Færre skolar med få elevar

Publisert:

Endret:

Sidan 2010 har det vore ein nedgang i talet skolar med mindre enn 100 elevar på nesten 22 prosent. Samtidig har det vore ein auke i skolar med meir enn 500 elevar på 56 prosent.

Ifølgje statistikken over Elevar i grunnskolen var det i 2010 3 028 grunnskolar i Noreg, i 2020 hadde dette talet minska til 2 276. Dette er ein nedgang på 725¹ einingar på ti år. I same periode finn vi at det har vore ei endring i strukturen i type skolar vi finn i Noreg; i 2010 var det 123 skolar i Noreg som hadde meir enn 500 elevar, i 2020 var dette talet stige til 192 skolar. Derimot finn vi at i 2010 var det 180 skolar med mindre enn 20 elevar, ti år seinare er dette talet 126.

¹Tallet er rettet.

Figur 1. Mengde skolar etter skolestørrelse, 2010 og 2020

2010 2020
1-9 elevar 63 36
10-19 elevar 117 90
20-49 elevar 361 270
50-99 elevar 453 380
100-299 elevar 1213 1107
300-499 elevar 698 701
500 elevar eller meir 123 192

I ein analyse av nye og nedlagde skolar basert på tal fram til 2019 peika Utdanningsdirektoratet på at over halvparten av alle nye grunnskolar sidan 2010 var private, og 2 av 10 nye private skolar blei etablert med same plassering som ein nedlagd offentleg skole. Det leggjast ned langt fleire offentlege skolar enn det opprettast nye private, og våre tal synar at òg delen av dei private skolane som har under 20 elevar har minska i perioden frå 2010, med 1,6 prosentpoeng.

Troms og Finnmark har høgast del skolar med færre enn 20 elevar

I dei fleste fylke ligg delen skolar med færre enn 20 elevar på mellom 2 og 6 prosent, men i Troms og Finnmark er denne delen 14 prosent. Nordland har òg ein høg del skolar med færre enn 20 elevar, 12 prosent av alle skolane i Nordland har dette elevtalet. Med unntak av Troms og Finnmark, Oslo og Møre og Romsdal har kvar av fylka hatt ein nedgang i delen skolar med færre enn 20 elevar sidan 2010. Vestfold og Telemark har hatt den største nedgangen, i 2010 var delen på 5,8 prosent, mot 2,8 prosent i 2020.

Figur 2. Del skolar med under 20 elevar. 2010 og 2020

2010 2020
Oslo 1.4 2
Viken 3.2 2.4
Rogaland 4.1 2.5
Vestfold og Telemark 5.8 2.8
Agder 3.8 2.8
Innlandet 4.2 3.5
Vestland 6.4 4.4
Trøndelag 5.7 5.1
Møre og Romsdal 5.1 6.4
Nordland 14.3 12
Tromsog Finnmark 13.7 14.1

I rundt halvparten av fylka er delen skolar med færre enn 20 elevar noko større enn delen skolar med meir enn 500 elevar. I tre av fylka er det færre enn fem skolar med over 500 elevar. Etter Troms og Finnmark, har Innlandet og Møre og Romsdal lågaste del skolar med meir enn 500 elevar.

Figur 3. Del skolar med over 500 elevar. 2010 og 2020

2010 2020
Tromsog Finnmark 0.9 0.5
Møre og Romsdal 0.9 1.6
Innlandet 1.1 1.8
Vestfold og Telemark 0.8 2.8
Nordland 1.3 3.3
Vestland 3.2 3.4
Agder 1.6 3.9
Trøndelag 3.5 5.4
Viken 5.6 6.9
Rogaland 3.3 7.4
Oslo 30.4 39.5

Oslo skil seg klart ut frå dei andre fylka, nesten 40 prosent av alle Osloskolane i 2020 hadde meir enn 500 elevar. Bland dei andre fylka er det Viken med 10,4 prosent og Rogaland med 7,4 prosent som har høgast del skolar i fylket med meir enn 500 elevar.

Faktaside

Kontakt