I mars var det 105 000 I AKU blir ein rekna som arbeidslaus viss ein ikkje har inntektsgivande arbeid, og prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av dei siste fire vekene, og kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker. Ufrivillig permitterte blir rekna som arbeidsledige viss dei er permitterte samanhengande i meir enn tre månader og elles oppfyller kriteria om søking og tilgjengelegheit. personar i Noreg ifølge I sesongjusteringsprosessen blir serien spalta opp i tre komponentar: sesong, irregulær komponent (tilfeldig variasjon) og trend. Trenden representerer den langsiktige tendensen og konjunktursyklusen. frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU), noko som var uendra frå februar. Gjennom det siste året har det vore ein svak auke i arbeidsløysa, og svært mykje av auken har kome blant personar under 25 år.

– Mesteparten av auken i arbeidsløysa det siste året har kome blant dei under 25 år, men frå eit unormalt lågt nivå. I perioden etter koronakrisa var det relativt sett få arbeidslause i denne gruppa, men dei siste tala viser at vi er tilbake til om lag same nivå som før koronakrisa, seier Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknad og lønn.

Også sesongjusterte tal for glidande tre månaders gjennomsnitt viser at det har vore ein svak auke i arbeidsløysa i løpet av det siste året og at mesteparten av auken kom blant dei under 25 år.

Figur 1. Arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken. Trend og 3-månaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte månedstal. Mars 2006 - Mars 2023. Prosent

Arbeidsløysa for februar vist med trendtalet, som ved førre publisering var 3,6 prosent, er nå justert ned til 3,5 prosent. Sjølv om talet for arbeidsløyse blei justert ned for februar blir dette likevel ikkje omtala som ein auke i arbeidsløysa for mars sidan endringa er så liten og sidan arbeidsløysa i mars er identisk med det førre arbeidsløysetalet for februar. Ved sesongjustering og berekning av trend blir heile tidsserien rutinemessig berekna på ny og revisjonar av det vi har publisert tidlegare kan derfor skje.

Små endringar i sysselsettinga

Tala frå AKU viser berre små endringar i sysselsettinga dei siste månadene. Hovudbilete er at talet på personar som har utført inntektsgivande arbeid av minst ein time varigheit i den uka vi samlar inn informasjon om. I tillegg er personar som har slikt arbeid, men som var midlertidig fråverande grunna sjukdom, ferie, lønna permisjon eller liknande også definert som sysselsette. har variert rundt 2 850 000 siste år.

Dei sesongjusterte førebelse tala frå statistikken tal på arbeidsforhold og lønn viser òg små endringar for den totale arbeidsmarknaden. Talet på Jobbar og arbeidsforhold vert her brukt som synonym og er definert som arbeid som vert kompensert med lønn o.l. Omgrepet inkluderer både hovudjobbar og bi-jobbar. Ein person kan ha fleire jobbar i ulike verksemder. Fleire jobbar i same verksemd for same person blir lagt saman til éin jobb. har vore svært stabilt, og haldt seg tilnærma uendra dei siste månadane, like i overkant av 3 000 000. 

Figur 2. Førebelse tal på jobbar (arbeidsforhold). Sesongjusterte og ujusterte tal. Januar 2016 - mars 2023. Tal

Like mange utanlandske pendlarar som før pandemien

Endelege tal på Lønnsmottakarar omfattar alle sysselsette personar som mottar kompensasjon for arbeid i form av lønn o.l. Lønnsmottakarar omfattar arbeidsforhold av typen ordinære og maritime samt arbeidsforhold som frilansar, oppdragstakar og personar som mottar honorar. For lønnsmottakarar med fleire jobbar er éin av jobbane fastsett som den viktigaste (hovudarbeidsforholdet). Lønnsmottakarar som har vore permitterte i inntil tre månader er med i statistikken. viser at det var litt over 2,75 millionar i februar 2023. Om lag 84 000 av dei var Utanlandske pendlarar er definert som personar registrerte i Folkeregisteret med planlagt opphald i Noreg på under seks månader. Dei omfattar personar med eit mellombels personnummer (D-nummer) eller som er registrert som utvandra, men jobbar i Noreg.. Dette er 1 prosent fleire enn det var i februar 2020, månaden før restriksjonar knytte til pandemien vart sett i verk.

– Samanlikna med tida rett før pandemien, ser vi no at pendlarane er tilbake. Næringane dei er fordelt på er stort sett likt som før pandemien, sjølv om det har det blitt 1 000 færre i industri, medan det i transport og lagring har auka med 1 500, seier Tonje Køber.

