Statistikken utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak synte ein solid auke i eksport og import av tenester samanlikna med 1. kvartal 2021. Eksport av tenester auka med 29,5 prosent medan import auka mindre med 18,6 prosent frå same periode i fjor. Handelsoverskottet på tenestebalansen blei dermed 4,6 milliardar kroner. Mange varer og tenester som Noreg eksporterer har hatt ein høgare prisoppgang i snitt enn mange varer og tenester vi importerer. Ein av grunnane til at handelsbalansen er styrka har med denne utviklinga å gjere.

Sterk auke i sjøtransporttenester

Tala viser ein stor auke i næringa «transport og lagring» som blant anna inkluderer sjøtransporttenester. Eksport av sjøtransporttenester var på 32,1 milliardar kroner, og hadde ein auke på 52,2 prosent mot same periode i fjor.

- Dette heng saman med både auka volum og høgare fraktratar, og det bidrar til auke i eksport av sjøtransporttenester, seier seksjonssjef Therese Vestre.

Næringa «bergverksdrift og utvinning», som blant anna inkluderer petroleumstenester er òg viktig bidragsytar i auka i eksport. Eksport av petroleumstenester har auka med 46,8 prosent i 1. kvartal samanlikna med same periode i fjor. Dette må sjåast i lys av betydeleg prisutvikling innan olje- og gassutvinning i 2022.

Figur 1. Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak
Figur 1. Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak

Figuren viser at tenesteeksporten enda på 76,4 milliardar kroner i 1 kvartal 2022 og importen var 71,8 milliardar kroner. Overskotet på tenestebalansen var da 4,6 milliardar kroner. Eksporten gjekk ned frå 80,5 milliardar kroner i 4. kvartal 2021 og opp frå 59 milliardar kroner i 1. kvartal 2021. Samtidig var importen 77,3 milliardar kroner i 4. kvartal 2021 og 60,5 milliardar i 1. kvartal 2021.

Lågare auke i tenesteimporten

Det var ein auke også i importen av tenester i 1. kvartal 2022 samanlikna med same periode i fjor, men samanlikna med eksporten var den ikkje like sterk. Det var størst oppgang i import av sjøtransporttenester samanlikna med 1. kvartal 2021; den auka 54,9 prosent. Import av petroleumstenester auka med 37,1 prosent i same periode.

Tenesteimporten tilknytt transport og reiseverksemd viser også en auke frå same periode i fjor med 35,9 prosent. Dette skyldast lette frå strenge reiserestriksjonar i same kvartal i 2021.

Mest tenestehandel med Europa

Eksport av tenester til EU-land utanom Norden utgjorde 24,5 prosent av den totale tenesteeksporten, medan 16 prosent gjekk til nordiske land.

Nær ein tre del av Noregs import av tenester i 1. kvartal 2022 var frå land innan EU utanom Norden. Norske ikkje-finansielle føretaks kjøp av tenester frå nordiske land sto for 21,9 prosent av importen.

Figur 2. Landfordelt tjenestehandel 1. kv. 2022

På grunn av at Storbritannia si utmelding frå EU vart formelt fullført frå og med 1. februar 2020 vart det ei endring i statistikken over utanrikshandel med tenester. Då undersøkinga ikkje måler handelen kvar månad, men for kvartalet som heile, er Storbritannia i statistikken flytta frå regionen «EU-land utanom Norden» til regionen «Europa elles» frå og med 1. kvartal 2020.