Den positive Endring i indeksverdien i eit kalenderår samanlikna med den same størrelsen året før. Årsendringa blir berekna ved å ta forholdet mellom gjennomsnittet av månadsindeksane for aktuelt år og tilsvarande gjennomsnittstal for året før. Årsendringa må ikkje blandast saman med tolvmånadersendringa, som er endringa i indeksen frå ein månad eitt bestemt år, til den same månaden året etter. i 2021 må sjåast i samanheng med at store delar av industrien sleit i 2020 som følgje av koronapandemien.

Industriproduksjonen hadde totalt sett ein klår vekst i fjor, men samstundes viser tala at produksjonen fall jamleg etter ein topp i mars, seier seniorrådgivar i Statistisk sentralbyrå, Anel Finci.

Næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri hadde ein tydeleg auke på 8,1 prosent i 2021, og bidrog sterkt til den totale produksjonsauken i industrien. I tillegg var det òg høg produksjon innanfor møbel og annan industri grunna auka etterspurnad etter møblar.

– Produsentar av kjemisk og farmasøytisk industri hadde betydeleg betre marknadsforhold i 2021. Forenkla tilgang til råvarer hjelpte også til, seier Finci.

Næringsmiddelindustrien opplevde også ein sterk auke grunna høg produksjonen innanfor foredling og konservering av fisk.

– Auka i 2021 skuldast ikkje berre korona-relaterte forhold. Fjoråret vart eit rekordår for norsk fiskeeksport med svært høge slaktevolum av laks og makrell. Makrellkvota auka kraftig i 2021 grunna mangel på internasjonale avtaler, seier Finci.

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 og påfølgende måneder er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har derfor blitt tatt ut fra figuren for de siste månedene.

Tremånadersendring: Makrell bidrar til nedgang i industriproduksjonen

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknas dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkas med varsomhet. viser at industriproduksjonen hadde ein nedgang på 1 prosent i 4. kvartal samanlikna med 3. kvartal. Det var særleg næringsmiddelindustrien som bidrog til det samla fallet i industrien med ein nedgang på 6,1 prosent. Dette skuldast særleg eit fall innan foredling og konservering av fisk. Fallet her heng saman med ein tidleg oppstart av makrellsesongen, og unormalt høge slaktevolum av makrell i august og september.

I tillegg var det òg ein klår nedgang i næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri i dette kvartalet. Nedgangen heng mellom anna saman med drifts- og vedlikehaldsstans for fleire store verksemder.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: Brei nedgang i industrien i desember

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde eit klårt fall på 1,6 prosent frå november til desember 2021. Det var fleire næringar som bidrog til det samla produksjonsfallet i desember, mellom anna:

  • Trelast- og trevare: -4,5 %
  • Oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri: - 1,9 %
  • Maskinindustri: -3,1 %
  • Møbel- og anna industri: -6,6 %

På den anna side hadde ikkje-jarnhaldige metall og dataindustri og elektrisk utstyrsindustri ein auke frå november til desember, og bidrog difor til å dempe det samla produksjonsfallet i industrien.

Månadsendring: Klår auke i industriproduksjon i Eurosona i november

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Omfattar dei 19 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein klår auke på 2,4 prosent frå oktober til november 2021. I same periode var industriproduksjonen i Noreg uendra.

Sverige hadde ein marginal nedgang på 0,1 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein klår auke på 3 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadersendring: Produksjonsnedgang i petroleumsnæringa

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein klår nedgang på 3,5 prosent i 4. kvartal samanlikna med 3. kvartal 2021, viser sesongjusterte tal. Nedgangen kjem særleg av eit fall på 8,5 prosent innanfor utvinning av råolje. I tillegg gjekk utvinning av naturgass òg ned med 3,9 prosent. Nedgangen i petroleumsnæringa heng saman med tekniske problem i delar av 4. kvartal. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i dette kvartalet, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester på si hadde ein klår vekst på 3,3 prosent frå 3. til 4. kvartal. Bergverksdrift hadde òg ein klår auke på 5 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka tydeleg med 5,1 prosent.

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Torsdag den 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Fleire av verksemdene i industrien har blitt påverka av dette, noko som har ført til at aktivitetsmønsteret frå mars har vore annleis enn kva vi vanlegvis observerer. Sesongjusteringa under koronakrisa blir gjort på ein slik måte at tal frå og med krisa (mars) ikkje inngår i grunnlaget for berekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, blir dette gjort ved å spesifisere mars 2020 og følgjande månader som ekstremverdiar.

Dette betyr at vanlege trendtal ikkje vil bli berekna og i staden vil trend og sesong følgje kvarandre. Eit viktig unntak er siste observasjon, der trendtalet som bereknas i sesongjusteringsrutinen berre vil være ein framskriven verdi og siste observasjon inngår ikkje. Trendtala frå og med mars 2020 vil såleis være vanskelege å tolke.

SSB si sesongjustering er i tråd med tilrådingar frå Eurostat.