365098
/utdanning/statistikker/utgrs/aar
365098
statistikk
2018-12-13T08:00:00.000Z
Utdanning;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
utgrs, Elevar i grunnskolen, barneskolar, ungdomsskolar, kombinerte skolar, spesialundervisning, private skolar, skolestorleik, morsmålsopplæring, målform, bokmål, nynorsk, PC-tilgangUtdanning, Grunnskoler, KOSTRA, Utdanning, Innvandring og innvandrere, Offentlig sektor
true

Elevar i grunnskolen

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikkje fastsett

Nøkkeltal

9,6 %

færre grunnskolar sidan 2008

Grunnskolar og elevar etter eigeforhold. Absolutte tal og endring i prosent
2018Endring i prosentEndring i prosent
2017 - 20182008 - 2018
Grunnskolar i alt2 830-0,6-9,6
Private skolar2523,357,5
Offentlege skolar2 578-0,7-13,4
 
Elevar i alt636 3500,53,3
Elevar i private skolar25 3706,563,5
Elevar i offentlege skolar610 9800,31,7

Sjå utvalde tabellar frå denne statistikken

Tabell 1 
Grunnskolar, etter skoleslag. Elevar i grunnskolen

Grunnskolar, etter skoleslag. Elevar i grunnskolen
SkoleårSkolar i altSkoleslagElevar
BarneskolarKombinerte skolarUngdomsskolarElevar i altBarnestegUngdomssteg
20083 1311 858773500616 139426 769189 370
20093 0681 802769497615 927424 052191 875
20103 0281 768763497615 973423 333192 640
20113 0001 749758493614 413423 374191 039
20122 9571 714752491614 894424 993189 901
20132 9071 669748490615 327425 917189 410
20142 8861 656738492618 996430 864188 132
20152 8671 636738493623 755438 387185 368
20162 8581 615746497629 275444 638184 637
20172 8481 601746501633 029447 355185 674
20182 8301 585741504636 350448 655187 695

Tabell 2 
Elevar i grunnskolen og del elevar som får spesialundervisning, etter fylke og årssteg. 1. oktober

Elevar i grunnskolen og del elevar som får spesialundervisning, etter fylke og årssteg. 1. oktober
2018
Elever i alt1.-7. årssteg8.-10. årsstegDel elevar med spesialundervisning i altDel elevar med spesialundervisning 1.-7. årsstegDel elevar med spesialundervisning 8.-10. årssteg
I alt636 350448 655187 6957,86,99,9
Østfold35 24424 63910 6057,26,39,5
Akershus83 39058 69624 6946,55,88,3
Oslo68 25549 48318 7727,36,210,2
Hedmark21 73415 0046 7307,46,69,2
Oppland20 93914 4356 5046,95,99,2
Buskerud34 20823 91010 2988,77,611,1
Vestfold29 64520 6918 9548,27,011,1
Telemark20 04013 8956 1457,97,19,7
Aust-Agder15 00810 7164 2929,18,111,4
Vest-Agder24 18617 2656 9216,65,78,7
Rogaland63 44645 42718 0198,17,59,7
Hordaland63 68345 05818 6257,16,29,2
Sogn og Fjordane13 9159 5224 3938,78,29,9
Møre og Romsdal32 73222 7339 9998,88,79,3
Trøndelag54 42438 41716 0078,67,710,8
Nordland27 82319 2918 5329,98,712,7
Troms - Romsa18 98313 3885 5959,28,211,8
Finnmark - Finnmárku8 4605 9192 5419,48,411,8
Svalbard23516669:::

Tabell 3 
Elevar med spesialundervisning, tal og del

Elevar med spesialundervisning, tal og del
SkoleårElevar i altElevar med spesialundervisning i altAndel elevar som får spesialundervisning
2013615 32750 9778,3
2014618 99649 6728,0
2015623 75549 2587,9
2016629 27549 3667,8
2017633 02949 7137,9
2018636 35049 7557,8

Tabell 4 
Elevar i grunnskolen og grunnskolar, etter eigarform

Elevar i grunnskolen og grunnskolar, etter eigarform
Skolar i altPrivate grunnskolarElevar i altElevar i private grunnskolar
20083 131160616 13915 513
20093 068161615 92715 969
20103 028160615 97315 306
20113 000165614 41315 469
20122 957185614 89418 190
20132 907195615 32719 105
20142 886208618 99620 436
20152 867224623 75521 648
20162 858238629 27522 721
20172 848244633 02923 817
20182 830252636 35025 370

