I sesongjusteringsprosessen blir serien spalta opp i tre komponentar: sesong, irregulær komponent (tilfeldig variasjon) og trend. Trenden representerer den langsiktige tendensen og konjunktursyklusen.frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at det i september var 144 000 I AKU blir ein rekna som arbeidslaus viss ein ikkje har inntektsgivande arbeid, og prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av dei siste fire vekene, og kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker. Ufrivillig permitterte blir rekna som arbeidsledige viss dei er permitterte samanhengande i meir enn tre månader og elles oppfyller kriteria om søking og tilgjengelegheit. og 2 909 000 Personar som har utført inntektsgivande arbeid av minst ein time varigheit i den veka vi samlar inn informasjon om. I tillegg er personar som har slikt arbeid, men som var midlertidig fråverande grunna sjukdom, ferie, lønna permisjon eller liknande også definert som sysselsette. personar. 

– Arbeidsløysa auka frå februar til juli, men har flata ut på 4,7 prosent dei tre siste månadane. Om vi ser bort frå pandemien må vi tilbake til oktober 2016 for å finne eit tilsvarande høgt prosenttal, seier Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknads- og lønsstatistikk i Statistisk sentralbyrå.

Figur 1. Arbeidsløysa, januar 2009 til september 2025. Prosent

Svakare arbeidsmarknadsutvikling for dei yngre enn for dei eldre

Sett under eitt har sysselsettinga og arbeidsløysa auka om lag med same mengde personar det siste halvåret (+ 11 000 sysselsette og + 14 000 arbeidslause), men om vi bryt tala ned på kjønn og aldersgrupper finn vi at det har vore ulik fordeling. For dei i alderen 25–74 år finn vi oppgang i både sysselsetting og arbeidsløyse samtidig. For dei i alderen 15–24 år finn vi derimot oppgang i arbeidsløyse og nedgang i sysselsetting, både for menn og for kvinner. Dette er forskjellig frå utviklinga vi hadde i 2024, der det var sysselsettingsvekst gjennom året for begge aldersgrupper og begge kjønn. 

Figur 2. Endring mellom mars og september 2025. Antal personar i tusen etter kjønn, aldersgruppe og arbeidsmarknadsstatus

3 800 fleire jobbar

Talet på Jobbar og arbeidsforhold vert her brukt som synonym og er definert som arbeid som vert kompensert med lønn o.l. Omgrepet inkluderer både hovudjobbar og bi-jobbar. Ein person kan ha fleire jobbar i ulike verksemder. Fleire jobbar i same verksemd for same person blir lagt saman til éin jobb. auka marginalt med 0,1 prosent, medan talet på Lønnsmottakarar omfattar alle sysselsette personar som mottar kompensasjon for arbeid i form av lønn o.l. Lønnsmottakarar omfattar arbeidsforhold av typen ordinære og maritime samt arbeidsforhold som frilansar, oppdragstakar og personar som mottar honorar. For lønnsmottakarar med fleire jobbar er éin av jobbane fastsett som den viktigaste (hovudarbeidsforholdet). Lønnsmottakarar som har vore permitterte i inntil tre månader er med i statistikken. heldt seg omtrent uendra. Auken i talet på jobbar tilsvarar om lag 3 800 fleire jobbar. Det viser sesongjusterte tal frå statistikken tal på arbeidsforhold og lønn.

– I august gjekk talet på jobbar ned i 13 av 17 næringar. Dei førebelse tala for september viser små endringar på arbeidsmarknaden. Denne månaden viser tala ein nedgang i 8 av næringane, medan dei resterande har ein vekst, seier Tonje Køber i SSB.

Endringane er små, men forretningsmessig tenesteyting hadde den største auka med 1,0 prosent (1 600 jobbar), og transport og lagring den største nedgangen med 0,5 prosent (700 jobbar).

Figur 3. Endring frå månaden før. Sesongjusterte førebelse tal på jobbar. Januar 2016 til september 2025. Prosent

88 000 jobbar blant utanlandske pendlarar

Dei Utanlandske pendlarar er definert som personar registrerte i Folkeregisteret med planlagt opphald i Noreg på under seks månader. Dei omfattar personar med eit mellombels personnummer (D-nummer) eller som er registrert som utvandra, men jobbar i Noreg. nådde ein topp i talet på jobbar i oktober 2019, hausten før pandemien slo inn i arbeidsmarknaden. Våren 2020 fall talet kraftig og nådde ein botn i juni 2021 – ein nedgang på 37 prosent. Etter ein ny topp i februar 2023 har talet gått noko ned, men utviklinga ser no ut til å ha stabilisert seg, med ein svak auke sidan slutten av fjoråret.

I oktober 2019 var over 60 prosent av jobbane blant utanlandske pendlarane i industri, byggje- og anleggsverksemd eller forretningsmessig tenesteyting. I september 2025 er delen redusert til 58 prosent. Samstundes har det vore ein auke i talet på jobbar innan bergverksdrift og utvinning og i transport og lagring.

Figur 4. Talet på jobbar for utanlandske pendlarar, sesongjusterte førebelse tal. Januar 2016 til september 2025. Tal

 

Det er utvalsusikkerheit i resultata frå AKU fordi resultata bygger på opplysningar gitt av et utval av befolkninga. For dei tre månaders glidande gjennomsnitta av sesongjusterte månadstal tar vi utgangspunkt i feilmarginar på +/-9 000 for arbeidsledige og +/-17 000 for sysselsette. Feilmarginane viser kor stor endringa i AKU må være før vi kan være nokså sikre på at det har skjedd en endring.

Trendtala representerer den meir langsiktige tendensen i data, inkludert konjunktur. Trenden kan ofte bli litt revidert når nye observasjonar blir innarbeida, særleg mot slutten av tidsserien, kalla revisjonsusikkerheit.

Dei sesongjusterte tala kan bli endra viss det kommer til nye observasjonar eller tidlegare rådata blir endra. Dette kallar vi revisjon. 

Frå og med juli er det ei markant auke i trend-tala for utførte vekeverk for menn i AKU, som ikkje følgjes av ei lik auke i talet på sysselsette personar. Dette kjem av at sesongjusteringsmodellen betraktar juli som ein utliggar med nivåskifte for utførte vekeverk for menn og som ein nesten-utliggar for sysselsette til stades på jobb for menn. I AKU blir ei veke rekna som å høyre til i månaden viss torsdagen fell i den månaden. Etter denne regelen hadde juli fem veker i 2025. Sist gong det skjedde var i 2021. Vi finn at det i 2025 var forskjellar mellom menn og kvinner for når i løpet av sommaren man tok ferien sin. Dette, kombinert med ein juli med fem veker har slått ut i sesongjusteringa.

Månadstala innehelder både førebels og endelege tal. I «første versjon» av månadstala frå a-ordninga er det enkelte jobbar/lønnsmottakarar vi ikkje fangar opp på grunn av tidsforsinkingar i rapporteringa. Vi omtaler derfor tala basert på denne versjonen som førebelse tala. I endelege tal nyttar vi ein «andre versjon» frå a-ordninga som er tilgjengeleg ein månad seinare og der dei ovannemnde jobbane/lønnsmottakarar er med. Dei ordinære arbeidsmarknadsstatistikkane frå a-ordninga er alle basert på andre versjon frå a-ordninga. Å nytte første versjon frå a-ordninga medfører at vi ikkje fangar opp alle lønnsmottakarar/jobbar i tråd med sysselsettingsdefinisjonen, men det mogleggjer tidlegare publisering.

Lønnsmottakarar/jobbar vi ikkje fangar opp som følgje av at vi nyttar første versjon frå a-ordninga er forsinka meldingar, erstatningsmeldingar for tidlegare månadar samt jobbar med ulike tidsforsinkingar. Det siste omfattar a) arbeidsforhold med fersk startdato utan lønn i statistikkmånadens referanseveke, men med utbetalt lønn månaden etter, samt b) arbeidsforhold utan lønn i statistikkmånadens referanseveke, men med utbetalt lønn både månaden før og etter. Statistikkmånadens referanseveke er den tredje veka i månaden (veka som inneheld datoen den 16).

Gruppa vi ikkje fangar opp varierer frå om lag 25 000 til 100 000 arbeidsforhold, altså rundt 1-3 prosent av alle arbeidsforhold. At talet ein ikkje fangar opp varierer såpass mykje frå månad til månad betyr at både endringstal og nivåtal i dei førebelse tala vil være forskjellig frå dei endringstala og nivåtala ein får ved å nytte dei endelege tala.