Barna som budde i fosterheim utanom familie og nære nettverk Ei endring i type plasseringstiltak blir talt som ei flytting. Dersom eit barn kjem heim igjen for så å flytte til eit nytt plasseringstiltak blir dette talt som to flyttingar. Det er to unntak: første plassering utanfor heimen reknast ikkje som ei flytting, det same gjeld viss barnet returnerer heim utan det blir plassert utanfor heimen på nytt. Det statistiske grunnlaget SSB har gjer det umogleg å identifisere alle flyttingar heilt presist. meir enn dei som budde i andre typar fosterheim i 2020. Tala for flyttingar er basert på eit nytt statistikkgrunnlag der data frå barnevernet er sett saman med utgangspunkt i barnet sitt tiltaksforløp i åra mellom 2014 og 2020.

I den nye statistikkbanktabellen 13353 finn ein tal for kor ofte barn plassert i fosterheim i 2020 gjennomsnittleg flyttar til ein annan bustad etter deira første plassering utanfor heimen.

Barn med plasseringar i barnevernet

I tilfelle der omsorgspersonar av ulike grunnar ikkje er i stand til å ha den daglege omsorga for barnet, kan barnevernstenesta plassere barnet i ein ny bustad utanfor heimen. 1 av 3 barn som fekk barnevernstiltak ved utgangen av 2020 budde utanfor heimen.

Plasseringstiltak frå barnevernet omfattar flytting frå heimen til ulike typar fosterheimar, beredskapsheim, barnevernsinstitusjon eller bustad med oppfølging, der fosterheim er det mest vanlege.

Det er barn med plasseringar i tre ulike typar fosterheim i 2020 som blir omtalt i artikkelen: fosterheim i familie og nære nettverk, fosterheim utanom familie og nære nettverk og beredskapsheim.

Når barn flyttar til ein ny bustad vil det ofte vere tryggare for barnet å flytta til fosterheim i familien, for eksempel til familiemedlemmer, slektningar, venner eller andre trygge omsorgspersonar barnet kjenner frå før. Etter fosterhjemsforskriften skal barnevernstenesta alltid vurdere om nokon i barnet sin familie eller nære nettverk kan vere fosterheim.

Likevel blir barn oftast plassert i fosterheim utanfor familien, der barnet flyttar til ein fosterfamilie det ikkje kjente frå før. Barn plassert i beredskapsheim er også ein del av statistikken. Den type plasseringar vil skilje seg ut, då desse er midlertidige og ofte brukt i akuttsituasjonar.

Forløpsstatistikk for talet på flyttingar blant barn som har budd i fosterheim og beredskapsheim i løpet av året er publisert for to årgangar, 2019 og 2020, i statistikkbanktabellen 13353.

Det gjennomsnittlege talet på flyttingar bereknast kvart statistikkår for barn mellom 0 og 17 år i tre ulike populasjonar: barna som budde i fosterheim i familie og nære nettverk, dei som budde i fosterheim utanom familie og nære nettverk, samt barna som budde i beredskapsheim i løpet av statistikkåret. Grunnlaget for berekningane er alle plasseringstiltaka barnet har motteke frå barnevernstenesta frå første plassering utanfor heimen og fram til siste plassering i løpet av statistikkåret. Eit barn kan i løpet av eit år ha budd i fleire ulike fosterheimar og kan dermed vere med i fleire av populasjonane.

Det er berre barna med minst ei flytting som er med i berekninga av dei gjennomsnittlege tala på flyttingar i den nye forløpsstatistikken. Forløpsdata på barnevern gjer det mogleg å summere talet på flyttingar over tid. Tala blir presentert for ulike observasjonsperioder: statistikkåret (siste året), to til 4 år tilbake i tid, samt for 5 og meir år tilbake i tid. Når vi bereknar om barna har flytta og kor mange gonger dei har flytta har vi berre data tilbake til statistikkåret 2014. Det inneber at vi ikkje har eit fullstendig bilete av barna som også var plasserte i 2013 eller tidlegare år.

Talet på flyttingar for statistikkåret tel alle flyttingar det året sjølv om desse skjer etter at tiltaket som plasserte barnet i ein av dei tre populasjonane er avslutta.

Mange av barna flyttar ikkje

Det er ulike grunnar til at eit barn må flytte mellom forskjellige plasseringstiltak. Den nye statistikken som vert presentert i denne artikkelen viser at situasjonen for mange av barna var stabil i perioden frå 2014 til 2020, spesielt for barn som var plasserte i fosterheim i familie og nære nettverk.

Figur 1. Barn som budde i ulike typar fosterheimar i 2020, totalt tal barn og barn utan flytting. 2014-2020. Prosent

Som vist i figur 1, budde flest barn, 6 602 barn, i fosterheim utanom familie og nære nettverk i 2020. Nesten halvparten av desse barna, 46 prosent, har ikkje opplevd flytting i perioden frå 2014 til 2020. Blant dei 3 567 barna som budde i fosterheim i familie og nære nettverk, var det til samanlikning 58 prosent som ikkje hadde flytta sidan 2014.

Flest med ein eller fleire flyttingar i fosterheim utanom familie

Hyppige flyttingar kan vere med på å påvirke tryggleiken til barna. Dei minste barna mellom 0 og 5 år er naturleg nok blant dei mest sårbare. Dei fleste av dei minste barna budde i fosterheim utanom familie og nære nettverk.

For 0-5-åringane er datagrunnlaget fullstendig. Det inneber at alle flyttingar i perioden 2015-2020 er registrerte. Figur 2 viser at situasjonen til barna som budde i fosterheim utanom familie og nære nettverk, var minst stabil etter deira første plassering utanfor heimen. Av om lag 760 barn mellom 0 og 5 år opplevde heile 76 prosent minst ei flytting etter at dei først vart plasserte.

Figur 2. Barn mellom 0 og 5 år i ulike typar fosterheimar, etter talet på flyttingar. 2015–2020. Absolutte tal og prosent

Til samanlikning var det 44 prosent blant 0-5-åringar i fosterheim i familie og nære nettverk som hadde flytta minst ein gong i løpet av 2020, medan det blant dei i beredskapsheim var nærare halvparten som hadde flytta minst ein gong.

Dei fleste barna som flytta, flytta berre ein eller to gonger etter første plassering utanfor heimen. Færre hadde tre eller fleire flyttingar i same periode (2014-2020). Likevel, rundt 17 prosent av barna mellom 0 og 5 år som budde i fosterheim utanom familie og nære nettverk i 2020, hadde flytta tre eller fire gonger.

Færre flyttingar over tid

Vi har sett i figur 1 at barn som budde i fosterheim utanom familie og nære nettverk i 2020 oftast har flytta. Den nye statistikken har og dei gjennomsnittlege tala på flyttingar for barna i dei tre ulike typane fosterheim.

Det gjennomsnittlege talet på flyttingar bereknast berre for barna som har flytta minst ein gong etter at det flytta frå heimen første gongen. Figur 3 viser at talet på flyttingar avhenger blant anna av talet på år barnet har budd utanfor heimen.

Figur 3. Talet på flyttingar for barn plasserte i fosterheimar utanom familie og nære nettverk, etter alder og talet på år sidan første plassering utanfor heimen. 2020

Tala viser at barna som vart plasserte utanfor heimen for 5 år eller meir sidan i gjennomsnitt hadde færre flyttingar i 2020, samtidig som barna med første plassering i 2020 (under eit år sidan første plassering) hadde i gjennomsnitt flest flyttingar.

Sjølv om det gjennomsnittlege talet på flyttingar varierer med alderen, er flyttemønsteret det same for alle aldersgrupper: barna opplever fleire flyttingar første plasseringsåret og situasjonen stabiliserer seg over tid.