Statistikken utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak synte ein solid auke i eksport av tenester dei siste tre kvartala i 2021. Totalt enda tenesteeksporten i 2021 på 274,1 milliardar kroner, ein auke frå fjoråret på 23,9 milliardar kroner. Tenesteimporten vart derimot redusert mot fjoråret grunna eit lågt nivå i første halvdel av året, og enda på 268,7 milliardar kroner. Dette gav ein nedgang på 5,4 milliardar kroner frå fjoråret.

Auka eksportprisar

Størst auke finner vi i næringa «transport og lagring», som blant anna inkluderer sjøtransporttenester, som har auka eksporten med 3,6 milliardar kroner frå føregåande kvartal, og totalt 13,3 milliardar kroner i 2021. Dette heng saman med høge fraktratar i sjøfarten, særleg i andre halvdel av 2021. Næringa auka dermed med 9,5 prosent frå føregåande kvartal, og 11,7 prosent gjennomgåande i 2021.

Næringane «bergverksdrift og utvinning», «industri» og «informasjon og kommunikasjon» er òg viktige bidragsytarar til det høge eksportnivået i 2021. Eksport av petroleumstenester har auka med 35,9 prosent i 4. kvartal samanlikna med same kvartal i 2020. Dette må sjåast i lys av betydeleg prisutvikling innan olje- og gassutvinning i 2021 etter prisfallet i 2020. Utanlandsaktiviteten har òg auka for industrien i andre halvdel av året, og er no på same nivå som før pandemien. Varer og tenester som Noreg eksporterer har hatt ei høgare gjennomsnittleg prisutvikling gjennom året enn varer og tenester som Noreg importerer.

Figur 1. Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak

Figuren viser at tenesteeksporten enda på 79,9 milliardar kroner i 4 kvartal 2021 og importen var 76,8 milliardar kroner. Overskotet på tenestebalansen var da 3 milliardar kroner. Eksporten auka frå 70,7 milliardar kroner i 3. kvartal 2021 og frå 65,7 milliardar kroner i 4. kvartal 2020. Samtidig var importen 67,6 milliardar kroner i 3. kvartal 2021 og 71,6 milliardar i 4. kvartal 2020.

Høgaste tenesteimport på to år

Tenesteimporten er i fjerde kvartal 2021 på det høgaste nivået sidan pandemien hende, og har ikkje vore så høg sidan fjerde kvartal 2019. Næringa «transport og lagring» er størst målt i verdi, og enda med ein auke på 5 milliardar kroner, altså 7,1 prosent, frå 2020 til 2021. Tenesteimport i næringa «varehandel, reparasjon av motorvogner» har òg hatt ei solid auke på 11,5 prosent gjennomgåande for 2021, og tenestenæringa har utvikla seg sterkt under pandemien. Næringa «industri» hadde den største auka frå føregåande kvartal på 24,2 prosent.

Samtidig fekk tenesteimport for næringa «forretningsmessig tenesteyting», som blant anna inkluderer reisebyrå-, turistkontor- og reisearrangørtenester, eit oppsving mot slutten av 2021 då ein lette i reiserestriksjonane gav vekst i reisetrafikken. Næringa enda med ein auka import på 23 prosent frå føregåande kvartal, men fall med 6 prosent i 2021 samanlikna med 2020. Trass i den store prosentvisa veksten i 4. kvartal 2021, er nivået framleis lågt samanlikna med før pandemien hende.

Auka tenestehandel med EU utanom Norden

Noreg handlar mest tenester med EU utanom Norden, og tenesteimporten har i 2021 auka med 1 milliard kroner, eller 1,2 prosent. I same periode har tenesteeksporten auka med 10,3 milliardar kroner, eller 18,3 prosent. Stor auke av tenesteeksport var det òg til Asia og Nord- og Mellom-Amerika, som enda på høvesvis 15,7 prosent og 15,4 prosent auke frå 2020.

Figur 2. Landfordelt tjenestehandel 4. kv. 2021

På grunn av at Storbritannia si utmelding frå EU vart formelt fullført frå og med 1. februar 2020 vart det ei endring i statistikken over utanrikshandel med tenester. Då undersøkinga ikkje måler handelen kvar månad, men for kvartalet som heile, er Storbritannia i statistikken flytta frå regionen «EU-land utanom Norden» til regionen «Europa elles» frå og med 1. kvartal 2020.