Tabell 5 
Skolar og elevar etter skolestorleik. Prosent

Skolar og elevar etter skolestorleik. Prosent
GrunnskolarElevar
0-99 elevar100-299 elevar300 elevar eller meir0-99 elevar100-299 elevar300 elevar eller meir
201132,839,927,37,637,754,7
201232,140,127,77,537,555,0
201331,140,328,77,236,856,0
201430,740,029,37,136,256,7
201530,440,029,66,936,157,0
201629,840,030,26,635,557,9
201729,539,830,76,634,858,6
201828,740,131,26,234,659,2

Tabell 6 
Elevar med morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring, tilrettelagd opplæring og særskild norskopplæring, etter fylke. 1. oktober

Elevar med morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring, tilrettelagd opplæring og særskild norskopplæring, etter fylke. 1. oktober
2018
Elevar i altElevar med bare morsmålsopplæringElevar med både morsmåls- og tospråkleg fagopplæringElevar med bare tospråkleg opplæringTilrettelagd opplæringElevar med særskild norskopplæring
I alt636 3501 9631 0827 8431 58842 633
Østfold35 244::1 0371392 470
Akershus83 390279771383 723
Oslo68 255::384:13 281
Hedmark21 734375130851 084
Oppland20 9393563051321 136
Buskerud34 208::233112 094
Vestfold29 645:52582781 271
Telemark20 04017:643751 216
Aust-Agder15 008:32621630
Vest-Agder24 1861762312201 214
Rogaland63 4461742851 1351013 442
Hordaland63 6839973126582543 513
Sogn og Fjordane13 915532017151759
Møre og Romsdal32 73233294851 703
Trøndelag54 4244571446032332 530
Nordland27 82315413801341 281
Troms - Romsa18 9831279315518770
Finnmark - Finnmárku8 460:::93496
Svalbard235000020

Tabell 7 
Elevar med morsmålsopplæring og særskild norskopplæring

Elevar med morsmålsopplæring og særskild norskopplæring
SkoleårElevar i altElevar med morsmåls- og/eller tospråkleg fagopplæringElevar med særskild norskopplæring
2014618 99615 26443 380
2015623 75514 16243 394
2016629 27514 24045 272
2017633 02913 68244 901
2018636 35012 47642 633

Tabell 8 
Elevar, etter elevens målform og fylke. 1. oktober

Elevar, etter elevens målform og fylke. 1. oktober
2018
ElevarBokmålNynorskSamisk
I alt636 350554 51976 137833
Østfold35 24434 74410
Akershus83 39082 63810
Oslo68 25567 42700
Hedmark21 73421 72940
Oppland20 93917 3193 4830
Buskerud34 20833 3356790
Vestfold29 64529 43900
Telemark20 04017 9681 8840
Aust-Agder15 00814 1366840
Vest-Agder24 18623 2797370
Rogaland63 44648 22214 4360
Hordaland63 68339 10624 4331
Sogn og Fjordane13 91528313 6320
Møre og Romsdal32 73216 47216 1580
Trøndelag54 42453 859426
Nordland27 82327 791032
Troms - Romsa18 98318 778173
Finnmark - Finnmárku8 4607 7590701
Svalbard23523500

Om statistikken

Føremålet med grunnskolestatistikken er å gi samfunnsnyttig informasjon om tilstanden i grunnskolen. Statistikken skal dekkje informasjonsbehovet både hos utdanningsmyndigheiter og andre interesserte.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Definisjonar av omgrep som nyttast i statistikken i tillegg til standard klassifikasjonar (sjå nedanfor) finst i GSI (https://gsi.udir.no/)

Standard klassifikasjonar

Opplæringsloven. Den nye opplæringsloven er ein felles lov for grunnskole og vidaregåande opplæring, og for opplæring av vaksne på området for grunnskolen og området for den vidaregåande skolen. Loven omfattar opplæring på desse områda. Opplæringsloven gjeld frå skoleåret 1999/00.

Grunnskoleopplæring . Barn og unge har plikt til grunnskoleopplæring, og rett til offentleg grunnskoleopplæring. Etter § 13-1 i opplæringsloven er kommunen ansvarleg for at barn og ungdom opp til 16 år i kommunen får grunnskoleopplæring. For barn i fylkeskommunale sosiale og medisinske institusjonar er fylkeskommunen ansvarleg for opplæringa. Staten og fylkeskommunen kan ta over ansvaret til kommunen. Grunnskoleopplæringa skal vanlegvis ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år og avsluttast etter at eleven har fullført det tiande skoleåret. Grunnskoleopplæring omfattar også opplæring på området for grunnskolen av personar over grunnskolealder. Kommunane har ansvar for grunnskoleopplæring for vaksne.

