Våren 2014 avslutta 63 500 elevar grunnskolen. Av desse hadde nær 8 200, eller om lag 13 prosent, Barnevernserfaring - barn og unge med barnevernstiltak så langt i livet. Alle som har teke imot tiltak frå barnevernet frå 1993 (og også tidlegare om dei er registrerte i 1993) til og med 2020 er med i denne statistikken. Uansett kor lenge dei har teke i mot tiltak. Dei er beskrivne i statistikkbanktabell 13350. Vi skil mellom hjelpetiltak som kan være tiltak både i og utanfor heimen, og omsorgstiltak som er plassering utanfor heimen etter vedtak i fylkesnemnda. i 2020. Figur 1 viser deira tilknyting til arbeid, utdanning og velferdsordningar 6 år etter avslutta grunnskole. Sjå boks nedanfor for prioritering mellom ulike statusar.

Dei nye tabellane viser karakterar ved avslutta grunnskole, overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring, gjennomføring i vidaregåande opplæring og status etter avslutta grunnskole for unge med barnevernserfaring samanlikna med dei utan slik erfaring. Tabellane viser tal for statistikkåra 2018-2020, og vil bli oppdaterte årleg.

Dei nye tabellane gjev eit bilete av korleis situasjonen er, medan kva som gjer at det er slik gjev tabellane i liten grad svar på. I nokre tabellar vert også foreldra si utdanning nytta som ein bakgrunnsvariabel.

Figur 1. Status for elevar 22 år eller yngre 6 år etter avslutta grunnskole, etter barnevernstiltak. 2020¹

¹ Tala for status for 2020 er foreløpige. Prioriteringa av status er ulik prioriteringa av arbeidsmarknadsstatus i statistikken «Tilknytning til arbeid, utdanning og velferdsordninger». For nærare omtale, sjå «Status 6 år etter avslutta grunnskole».

Det er ein klar skilnad når vi ser på delen i høgare utdanning. Det er kun 1 av 5 unge med barnevernserfaring som er i høgare utdanning, medan det gjeld halvparten av unge utan slik erfaring.

Tabellane 13346 og 13347 i statistikkbanken, samt figur 1, viser tal for dei som avslutta ungdomsskolen 6 år tidlegare enn statistikkåret. For statistikkåret 2020 ser vi altså på dei som avslutta grunnskolen våren 2014.

Tala for tilknyting til arbeid, utdanning og velferdsordningar baserer seg på informasjon frå system for persondata (SFP). Dei viktigaste kjeldene i SFP er SSBs registerbaserte sysselsetjingsstatistikk og utdanningsstatistikk (igangverande utdanning).

Status vert her prioritert annleis samanlikna med SFP og statistikken «Tilknytning til arbeid, utdanning og velferdsordninger». I tabellane 13346 - 13349 vert status prioritert i følgjande rekkefølge: nåverande høgare utdanning (universitet- eller høgskole), nåverande lågare utdanning (grunnskole, vidaregåande skole eller fagskole), sysselsetting, om ein tek imot helserelaterte ytingar, andre ytingar, død/utvandra og anna.

Tala for status for 2020 er foreløpige. Informasjon om sjølvstendig næringsdrivande er nytta for året 2019 i dei foreløpige tala for statistikkåret 2020. Som følgje av denne forskyvinga er det noko usikkerheit i tala.

1 av 5 tek imot ulike ytingar

Vel 1 av 5 blant unge med barnevernserfaring som ikkje er i utdanning eller er sysselsette tek imot Helserelaterte ytingar er sjukepengar frå folketrygda, nedsett arbeidsevne - på tiltak, arbeidsavklaringspengar og uførestønad. Andre ytingar er ordinære tiltak (ikkje nedsett arbeidsevne), individstønad, dagpengar, introduksjonsstønad, etterlatnepensjon, AFP-pensjon, supplerande stønad, alderspensjon, pensjoner frå andre enn NAV/folketrygda, kontantstøtte, einsleg forsørgerstønad, sosialhjelp, nedsett arbeidsevne - ikkje på tiltak. 6 år etter at dei avslutta grunnskolen. Til samanlikning gjeld dette berre 1 av 20 blant dei som aldri har teke imot tiltak frå barnevernet. Figur 1 viser tydeleg skilnadene når det gjeld mottak av ytingar.

Grunnlagstala viser elles at dei omtala skilnadene mellom unge med og utan barnevernserfaring er nokså stabile i perioden 2018-2020.

Færre med barnevernserfaring fullfører vidaregåande på normert tid

Høgare utdanning krev at vidaregåande opplæring er fullført, og skilnadene i kor stor del som fullfører vidaregåande er stor. Medan 7 av 10 utan barnevernserfaring fullfører vidaregåande på normert tid, gjer vel 3 av 10 med barnevernserfaring det same. Tala viser også at ein noko større del av dei med barnevernserfaring fullfører på meir enn normert tid.

Figur 2. Gjennomføring i vidaregåande opplæring innan 5/6 år¹ blant elevar 22 år eller yngre, etter fullføringsgrad og barnevernstiltak. 2014-2020

¹ Seks år etter start i Vg1 for elevar som begynte på eit av dei yrkesfaglege utdanningsprogramma, og fem år etter start for elevar som begynte på eit av dei studieførebuande utdanningsprogramma.

Delen som sluttar i vidaregåande opplæring undervegs i løpet, er og mykje større blant unge med barnevernserfaring. Blant dei med barnevernserfaring gjeld dette 28 prosent, medan delen er 7 prosent blant dei utan tiltak frå barnevernet så langt i livet.

Kor mange har barnevernserfaring?

Blant dei nye tabellane er det ein populasjonstabell som kan seie noko om kor vanleg det er å ha teke imot barnevernstiltak gjennom oppveksten. I 2020 var det i alt vel 1,1 millionar barn i Norge i aldersgruppa 0-17 år. Av desse er 101 800 registrerte med tiltak så langt i livet til og med statistikkåret 2020, sjå tabell 13350. Det vil seie at omtrent 9 prosent av alle barn har teke i mot tiltak frå barnevernet før dei vart 18 år i 2020. For heile målgruppa til barnevernet, som er inntil 23 år, har vel 10 prosent av alle barn og unge teke imot tiltak.

Som i annan barnevernsstatistikk viser også denne tabellen at det er fleire gutar enn jenter i barnevernet, men om ein ser på delen som har teke imot omsorgstiltak er skilnaden mellom kjønna mykje mindre.