Figur 3. Lønnsmottakarar blant ikkje busette, etter næring. Februar 2020 og Februar 2023. Tal

Dei sesongjusterte tala for jobbar, lønnsmottakarar og gjennomsnittleg kontantlønn frå statistikken Tal på arbeidsforhold og lønn, vert òg publisert i visualisert form.

Det er utvalsusikkerheit i resultata frå AKU fordi resultata bygger på opplysningar gitt av et utval av befolkninga. For dei tre månaders glidande gjennomsnitta av sesongjusterte månadstal tar vi utgangspunkt i feilmarginar på +/-9 000 for arbeidsledige og +/-17 000 for sysselsette. Feilmarginane viser kor stor endringa i AKU må være før vi kan være nokså sikre på at det har skjedd en endring.

Trendtala representerer den meir langsiktige tendensen i data, inkludert konjunktur. Trenden kan ofte bli litt revidert når nye observasjonar blir innarbeida, særleg mot slutten av tidsserien, kalla revisjonsusikkerheit.

Dei sesongjusterte tala kan bli endra viss det kommer til nye observasjonar eller tidlegare rådata blir endra. Dette kallar vi revisjon. 

Det er fleire skilnader mellom dei to statistikkane som gjer at tala kan avvike noko frå kvarandre. Til dømes omfattar registertala både busette og ikkje-busette lønnstakarar i alle aldersgrupper som jobbar i verksemder som høyrer heime i Noreg. AKU-tala viser derimot tal for personar i alderen 15-74 år som er busette i private hushald i Noreg. AKU inkluderer dermed også sjølvstendig næringsdrivande, men ikkje grensependlarar til Noreg.

I tillegg kan utviklinga i tala i dei to statistikkane vise ulike mønster frå tid til anna. Nokre faktorar som påverkar dette: 
1) Etter fleire år med datainnsamling har vi erfart at AKU nokon gonger fangar opp endringar på arbeidsmarknaden før det blir synleg i registertala (statistikken «Tal på arbeidsforhold og lønn»)
2) Sesongmønsteret i registertala er tydelegare enn det vi ser i AKU. Dette fører til at dei sesongjusterte tala til tider kan vise noko ulik utvikling. 
3) Dei sesongjusterte tala for AKU er 3-måneders glidande gjennomsnitt (talet for april er t.d. et gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala for mars, april og mai), medan dei sesongjusterte tala for «Tal på arbeidsforhold og lønn» for same periode gjelder ein referanseuke i denne månaden (talet for april er status i uka i april som inneheld den 16.) 
4) Trendtala i AKU representerer den langsiktige tendensen og konjunktursyklusen. Trendserien frå AKU er derfor typisk glattare enn dei sesongjusterte seriane frå AKU og «Antall arbeidsforhold og lønn»

Frå januar 2023 ble permisjonsbeskrivingane i a-ordningen endra, for å få frem om ein permisjon er lovfesta eller ikkje, sjå: https://www.skatteetaten.no/bedrift-og-organisasjon/arbeidsgiver/a-meldingen/veiledning/arbeidsforholdet/opplysninger-om-arbeidsforholdet/permisjon/

Dette fekk to konsekvensar for statistikken «antall arbeidsforhold og lønn»:
- I første omgang fanget ikkje produksjonssystemet opp dei nye beskrivingane då førebelse tal for januar og februar vart produserte, samt dei endelege tala for januar. Dette medførte at talet på personar som har permisjon med varigheit under 90 dagar (og som dermed er klassifiserte som lønnsmottakarar) gjekk ned. Resultatet er ei underestimering av talet på jobbar i førebelse og endelege tal for januar og førebelse tal for februar på om lag 3-4000.
- Den andre konsekvensen er at mange opplysningspliktige som endra på permisjonstypen, samstundes endra start- og stoppdato for permisjonen, ved å rapportere stoppdato for tidlegare permisjonstype og ny startdato for ny permisjonstype. Dette medførte ein auke i talet på personar med permisjon under 90 dagar. Resultatet er at talet på jobbar er overestimert for førebelse tal for mars og endelege tal for februar.

Oppsummert er dette effektane på de ulike månadene:
Førebelse tall:
Januar 2023: Det ujusterte talet på jobbar og lønnsmottakarar er noko underestimert (rundt 3-4000)
Februar 2023: Det ujusterte på jobbar og lønnsmottakarar er noko underestimert (rundt 3-4000)
Mars 2023: Det ujusterte på jobbar og lønnsmottakarar er noko overestimert (rundt 1000-2000)

Endelege tall:
Januar 2023: Det ujusterte på jobbar og lønnsmottakarar er noko underestimert (rundt 3-4000)
Februar 2023: Det ujusterte på jobbar og lønnsmottakarar er noko overestimert (rundt 3-4000)