Skoleåret. Den årlege undervisningstida (minstetimetalet) skal fordelast på minst 38 veker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker, jf. § 2-2 i opplæringsloven. Denne ramma kallast skoleåret og startar vanlegvis 1. august kvart år.

Elev i grunnskole. Barn og unge som etter § 2-1 i opplæringsloven har rett og plikt til grunnskoleopplæring og som får denne ved ein grunnskole. Det gjeld for det meste barn og unge i alderen 6 til 15 år. Vidare gjeld det også personar - over grunnskolealder - som får undervisning på området for grunnskolen.

Årstrinn. Årstrinna i grunnskolen er frå 1 - 10. (1. - 10. årstrinn.). Alle elevar flyttast opp eit årstrinn kvart år. Læreplanen blir endra for kvart årstrinn.

Barnesteg/ungdomssteg. Barnesteget omfattar 1.-7. årstrinn og ungdomssteget 8.-10. årstrinn.

Grunnskolar. Grunnskolar er kommunale, fylkeskommunale eller statlege skolar for grunnskoleopplæring etter § 13-1 i opplæringsloven eller private grunnskolar godkjende etter § 2-12 i opplæringsloven eller etter privatskoleloven.

Barneskolar. Skolar som normalt har lågaste/høgaste årssteg mellom 1. og 7.

Ungdomsskolar. Skolar som normalt har har lågaste/høgaste årssteg mellom 8. og 10.

Kombinerte skolar. Skolar som normalt har lågaste årssteg mellom 1. til 7., og høgaste årssteg mellom 8. til 10.

Målform. Den opplæringsmålforma (bokmål, nynorsk eller samisk) som kommunen har vedteke for skolen.

Språklege minoritetar. Personar som har andre morsmål (førstespråk) enn norsk og samisk. (Definisjonen omfattar òg skandinavar og andre vesteuropearar.) Med morsmål meiner ein her språk som nyttast i dagleg tale i heimen til personen. (Totaltal over språklege minoritetar blir ikkje samla inn etter 2001)

Morsmålsopplæring. Morsmålsopplæring er opplæring i morsmålet til elevar frå språklege minoritetar. Opplæringsloven gir i § 2-8 heimel til å gi forskrifter om plikt for kommunane til å gi særskild opplæring i morsmål for elevar frå språklege minoritetar, jf. kapittel 24 i forskrift til opplæringsloven. Vaksne frå språklege minoritetar som tek opplæring på grunnskolen sitt område, er ikkje med i ordninga med morsmålsopplæring.

Særskild norskopplæring (for språklege minoritetar). Særskild norskopplæring for språklege minoritetar er anten ei tilleggsopplæring i norsk eller opplæring i faget norsk for elevar frå språklege minoritetar (norsk 2) som er eit eige fag i læreplanverket, eller ein kombinasjon av desse.

Spesialundervisning. Viser til § 5-1 i opplæringsloven om "Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning."

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Elevar i grunnskolen
Emne: Utdanning

Ansvarleg seksjon

Seksjon for utdannings- og kulturstatistikk

Regionalt nivå

Kommune, fylke og nasjonalt nivå.

Kor ofte og aktualitet

Data om grunnskolen blir samla inn med teljingsdato 1. oktober kvart år. Endelege tal blir publisert medio desember.

Internasjonal rapportering

Data rapporteres til OECD, UNESCO og Eurostat

Lagring og bruk av grunnmaterialet

All grunnskolestatistikk i SSB er lagra på forsvarleg og standardisert måte i samråd med mellom anna Datatilsynet.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med grunnskolestatistikken er å gi samfunnsnyttig informasjon om tilstanden i grunnskolen. Statistikken dekkjer informasjonsbehovet både hos utdanningsmyndigheiter og andre interesserte.
Frå og med 1992 har SSB teke i bruk data frå grunnskolens informasjonssystem (GSI) som grunnlag til utarbeiding av offisiell statistikk over elevar i grunnskolen.

Før 2011 blei det offentligjort foreløpige og endelege tal. Frå og med 2011 blir det berre offentligjort endelege tal.

