsfilene og forløpsfila er tilgjengelege for forskning via https://www.ssb.no/data-til-forskning

Barnevernsstatistikken vart første gong publisert i 1900, og var fram til 1954 ein summarisk statistikk laga på bakgrunn av årsmeldingar frå verjeråda. Fram til 1915 blei statistikken laga av Kirke- og undervisningsdepartementet, seinare av Statistisk sentralbyrå. Frå 1954 har barnevernsstatistikken blitt laga på bakgrunn av årlege oppgåver frå kommunane. Den store omlegginga kom på 1990-talet. Frå og med 1992 blei dataomfanget sterkt utvida, og omlegginga førte til brot i nokre av tidsseriane, blant anna for talet på "nye" barnevernsklientar. Tal på nye klientar frå før og etter 1992 kan ikkje samanliknast direkte. I 1993 blei registreringsskjemaet endra som følgje av ny barnevernlov. Den nye lova opna for at barn kan plasserast utanfor heimen utan at fylkesnemnda først må ha fatta vedtak om å ta over omsorgen. Talet på barn under omsorg frå og med 1993 kan derimot jamførast.

Frå og med 1997 blei meldingar til barnevernet tatt ut. No vart det berre registrert informasjon om kven som meldte saka og innhaldet i meldinga, for dei barna kor barnevernstenesta startar eller avsluttar undersøking i statistikkåret.

I 1998 blei det vedteke ei endring i lov om barneverntjenester frå 1993. Alderen på barn og unge som kan få ettervern vart auka frå 18-20 år til 18-22 år. Dermed blei aldersgruppa omfatta av statistikk om barnevern endra.

I 2002 var det ei større omlegging av barnevernsstatistikken. No kom KOSTRA-funksjonane 251 og 252 med i rapporteringsgrunnlaget.

Frå og med 2007 blei Kostra-skjema 15 Barnevern, endra. Talet på tiltakskategoriar blei utvida.

Frå og med 2013 er rapportering av 15 Barnevern endra. Skjema er ikkje lenger tilgjengeleg, det er berre mogleg å levere filuttrekk frå fagsystemet. Meldingar og alle undersøkingar skal no rapporterast, tidlegare vart berre ei undersøking per barn rapportert. Talet på tiltakskategoriar er utvida, og det er innført 8 hovedkategoriar av tiltak med underkategoriar. SSB registrerer no om det er hjelpe- eller omsorgstiltak vha. lovheimel på tiltaket, og om tiltaket er funksjon 251 eller 252 vha. tiltakskategori. Tidlegare rapporterte kommunane dette sjølv.

Frå og med 2010 vart tilsette i barnevernet inkludert i den generelle barnevernsstatistikken. Tidlegare vart denne publisert for seg sjølv http://www.ssb.no/barnevernp/ .

Statistikk over personell i sosialkontortenesta, som er ein summarisk statistikk, vart første gong innsamla i 1984. Det var først i 1991 at tilsette i barnevernet vart skilt ut. Frå og med 1992 er barnevernet skilt ut som ei eiga teneste, og frå no registrerer ein stillingar etter utdanning omrekna til heile stillingar, og i tillegg talet på ledige stillingar per 31.12. Frå 2012 er også stillingar knytt til funksjon rapportert eksplisitt i tillegg til stillingar på funksjon 244, og frå 2013 er stillingar knytt til funksjon 252 tatt med.

Opplysningar om organisering og samarbeid vart første gong publisert i 1993. Kvalitetsindikatorane for barnevernstenesta vart første gong publisert i 2006.

Utdanning – barnevern
Tal for personar med barnevernstiltak så langt i livet, karakterar ved avslutta grunnskole, overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring, gjennomføring i vidaregåande opplæring og status etter avslutta grunnskole vart publisert hausten 2021, for statistikkåra 2018-2020, for første gong. Tabellane er finansiert av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Forløp – barnevern
Offisiell forløpsstatistikk på barnevernsområdet ble første gang publisert 19.11.2021. Utviklingen av forløpsstatistikk på barnevernsområdet er finansiert av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Forløpsstatistikken i tabell 13353 i statistikkbanken har som formål å presentere tall på flyttinger blant barn (0 – 17 år), som har bodd i fosterhjem i løpet av statistikkåret. Statistikken presenteres etter fosterhjemstype, aldersgrupper, antall år siden første plassering og observasjonsperioder. Tabellen gir blant annet mulighet til å kunne sammenligne utviklingen for visse grupper barn over tid og mellom ulike populasjoner.

Brukarar: Barne- og familiedepartementet, andre departement, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Statens helsetilsyn, Statsforvaltaren, fylka og kommunar, forskingsinstitusjonar, media og studentar.

Bruksområde: Offentleg planlegging, forsking og utgreiing, utdanning og offentleg debatt.

Eksterne brukarar har tilgang til statistikk når den er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Statistikken kan sjåast i samanheng med barnevernsinstitusjonsstatistikken. Det er ulike kjelder til desse statistikkane, slik at talet på barn og unge med tiltaket barnevernsinstitusjon er ulikt. Likevel kan institusjonsstatistikken gje detaljar om dei barn og unge som i barnevernsstatistikken står som mottakarar av tiltaket barnevernsinstitusjon.

Utdanning – barnevern
Tal for karakterar ved avslutta grunnskole, overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring, gjennomføring i vidaregåande opplæring og status etter avslutta grunnskole publiserast også i andre statistikkar basert på dei same datakjeldene. Likevel vil ikkje tala være heilt samanliknbare med dei andre årlege registerbaserte statistikkane. Det er fleire grunnar til dette:

  • Forskjellar i avgrensing av populasjonen: Det er gjort ei aldersavgrensing på 22 år eller yngre for tala nemnt ovanfor. I statistikken «Karakterer ved avsluttet grunnskole» er avgrensinga under 17 år. For «Gjennomføring i videregående opplæring» inkluderast alle aldersgrupper. For tala under «Status for elevar 22 år eller yngre etter avslutta grunnskole» er det selektert på elevar (22 år eller yngre) som avslutta grunnskole 6 eller 10 år tidlegare. I statistikken «Tilknytning til arbeid, utdanning og velferdsordninger» brukes aldersgruppa 15 år og over.
  • Det er brukt bustadsfylke i tabellane: I statistikkene «Karakterer ved avsluttet grunnskole» og «Gjennomføring i videregående opplæring» er tabellane publisert etter skolefylke.
  • Ulik prioritering av status: I System for persondata (SFP) og statistikken «Tilknytning til arbeid, utdanning og velferdsordninger» prioriterast status annleis samanlikna med tabellane innunder «Barnevern», sjå om statistikken. Blant anna prioriterast sysselsetjing framfor utdanning. For korleis status prioriterast i tabellane som knyttast til barnevernstiltak, sjå definisjonar.

Forløp – barnevern
Forløpsstatistikken på barnevernsområdet tar utgangspunkt i statistikkgrunnlaget for barnevernsdata. Dataene blir så bearbeidet med tanke på forløp og eventuelle rettelser blir gjort utover det som er vanlig for publisering av nasjonale tall gjennom året og per 31.12. Derfor kan eventuelle summer presentert i forløpstabeller avvike noe fra de øvrige tallene på barnevernsområdet. Antallet barn forventes å være i samme størrelsesorden som i barnevernsstatistikken ved felles kategoriinndeling.

Oppgåvene vert henta inn av Statistisk sentralbyrå for Barne- og familiedepartementet med heimel i lov 18. juni 2021 nr. 97 om barnevern § 16-2 andre ledd. Statistisk sentralbyrå vil i medhald av lov 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå § 10 (1) nytte oppgåvene til utarbeiding av offisiell statistikk.

Ikkje relevant

Statistikken inneheld opplysningar om; startdato og avslutningsdato for undersøking, kven som melde saka som førte til undersøking, saksinnhaldet i meldinga, og resultatet av undersøkinga. For barn som har motteke tiltak i statistikkåret, registrerer ein om barnet hadde hjelpetiltak og/eller omsorgstiltak, om tiltaket var i familien (funksjon 251) og/eller utanfor familien (funksjon 252), kva slag tiltak og talet på månader tiltaket har vore i gong i statistikkåret. Ein registrerer om foreldra er blitt fråtekne ansvaret for barnet i statistikkåret, om barnet er plassert utanfor heimen i statistikkåret, samt grunnlag for vedtak om tiltak. Frå 2013 inneheld statistikken opplysningar om start- og sluttdato for melding, kven som melde og innhaldet i meldinga, og resultat av meldinga. Start- og sluttdato, og grunnlag for vedtak om tiltak for undersøkingar. Start- og sluttdato, lovheimel, grunnlag for oppheving av omsorgstiltak, og type tiltak for alle tiltak som har vore i gang i statistikkåret. Start- og sluttdato samt eventuell dato for evaluering av plan, og type plan.

