Statistikken Elevar i grunnskolen viser at talet på Private grunnskolar inkluderer skolar både med og utan statstilskot. Private skolar med statstilskot er godkjent etter Privatskolelova, til dømes Montessori- og Steinerskolar. Private skolar utan statstilskot er godkjent etter Opplæringslova §22-1, til dømes internasjonale skolar. har auka kvart år sidan 2015 og fram til 2022. Deretter har talet flata noko ut og i 2025 var det 279 private grunnskolar i Noreg. Til samanlikning har dei offentlege grunnskolane hatt motsatt utvikling frå 2 643 skolar i 2015 til 2 384 offentlege grunnskolar i 2025.
– Medan talet på offentlege skolar har gått ned med 259 frå 2015 til 2025, har det vore ein auke med 55 private grunnskolar i same periode, stadfestar Per T. Tuhus, seniorrådgjevar i Statistisk sentralbyrå.
Flest private grunnskolar i Vestland, færrast i Finnmark
I Vestland finst det 29 private grunnskolar. Det er det fylket som har flest, tett etterfølgt av Trøndelag med 28, Rogaland og Akershus med kvar seg 27 private grunnskolar. Det var færrast i Finnmark med 2 private skolar i 2025, medan Østfold og Buskerud hadde høvesvis 11 og 12 private grunnskolar.
Auke i talet på elevar i private grunnskolar
– Ei tilsvarande utvikling som med private grunnskolar ser vi også på talet på grunnskoleelevar som gjekk i private skolar. Av alle elevar i grunnskolen, gjekk 5,2 prosent i private skolar i 2025 samanlikna med 3,5 prosent i 2015, fortel Per T. Tuhus. Figur 3 viser at 32 500 elevar gjekk i private grunnskolar i 2025 og for ti år sidan var det om lag 21 600 elevar, med andre ord ein auke på om lag 11 000 privatskoleelevar frå 2015 til 2025. Til samanlikning var elevtalet på offentlege grunnskolar 602 100 i 2015, medan nesten 590 000 elevar gjekk på offentlege grunnskolar i 2025. Altså ein nedgang på nær 12 700 elevar i denne tidsperioden.