Brukarar og bruksområde

Tal frå grunnskolestatistikken blir brukt av utdanningsmyndigheitene, fylkesmannen og kommunane, mellom anna til planlegging, evaluering og til søknader om statsstøtte. Også forskarar, media, studentar m.fl. er blant brukarane av grunnskolestatistikken
GSI er også kjelde til KOSTRA-indikatorar for grunnskole, vaksenopplæring på grunnskolen sitt område og kulturskolar.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08:00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.  Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Data frå GSI er også kjelde for grunnskolestatistikk i KOSTRA og skoleporten.

Lovheimel

Data blir henta inn med totrinnsheimel i § 2-2 og § 3-2 i Statistikkloven, og § 14-1 i Opplæringsloven.

EØS-referanse

Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 0452/2008 om utarbeiding og utvikling av statistikk over utdanning og livslang læring. Kommisjonsforordning (EF) nr. 88/2011 om gjennomføring av europaparlaments- og rådsforordning (EF) 0452/2008 med hensyn til statistikk over utdanning og opplæringssystemer

Produksjon

Omfang

Den offisielle grunnskolestatistikken i SSB inneheld informasjon om grunnskoleopplæring som går føre seg etter opplæringsloven. Den inneheld data frå alle grunnskolar. Alle eigarhøve er medrekna; kommunale, interkommunale, fylkeskommunale og statlege skolar, private skolar som er godkjende av Utdanningsdirektoratet (Udir) etter privatskoleloven og private skolar uten tilskot. Norske skolar i utlandet og elevar ved desse er ikkje medrekna. Skolar utan elevar blir ikkje telt med.
I GSI blir det samla inn data mellom anna om elevtal, årstimar, årsverk, spesialundervisning etter einskildvedtak, opplæring av språklege minoritetar, målform, tilvalsfag, skolefritidsordninga og leksehjelp.

Datakjelder og utval

Den årlege innsamlinga av data skjer gjennom Grunnskolens informasjonssystem (GSI).

Fulltelling

Datainnsamling, editering og beregninger

Statistikken er laga på grunnlag av summariske oppgåver om den einskilde skole. Kvar haust samlar ein inn data med teljetidspunkt 1. oktober for det skoleåret ein er inne i. Data blir samla inn på Internett. Den einskilde skolen og kommunen har saman ansvaret for å samle inn data fra sitt område. Fylkesmannen har ansvaret for dei private, fylkeskommunale og statlige einingane, og at kommunane har meldt ferdig. Etter at fylkesmannen har kontrollert og meldt sine data ferdige, overtek Utdanningsdirektoratet og Statistisk sentralbyrå dataene og gjennomfører eigen kontroll av data.

Det er lagt inn automatiske kontrollar i innrapporteringsprogrammet i form av feil og varsel. Desse må sjekkast før ein kan gi frå seg data til eit høgare nivå. I tillegg kjem kontrollar frå SSB og Utdanningsdirektoratet som blir følgde opp av fylkesmannen.

Sesongjustering

Ikkje relevant.

Konfidensialitet

Lågaste nivå for offentligjering er kommune. For variablane morsmålsopplæring, særskild norskopplæring og spesialundervisning vil celler med færre enn 3 observasjoner bli prikket.

Samanlikningar over tid og stad

Samanlikningar med tidlegare årgangar av statistikken: Frå og med 1992 er grunnskoledata henta frå GSI. Tabellar over elevar og klasser som i 1979 og tidlegare hadde nemninga Grunnskoleutdanning kan frå 1980 samanliknast med tilsvarande tabellar under nemninga Grunnskolar. Frå og med 2003 samlast det ikkje inn opplysningar om klasser i grunnskolen. Det heng saman med endringar i opplæringsloven som blei gjorde i 2003. Frå og med skoleåret 2011/2012, er spesialskolar og ordinære skolar slått saman i GSI. For å få samanliknbare tal, har vi ved offenligjeringa i 2012 slått saman spesialskolar og ordinære skolar bakover i tid. Av denne årsaka vil tal som er publiserte før 2012 avvike frå tala som blei publisert i 2012.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Oppgåvegivarane kan gi mangelfulle eller feilaktige opplysningar. Mange av desse feila blir fanga opp av kontrollane i skjemaet eller blir oppdaga på eit nivå høgare. Feil kan også oppstå gjennom arbeidet med editering og behandling av oppgåvene.

Utvalet dekkjer heile populasjonen.

Revisjon

Ikkje relevant.

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB