Etter stor nedgang over fleire år fortsett auken i talet på meldingar og undersøkingar frå 2023, men noko svakare i 2024. Det er nesten 2 prosent fleire meldingar og undersøkingar i 2024 samanlikna med året før viser oppdaterte tal om barnevernet i statistikkbanken. Tala viser også at nedgangen i talet på barn og unge med tiltak held fram.
Ei sak i barnevernet startar som oftast med ei melding til barnevernet. Barnevernet har då ei veke på seg til å vurdere om meldinga kan leggast bort eller om barnevernet skal starte ei undersøking. Ei undersøking skal gjennomførast innan 3 månader, og blir avslutta enten ved å legge bort saka eller det blir sett i gang tiltak. Tiltak frå barnevernet kan vere alt frå råd og rettleiing, plass i barnehage og støttekontakt til plassering i fosterheim eller institusjon. Tiltak frå barnevernet kan vidareførast etter at barnet fyller 18 år. Det blir ofte kalla ettervern. Frå 2021 er alderen for vidareføring av tiltak auka frå inntil 23 år til inntil 25 år.
Fleire meldingar til barnevernet
I løpet av 2024 mottok barnevernet 53 300 meldingar om 45 800 barn som ikkje allereie var i undersøking eller fekk tiltak frå barnevernet. Dette er noko fleire meldingar enn i 2023, ein auke på nesten 2 prosent.
I 2020 vart 80 prosent av meldingane nærare undersøkt av barnevernet. I 2024 er denne prosentdelen noko mindre, vel 74 prosent. Når delen meldingar som blir undersøkt blir mindre, blir delen meldingar som blir lagde bort etter at barnevernet har gjort ei vurdering større. I figur 1 ser vi korleis både talet på meldingar og talet på meldingar som har blitt avslutta med å setje i gang ei undersøking vart redusert frå 2020 til 2022, men har så auka for 2023 og 2024. Og forskjellen mellom desse to tala, som viser kor mange meldingar som blir lagde bort, har auka gjennom heile perioden frå 2020 til 2024.
65 prosent av undersøkingane vart lagde bort
65 prosent av dei 39 600 undersøkingane som barnevernet avslutta i løpet av 2024 vart lagde bort utan at barnevernstiltak vart iverksett. Av desse var det i 51 prosent av undersøkingane barnevernstenesta som vurderte at det ikkje var behov for tiltak. Medan nesten 10 prosent vart lagde bort fordi familien/barnet ikkje ønska tiltak, og vel 3 prosent fordi familien/barnet flytta frå kommunen. Nesten 2 prosent av undersøkingane vart avslutta med at barnet vart vist til ein annan instans.
Om lag 34 prosent av undersøkingane blir avslutta med at barnevernet gjer vedtak om at tiltak skal iverksetjast. Og det er berre rundt ein prosent av undersøkingane som avsluttast ved at det blir sendt begjæring om tiltak til barneverns- og helsenemnda. Dette er saker der barnevernet meiner det er naudsynt å gripe inn med tvang eller andre alvorlege tiltak som ikkje kan gjennomførast med samtykke frå foreldra eller barna sjølve. Barnevernet ber då om at det skal gjerast vedtak i nemnda om pålegg om hjelpetiltak, omsorgsovertaking eller åtferdstiltak. I 2024 har det vore ein stor auke til 449 slike begjæringar, frå 334 i 2023. Men sidan talet på avslutta undersøkingar også har auka, har ikkje prosentdelen auka så mykje.
Auke i både meldingar og barnevernstiltak blant barn og unge som har innvandra
Innvandringa i aldersgruppa barnevernet har ansvar for, 0-24 år, har auka dei tre siste åra – og dette ser ut til å påverke auken i talet på meldingar og undersøkingar i barnevernet. Det var heile 17 prosent fleire meldingar blant innvandrarar i 2024, men også blant norskfødde med innvandrarforeldre auka talet på meldingar med 5 prosent frå 2023. Denne gruppa veks også i alderen 0-24 år. Medan det var ein nedgang i meldingar blant barn og unge utan innvandrarbakgrunn.
Det var 3 prosent fleire innvandrarar som fekk barnevernstiltak i løpet av 2024 samanlikna med året før. Blant norskfødde barn og unge med innvandrarforeldre var det vel 2 prosent færre som fekk tiltak, og størst nedgang var det blant dei utan innvandrarbakgrunn, 5 prosent færre barn og unge fekk tiltak i 2024.