Ifølge I sesongjusteringsprosessen blir serien spalta opp i tre komponentar: sesong, irregulær komponent (tilfeldig variasjon) og trend. Trenden representerer den langsiktige tendensen og konjunktursyklusen. frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) var I AKU blir ein rekna som arbeidslaus viss ein ikkje har inntektsgivande arbeid, og prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av dei siste fire vekene, og kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker. Ufrivillig permitterte blir rekna som arbeidsledige viss dei er permitterte samanhengande i meir enn tre månader og elles oppfyller kriteria om søking og tilgjengelegheit. på 4,6 prosent i februar. Det er uendra frå januar, som har blitt revidert opp 0,1 prosentpoeng. Tidlegare publiserte tal kan bli endra når det kjem informasjon om ein ny månad og trendtala blir berekna på nytt.

– Arbeidsløysa har sidan mai 2025 lege rundt 4,5 prosent. Dermed har det vore ein lang periode no med relativt stabil arbeidsløyse, seier Tonje Køber, seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå.

Figur 1. Arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken. Personar i alderen 15-74 år. februar 2009 til februar 2026. Trend.

I figur 2 kan vi sjå arbeidsløysa for dei to aldersgruppene 15 til 24 år og 25 til 74 år. For aldersgruppa 25 til 74 år har arbeidsløysa vore tilnærma uendra dei siste to åra.

–  For aldersgruppa 15 til 24 år begynte arbeidsløysa å auke rundt hausten i 2024, før ho flata ut i august 2025. Mykje av auka vi såg i arbeidsløysa i fjor kom altså i stor grad blant dei unge, fortset Køber.

Figur 2. Arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken. Personar i alderen 15 til 24 år og 25 til 74 år. Februar 2024 til februar 2026. Trend.

Endelege tal for januar viser framleis jobbvekst

Dei endelege sesongjusterte tala frå statistikken tal på arbeidsforhold og lønn viste ein auke på 11 300 Jobbar og arbeidsforhold vert her brukt som synonym og er definert som arbeid som vert kompensert med lønn o.l. Omgrepet inkluderer både hovudjobbar og bi-jobbar. Ein person kan ha fleire jobbar i ulike verksemder. Fleire jobbar i same verksemd for same person blir lagt saman til éin jobb. frå desember til januar. Det svarer til ein auke på 0,4 prosent. Talet på jobbar går vanlegvis klart ned i januar, blant anna fordi mange jobbar avsluttast ved årsskiftet. Nokre av dei avslutta jobbane er kortvarige stillingar oppretta for julesesongen. Sidan talet på jobbar frå desember til januar gjekk mindre ned enn vanleg, viser dei sesongjusterte tala likevel ein auke i januar.

Frå januar til februar i år viser sesongjusterte førebelse tal en nedgang på 10 500 jobbar. Nedgangen må sjåast i samanheng med at januartalet var relativt høgt. Vanlegvis går det ujusterte talet på jobbar opp mellom januar og februar. Dersom noko av denne utviklinga har kome allereie i januar, vil det trekke ned de sesongjusterte tala for februar. Dei førebelse tala er meir usikre, og forskjellen til dei endelege tala varierer frå månad til månad. Sjå også faktaboks nedst i artikkelen.

Ukrainarar bidreg framleis sterkt i auken på lønnsmottakarar

Frå februar 2025 til februar 2026 har talet på Lønnsmottakarar omfattar alle sysselsette personar som mottar kompensasjon for arbeid i form av lønn o.l. Lønnsmottakarar omfattar arbeidsforhold av typen ordinære og maritime samt arbeidsforhold som frilansar, oppdragstakar og personar som mottar honorar. For lønnsmottakarar med fleire jobbar er éin av jobbane fastsett som den viktigaste (hovudarbeidsforholdet). Lønnsmottakarar som har vore permitterte i inntil tre månader er med i statistikken. auka med 9 100, eller 0,3 prosent, ifølgje ujusterte førebelse tal. I same periode har talet på lønnsmottakarar blant Personar som er født i utlandet av utanlandsfødte foreldre, og som er registrert busett i Noreg ifølgje "Det sentrale folkeregisteret". Blant innvandrarane reknes både flyktnignar, arbeidsinnvandrarar, familieinnvandrarar m. fl.. Norskfødte med innvandrarforeldre reknes ikkje som innvandrar. vakse med 11 000. Den totale veksten er lågare fordi det samstundes er 4 300 færre lønnsmottakarar blant andre busette utanom innvandrarar, samanlikna med same månad året før.

– Veksten i talet på lønnsmottakarar det siste året er driven av innvandrarar, og over halvparten av veksten blant innvandrarar skuldast fleire ukrainarar i jobb, seier Tonje Køber.

Fleire førebelse tal om ukrainarar – med månadlege oppdateringar – finn du i artikkelen Hvor mange ukrainere jobber i Norge?.

Det er i perioden òg blitt 2 350 fleire Utanlandske pendlarar er definert som personar registrerte i Folkeregisteret med planlagt opphald i Noreg på under seks månader. Dei omfattar personar med eit mellombels personnummer (D-nummer) eller som er registrert som utvandra, men jobbar i Noreg., tilsvarande ein vekst på 3,1 prosent. Auken i utanlandske pendlarar kjem for det meste i næringa forretningsmessig tenesteyting, som blant anna består av utleie av arbeidskraft.

Figur 3. Endring i talet på lønnsmottakarar, etter innvandringskategori. Februar 2025 til februar 2026. Antal

Det er utvalsusikkerheit i resultata frå AKU fordi resultata bygger på opplysningar gitt av et utval av befolkninga. For dei tre månaders glidande gjennomsnitta av sesongjusterte månadstal tar vi utgangspunkt i feilmarginar på +/-9 000 for arbeidsledige og +/-17 000 for sysselsette. Feilmarginane viser kor stor endringa i AKU må være før vi kan være nokså sikre på at det har skjedd en endring.

Trendtala representerer den meir langsiktige tendensen i data, inkludert konjunktur. Trenden kan ofte bli litt revidert når nye observasjonar blir innarbeida, særleg mot slutten av tidsserien, kalla revisjonsusikkerheit.

Dei sesongjusterte tala kan bli endra viss det kommer til nye observasjonar eller tidlegare rådata blir endra. Dette kallar vi revisjon. 

Månadstala innehelder både førebels og endelege tal. I «første versjon» av månadstala frå a-ordninga er det enkelte jobbar/lønnsmottakarar vi ikkje fangar opp på grunn av tidsforsinkingar i rapporteringa. Vi omtaler derfor tala basert på denne versjonen som førebelse tala. I endelege tal nyttar vi ein «andre versjon» frå a-ordninga som er tilgjengeleg ein månad seinare og der dei ovannemnde jobbane/lønnsmottakarar er med. Dei ordinære arbeidsmarknadsstatistikkane frå a-ordninga er alle basert på andre versjon frå a-ordninga. Å nytte første versjon frå a-ordninga medfører at vi ikkje fangar opp alle lønnsmottakarar/jobbar i tråd med sysselsettingsdefinisjonen, men det mogleggjer tidlegare publisering.

Lønnsmottakarar/jobbar vi ikkje fangar opp som følgje av at vi nyttar første versjon frå a-ordninga er forsinka meldingar, erstatningsmeldingar for tidlegare månadar samt jobbar med ulike tidsforsinkingar. Det siste omfattar a) arbeidsforhold med fersk startdato utan lønn i statistikkmånadens referanseveke, men med utbetalt lønn månaden etter, samt b) arbeidsforhold utan lønn i statistikkmånadens referanseveke, men med utbetalt lønn både månaden før og etter. Statistikkmånadens referanseveke er den tredje veka i månaden (veka som inneheld datoen den 16).

Gruppa vi ikkje fangar opp varierer frå om lag 25 000 til 100 000 arbeidsforhold, altså rundt 1-3 prosent av alle arbeidsforhold. At talet ein ikkje fangar opp varierer såpass mykje frå månad til månad betyr at både endringstal og nivåtal i dei førebelse tala vil være forskjellig frå dei endringstala og nivåtala ein får ved å nytte dei endelege tala.

Fram til april 2025 var alle intervju i AKU på telefon, medan webskjema blir gradvis fasa inn fram til utgangen av 2026. I AKU blir ein intervjua åtte gonger. Det første og sjette intervjuet er alltid på telefon, dei andre gongene kan ein velje webskjema eller telefon. Det betyr at førebels har relativt få svara via webskjema; i 4. kvartal 2025 var det om lag éin av sju. Samstundes er svarprosenten for undersøkinga stort sett uendra, og ligg på om lag 73 prosent. Sidan ein vel sjølv, kan gruppa som svarar på web vere litt annleis samansett enn gruppa som berre svarar på telefon.

Ein skilnad er at dei som er registrerte som sysselsette, i større grad svarar på webskjema enn dei som ikkje er registrerte med ein jobb. Den siste gruppa svarar i mindre grad på AKU i det heile, og dette kan ha større tyding enn typen spørjeskjema. Ved innføring av nye metodar for datainnsamling er det alltid ein viss moglegheit for ei meir eller mindre brå endring i samanliknbarheita over tid (brot i tidsserien). At dei som ikkje har jobb, har lågare svarprosent i AKU, tek vi høgde for når vi lagar vektene i AKU (pdf).

Vi har så langt ingen konkrete haldepunkt for å seie at webskjema påverkar kvaliteten på 2025-statistikken nemneverdig. Førebels er det ein låg del som svarar på web, og utrekningsopplegget justerer for mange av ulikskapane i fordelinga mellom grupper. Det er fleire ting som kan motverke feil og manglar ved utfylling av webskjema. Det nye spørjeskjemaet frå 2021, som blir brukt til telefonintervju, vart utforma spesielt med tanke på at det skulle vere mest mogleg likt webskjemaet, slik at dei to intervjuformene skulle gi mest mogleg like resultat. Alle skal ha minst eitt telefonintervju før dei får tilbod om å svare på web, slik at dei kjenner dei ulike omgrepa og veit kva slags spørsmål det dreier seg om.

Statistisk sentralbyrå skal gjennom 2026 gjere analysar av datakvaliteten i lys av innføringa av webskjema og tek sikte på å presentere førebelse, eventuelle brotanslag for arbeidsløyse og sysselsetting ved publiseringa av 1. kvartal torsdag 7. mai.