Verdien av både eksport og import av tenester fortsette auka i 3. kvartal 2022 i statistikken utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak. Norske ikkje-finansielle føretak selde tenester til utlandet for 98,8 milliardar kroner i 3. kvartal 2022. Dette var ei auke på 10,6 milliardar kroner, eller 12,1 prosent, frå 2. kvartal 2022, og heile 37,3 prosent auke frå same kvartal i fjor. Kjøp av tenester frå utlandet auka med 4,6 milliardar kroner, opp 5,7 prosent frå 2. kvartal 2022. Auka frå same kvartal i fjor var på 25,7 prosent.

Overskotet på tenestebalansen auka videre

Overskotet på Differansen mellom tenesteeksport og tenesteimport, for utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak (tenesteeksport – tenesteimport). auka til 13,4 milliardar kroner. Overskotet betra seg med heile 6,1 milliardar kroner frå førre kvartal, og 9,4 milliardar frå 3. kvartal 2021. Spesielt dei norske føretaka som reknar inntekter i amerikanske dollar har hatt auke som følge av den svake norske krona. Ved å sjå på snittkursane frå Noregs bank kan man se at dollaren styrket seg 6 prosent mot den norske krona samanligna med førre kvartal, og 14 prosent mot 3. kvartal 2021.

Figur 1. Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak (milliardar kroner)

Auke i sjøtransporttenester driv oppgangen

Eksporten av sjøtransporttenester enda på 44,5 milliardar kroner i 3. kvartal 2022, ein auke på 4,6 milliardar frå forrige kvartal og så mykje som 15,8 milliardar kroner frå same kvartal i fjor. 

– Den svake kronekursen samt svært gode tider for dei norske bilfraktrederia var ein hovudårsaka til den høye eksportverdien, seier seksjonssjef Therese Vestre.

Norge importerer mest forretnings-, profesjons- og tekniske tenester. Desse tenestene blei målt til 14,7 milliardar kroner i 3. kvartal 2022 og stod for 17,2 prosent av total tenesteimport. Sjøtransporttjenester utgjer nest største del av norsk tenesteimport, 15,3 prosent. Noreg kjøpte tenester knytt til transport og reiseverksemd for 12,6 milliardar. Dette var ein auke på 63,8 prosent frå same periode i fjor, som var ein periode med relativt strenge korona-restriksjonar.

Transportnæringa er størst

Næringa "transport og lagring" var også i 3. kvartal 2022 den største eksportnæringa som stod for over 50 prosent av den norske eksportverdien. Verdien auka med 11,3 prosent fra 2. kvartal 2022, og nesten 50 prosent fra same periode i fjor.

Transport og lagring er størst også for importen, om enn ikkje i like stor grad. Av den totale importverdien blei 31,6 prosent, nesten 27 milliardar kroner, kjøpt av føretak i denne næringa i 3. kvartal 2022. Størst prosentvis auke fant stad i næringa forretningsmessig tenesteyting som blant anna inneheld føretak innan reisearrangørverksemd.

Europa viktigaste handelspartner

Eksport av tenester til EU-land utanom Norden stod for 23,7 prosent av den samla tenesteeksporten. 16,7 prosent gjekk til Asia, og 16,5 prosent, eller 16,2 milliardar kroner til Europa utanom EU og Norden.

Norske ikkje-finansielle føretak kjøpte mest tenester frå EU utanom Norden, 25,5 milliardar kroner, eller 29,9 prosent av den totale importverdien. Nest viktigaste importmakker var Norden, med 22,2 prosent av total tenesteimport.

Figur 2. Landfordelt tenestehandel 3. kv. 2022 (prosent)

På grunn av at Storbritannia si utmelding frå EU vart formelt fullført frå og med 1. februar 2020 vart det ei endring i statistikken over utanrikshandel med tenester. Då undersøkinga ikkje måler handelen kvar månad, men for kvartalet som heile, er Storbritannia i statistikken flytta frå regionen «EU-land utanom Norden» til regionen «Europa unntatt EU og Norden» frå og med 1. kvartal 2020.