Barnevernsstatistikken vert i hovudsak utarbeidd på bakgrunn av registreringar gjort av barnevernstenesta i deira fagprogram. Dei kommunane som ikkje har fagprogram, sendte inn elektroniske skjema fram til 2013. Alle barn som er under undersøking og/eller barn med tiltak etter lov om barneverntjenester i statistikkåret er med i filuttrekket/skjema til SSB frå den kommunale barnevernstenesta. Frå 2013 er også alle meldingar til barnevernet med i rapporteringa. Barnet er eining i statistikken og det blir nytta fullt fødselsnummer. Ein kan setja i verk tiltak for barn under 18 år, eller forlenge eit tiltak som er i gong, fram til barnet fyller 25 år, dersom det samtykkjer i dette. Den øvre aldersgrensa er endra frå 23 år til 25 år frå 1.1.2021 (statistikkåret 2021).

Registrering av tilsette i barnevernstenesta, organisering og samarbeid i det kommunale barnevernet og kvalitetsindikatorar, vert gjort i KOSTRA-skjema 8 som alle kommunar skal rapportere. Tilsette skal registrerast per 31.12. i statistikkåret etter utdanning. Frå 2013 omfattar skjema 8 tilsette på alle funksjonane knytt til barnevern, som er 244, 251 og 252.

Filuttrekk frå den kommunale barnevernstenesta sine fagprogram innrapportert via KOSTRA-portalen er datagrunnlaget t.o.m. statistikkår 2022. Dei få kommunane som ikkje hadde fagprogram, sendte inn elektroniske skjema frå SSB sine websider fram til 2013.

F.o.m. statistikkår 2023 mottek SSB data fra kommunale barnevernstenester frå to kilder. Kommunar med gamle fagsystem rapporterer via filuttrekk og KOSTRA-portalen. Kommunar som har tatt i bruk nye fagsystem, enten Flyt Barnevern (Visma) eller Modulus Barn (Netcompany), rapporterer inn data til det nyoppretta Barnevernsregisteret (BVR) frå 01.01.2024. Rapporteringa til BVR foregår automatisk og dagleg.

Innrapporteringskrava til BVR er dei same som krava for Kostra-rapporteringa til SSB og kommunane si halvårsrapportering til Statsforvaltar og Bufdir. Det nye registeret og innrapporteringsstrukturen gjer det mogleg å legge til rette for effektiv rapportering av data frå kommunane til staten og betre data til bruk i kunnskapsbygging gjennom statistikk og analysar.

Bufdir definerer kva data dei kommunale barnevernstenestene skal avlevere til staten gjennom ei skjemadefinisjonsfil (*xsd-fil). Statistisk sentralbyrå skal utvikle og drifte registeret og rapporteringsløysinga på vegne av Bufdir. Bufdir vil ha tilgang til opplysningane i barnevernsregisteret til bruk i eigen statistikkproduksjon.

Tilsette vert innhenta frå den kommunale barnevernstenesta som sender inn elektroniske skjema frå SSB sine websider.

Opplysningar om økonomi er henta frå kommunerekneskapet.

Befolkningsdata per 1.1. påfølgjande år vert brukt for å rekne ut per 1 000 tal.

Ikkje utval. Statistikken skal innehalde alle barn med barnevernstiltak og/eller undersøking og/eller melding i statistikkåret. Og alle tilsette knytte til funksjon 244 Barnevernsteneste, samt funksjon 251 Barnevernstiltak når barnet ikke er plassert av barnevernet f.o.m. statistikkåret 2012, og funksjon 252 Barnevernstiltak når barnet er plassert av barnevernet f.o.m. statistikkåret 2013.

Utdanning – barnevern
Tal for personar med barnevernstiltak så langt i livet, karakterar ved avslutta grunnskole, overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring, gjennomføring i vidaregåande opplæring og status for elevar 22 år eller yngre etter avslutta grunnskole kjem frå ei rekke ulike kjelder:

Personar med barnevernstiltak så langt i livet. Kjelde for barnevernsopplysningar i datagrunnlaget er eit uttrekk frå barnevernshistorikkfila. Ei historikkfil som inneheld opplysningar om alle barn som hadde omsorgs- og/eller hjelpetiltak i kvart år frå 1993 til siste statistikkår, inkludert talet på kvar av type tiltak i løpet av året og ved utgangen av året. Fila er konstruert frå dei årlege, ferdig behandla filene som blir brukt i produksjonen av barnevernsstatistikken.

Kjennemerke for ein persons tilknyting til barnevernet gis på eit bestemt tidspunkt, samtidig som omsorgstiltak prioriterast framfor hjelpetiltak. Det vil seie at ein person som er registrert med hjelpetiltak i 2015 og omsorgstiltak i 2020 blir talt som ein person med hjelpetiltak i statistikk for 2018 og omsorgstiltak i statistikk for 2020 og seinare. Dette er også tatt omsyn til i dubletthandteringa, slik at personar som er registrerte fleire gonger i SSBs registrer (ofte på grunn av midlertidige eller utgåtte personnummer) beheld dei tidlegaste registreringane for begge tiltakstypar.

Avgangskarakterar fra grunnskolen rapporterast inn til fylkeskommunanes administrative datasystem for inntak til vidaregåande opplæring (VIGO).

Innanfor vidaregåande opplæring er VIGO den viktigaste kjelda. Datagrunnlaget er spesifiserte uttrekk frå dette systemet. Statistisk sentralbyrå hentar også inn vitnemålsdata fra Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB) som administrerast av Samordna opptak ved Universitetet i Oslo.

Tala for status for elevar 22 år eller yngre etter avslutta grunnskole baserer seg på informasjon fra system for persondata (SFP). Dette systemet består av register som innehelder data for områder som arbeidsmarknad, utdanningsaktivitet og velferdsordningar som er meint å kompensere for manglande arbeidsinntekt. Les meir her.

KOSTRA-skjema 15 Barnevern, og ei filforklaring, frå 2013 ein XSD, ligg til grunn for dataregistreringa. Innrapporteringsfristen er 15. januar året etter statistikkåret. For kommunar med fagprogram for barnevern blir det gjort eit filuttrekk som vert sendt elektronisk til SSB. For kommunar med nytt fagprogram f.o.m. 2023 er det også ein XSD som ligg til grunn for kva som skal rapporterast til BVR som er SSB si datakjelde. Dei kommunane som ikkje har fagprogram, sendte fram til 2013 inn elektroniske skjema frå SSB sine websider.

Kommunane får tilbake oversiktstabellar og feillister etter innsendt barnevernsstatistikk. Kommunane skal sjekke at tala stemmer, og rapportere til SSB dersom det er feil i innsendte data, eller rette opp i fagprogrammet. I 2013 vart kommunane bedt om å gå gjennom KOSTRA-publiseringa 15. mars og gje SSB tilbakemelding på om tala var korrekte, og feillister vart ikkje sendt ut for 2013.

KOSTRA-skjema 8 Personell og organisering av barnevernstenesta vert sendt inn elektronisk frå SSB sine websider kvart år med frist 15. februar.

Ved interkommunalt samarbeid skal ein rapportere ei fil/eit skjema for kvar kommune.

Kontrollprogrammet for barnevern, som er tilgjengeleg på SSB sine websider, har ein sentral plass i dei faste kontroll- og revisjonsrutinane for statistikken. Desse kontrollane er også integrert ved innrapportering til BVR frå dei nye fagsystema (f.o.m. 2023). Kommunane køyrer kontrollprogrammet før innsending av barnevernsfil til SSB, og kommunane rettar opp mest mogleg før innsending. Frå 2013 hindrar dei fleste av kontrollane innsending av datafil og må rettast opp av kommunane. Etter mottak av fil vert kontrollprogrammet også køyrt i SSB. Førebelse tabellar med hovudtal, og feilliste, blir sendt til den enkelte kommune. Barnevernstenesta i kommunen fører riktige opplysningar på feillista før den vert returnert til SSB for revisjon og oppretting av tala.

Kontroll av data om tilsette byggjer på ei jamføring med talet på tilsette frå året før. Og kommunane vert kontakta dersom det er store avvik for eventuell oppretting eller innsending av nytt skjema.

Forløp – barnevern
Forløpsstatistikk bygger på statistikkgrunnlaget til offisiell statistikk på barnevernsområdet. Utover editering og kontroller gjennomført i forkant av publisering av årlig statistikk på barnevernsområdet, gjennomføres det ytterligere editering i forbindelse med tilrettelegging av data til forløp. Dette innebærer bl.a. rettelser av enkelte feilregistreringer av tiltak, dublett- og overlappbehandling. For mer informasjon om editering og databehandling i forbindelse med tilrettelegging til forløp, se notatet Forløp i barnevernsdata, 2013 - 2019.

Datagrunnlaget byr på utfordringer når man skal telle opp antall flyttinger. I følge paragraf §4-17 i barnevernloven, kan barneverntjenesten vurdere det som nødvendig å flytte barnet fra nåværende plassering til et nytt sted - nytt fosterhjem eller institusjon. Fagsystemene har tilrettelagt for registrering av flytting, der barneverntjenesten ved registrering av et nytt plasseringstiltak kan henvise til paragraf §4-17. Praksisen er imidlertid ulik i kommunene og kvaliteten på registreringene av riktig paragraf ved flytting er usikker.

For å identifisere en flytting bruker forløpsstatistikken informasjon om type registrerte tiltak og deres start- og sluttdato. Forløpsstatistikken definerer dermed enhver endring i plasseringstiltak som en flytting (se definisjonen på flytting under definisjoner). Ved å telle antall endringer i plasseringstiltak estimeres antall flyttinger.

Det gjennomsnittlege talet på flyttingar bereknast kvart statistikkår for barn mellom 0 og 17 år i tre ulike populasjonar: barna som budde i fosterheim i familie og nære nettverk, dei som budde i fosterheim utanom familie og nære nettverk, samt barna som budde i beredskapsheim i løpet av statistikkåret. Beregningen gjennomføres bare for barn med minst én flytting.

Grunnlaget for berekningane er alle plasseringstiltaka barnet har motteke frå barnevernstenesta frå første plassering utanfor heimen og fram til siste plassering i løpet av statistikkåret. Eit barn kan i løpet av eit år ha budd i fleire ulike fosterheimar og kan dermed vere med i fleire av populasjonane.

Forløpsdata på barnevern gjer det mogleg å summere talet på flyttingar over tid. Tala i statistikkbanken blir presentert for ulike observasjonsperioder: statistikkåret (siste året), to til 4 år tilbake i tid, samt for 5 og meir år tilbake i tid.

Talet på flyttingar for siste året (statistikkåret) tel alle flyttingar det året sjølv om desse skjer etter at tiltaket som plasserte barnet i ein av dei tre populasjonane er avslutta.

Ikkje relevant

Tal som gjer at ein kan identifisera enkeltpersonar blir ikkje offentleggjorde.

Forløp – barnevern
Tabell 13353 i statistikkbanken viser blant annet antall barn med minst én flytting fordelt etter observasjonsperiode og antall år siden første plassering. I tilfellene der fordelingen i tabellen teller 3 barn og færre, er alle tallene uavhengig av verdi avrundet opp til 4, samtidig som aggregerte tall endres tilsvarende. Derfor vil noen av totalsummene være forskjellige fra det nøyaktige antall barn i en bestemt kategori.

I perioden 1980-1985 brukte ein ikkje fødselsnummer i registreringa, noko som hindra kontroll av dublettar. Tal frå desse åra kan difor ikkje heilt samanliknast med periodane før og etter. Talet på barn under omsorg i 1992 er truleg for høgt fordi statistikkskjema for 1992 var utforma slik at alle plasseringar vart registrerte som omsorgsplasseringar. Det er eit brot i tidsserien i 1993 over nye barn med tiltak som eit resultat av ny definisjon av nye barn.

I 2002 var det endring i barnevernsskjema, der blant anna fleire kategoriar for tiltakstypar kom med.

I 2007 var det ei ny omlegging, med fleire typar tiltak og opplysningar som samlast inn. Det vil seie at barnevernsstatistikken frå 2002-2006 er fullt samanliknbar.

Hovudtal for 2007 og påfølgjande år vil kunne samanliknast med tidlegare årgangar, det vil seie til dømes omfang av barn med tiltak, barn med omsorgstiltak, hjelpetiltak, plasseringar og undersøkingar. Frå og med 2007 har det kome med fleire alternativ for tiltakstype og meldingsinstans. Det vil dermed kunne vere eit brot når det gjelder tiltakskategorien "andre tiltak" og kategorien "andre" for meldingsinstans.

I 2013 var det ei ny omlegging, med innhenting av meldingar, fleire kategoriar for innhald i meldinga, mindre endringar i kategoriane for kven som meldte, innhenting av alle undersøkingar, ikkje berre ei per barn, og fleire typar tiltak. Det vil seie at barnevernsstatistikken frå 2007-2012 er fullt samanliknbar. Hovudtal for 2013 og påfølgjande år vil kunne samanliknast med tidlegare årgangar, det vil seie til dømes omfang av barn med tiltak, barn med omsorgstiltak og hjelpetiltak, omfang av barn med undersøking. For undersøkingssaker er det eit brot, men omfanget av barn med undersøking vil fortsatt bli publisert.

I perioden 1984-1990 fins det ikkje tal for tilsette i den kommunale barnevernstenesta. Frå og med 1992 er barnevernet skilt ut som ei eiga teneste, og registreringa av personell er ikkje blitt nemneverdig endra etter dette. Frå og med 2012 vart også tilsette på funksjon 251 Barnevernstiltak når barnet ikke er plassert av barnevernet inkludert i skjema 8 i tillegg til tilsette på funksjon 244 Barnevernteneste. Dette gjer det vanskeleg å samanlikne det totale talet på tilsette fordi vi antar at tilsette på funksjon 251 også før 2012 har blitt rapportert inn frå enkelte kommunar. Frå 2013 er også tilsette på funksjon 252 Barnevernstiltak når barnet er plassert av barnevernet inkludert i skjema 8.

Forløp – barnevern
Datagrunnlaget til forløpsstatistikken starter først fra 2014 årgangen. Årsaken er at data før 2013 årgangen mangler henvisning til start- og sluttdatoen på de ulike hendelsene i barnets forløp, som melding, undersøkelse, tiltak og plan. Ved omleggingen av rapportering av barnevernsdata i 2013 ble det gjennomført flere endringer, der blant annet rapporteringen av start- og sluttdatoer på de ulike hendelsene ble obligatorisk.

Det var flere kvalitetsutfordringer knyttet til rapporteringen i 2013 - første rapporteringsåret etter omleggingen. Dette gjelder blant annet for rapportering av institusjonstiltak, og dataene for 2013 årgangen er derfor ikke med i statistikkgrunnlaget for forløpsstatistikken.

Barnevernsdata er basert på fullteljing, dvs. at alle einingar i denne statistikken - kommunar og bydelar - skal rapportere kvart år.

Kommunar som ikkje har levert filuttrekk for dei ulike statistikkåra etter 2013:

2023: 1531 Sula, 5419 Sørreisa

2022: 1828 Nesna, 1835 Træna

2021: 2100 Longyearbyen

2018: 1835 Træna

2017: 1854 Ballangen

2015: 1856 Røst

2013: 1234 Granvin, 1857 Værøy, 1859 Flakstad, 1874Moskenes, 2011 Kautokeino, 2018 Måsøy

I publisering av KOSTRA-tal i mars vil ofte fleire kommunar ikkje ha rapportert data i tide. Fråfallet kan gjere det vanskeleg å seie noko om verdien på nasjonalt nivå. For barnevernstabellane er det likevel summen av dei som har rapportert som er estimerte verdiar på nasjonalt og regionale nivå.

Forløp – barnevern
Når vi bereknar om barna har flytta og kor mange gonger dei har flytta har vi berre data tilbake til statistikkåret 2014. Det inneber at vi ikkje har eit fullstendig bilete av barna som også var plasserte i 2013 eller tidlegare år. Derfor vil statistikken for antall gjennomsnittlige flyttinger i f.eks. 2019 for barn som har bodd utenfor hjemmet 5 år og mer, ta høyde for endringer i plasseringstiltak tilbake til 2014 årgangen. Eventuelle flyttinger før 2014 er ikke med i datagrunnlaget og gjennomsnittstallet for denne gruppen barn kan være underestimert for observasjonsperiode siste 5 år og mer.

Det er viktig å merke at antallet barn som befinner seg i f. eks. i beredskapshjem i statistikkåret kan være mindre enn antallet barn i de to andre populasjonene statistikken lages for - barn i fosterhjem i familie og nære nettverk og barn i fosterhjem utenom familie og nære nettverk. Dermed vil antallet barn som danner grunnlaget for beregningen av gjennomsnittlige antallet flyttinger blant dem med minst 1 flytting være enda lavere. Ved uttak av statistikken fordelt på tid barnet har bodd utenfor hjemmet og observasjonsperiode, kan det være få barn som står bak de gjennomsnittlige tallene på flyttinger i de ulike kombinasjonene statistikken beregnes for. Tallene kan derfor være preget av flyttesituasjonen til enkeltbarna det året. Ved tolkning av tallene bør man derfor ta høyde for antallet barn som er grunnlaget for statistikken.

Ikkje relevant

Kontakt