Norske dotterselskap i utlandet
Oppdatert: 9. februar 2023
Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett
2021 | |||||
---|---|---|---|---|---|
Føretak | Omsetning (mill. kr) | Sysselsette | Lønnskostnader (mill. kr) | Brutto investeringar (mill. kr) | |
Alle land | 4 157 | 1 432 610 | 282 358 | 129 865 | 297 386 |
Europa | 3 037 | 784 447 | 181 957 | 89 373 | 202 566 |
Afrika | 121 | 34 047 | 3 833 | 1 098 | : |
Asia | 475 | 170 809 | 37 308 | 9 916 | 19 085 |
Nord-, Sentral-Amerika og Karibia | 348 | 316 203 | 31 175 | 20 189 | 11 839 |
Sør-Amerika | 105 | 112 978 | 25 606 | 7 317 | 55 369 |
Oseania | 71 | 14 126 | 2 479 | 1 973 | : |
Om statistikken
Statistikken gjev ei oversikt over norsk næringsliv i utlandet. Dette gjeld norske dotterselskap i utlandet som er kontrollerte frå Noreg og har Noreg som ultimate eigarland. I statistikken finn du tal for føretak, sysselsette, lønnskostnadar, bruttoinvesteringar og omsetning, fordelt etter næring og land.
Norske dotterselskap i utlandet
Eit norsk dotterselskap i utlandet er eit føretak i utlandet som er kontrollert frå Noreg, ved at eit føretak eller ein annan økonomisk eining i Noreg eig over 50 prosent av det.
Føretak
Etter Standard for næringsgruppering (SN2007) er eit føretak definert som den minste kombinasjonen av juridiske einingar som produserer varer eller tenester, og som til ein viss grad har sjølvstendig avgjerdsmyndigheit. I statistikken vert ein juridisk eining behandla som eit føretak. Eksemplar på juridiske einingar er aksjeføretak, ansvarleg føretak og enkeltpersonføretak. Berre aktive føretak, med omsetning og/eller sysselsette, er med i populasjonen.
Sysselsette
Med sysselsette meiner ein summen av eigarar og lønnstakarar som arbeider i føretaket. Personar med meir enn eitt arbeidsforhold kan verte telte med som sysselsette i fleire næringar. Sysselsettingstala viser eit gjennomsnitt av talet på sysselsette i løpet av året.
Omsetning
Omsetning er definert som føretaket sine driftsinntekter fråtrekt offentlege tilskot og gevinst ved sal av anleggsmidlar. Skattar og avgifter er inkluderte, meirverdiavgift er ikkje inkludert.
Lønnskostnadar
Lønnskostnadar omfattar lønn, feriepengar, honorara og liknande, arbeidsgivaravgift til folketrygda, innberetningspliktige pensjonskostnader og andre personalkostnadar. Lønnskostnadar omfattar ikkje godtgjersles til eigar av enkeltpersonføretak eller ansvarlege selskap og til familiemedlemmar utan fast lønn.
Bruttoinvesteringar
Bruttoinvesteringar omfattar anskaffing av fast realkapital som tomter, bygningar og anlegg (unntatt bustad), maskiner, verktøy, reiskap, inventar og transportmidlar (unntatt til privat bruk), både nye og brukte. Påkostnadar er lagt til, mens sal av brukt realkapital er trekt frå.
Ultimate eigerland
Ultimate eigarland er landet der det "siste" føretaket eller personen i eigarkjeda ligg eller er busett. Det vil seie føretak som ikkje er kontrollerte av eit anna føretak, eller siste person i eigarkjeda.
Utgåande FATS
Statistikken er internasjonalt kjend som Outward Foreign Affiliates Statistics (OFATS). Den vert i kortform også kalla "utgåande FATS".
Næringsgrupperinga er i samsvar med norsk Standard for næringsgruppering (SN2007), som byggjer på EUs næringsstandard NACE rev. 2 og FNs næringsstandard ISIC Rev. 3.
Namn: Norske dotterselskap i utlandet
Emne: Utenriksøkonomi
Seksjon for finansregnskap
Nasjonalt nivå. Utlandet er landfordelt.
Statistikken vert publisert årleg, innan 20 månader etter referanseåret.
SSB lagrar innsamla og reviderte data i samsvar med vår standard for arkivering av filer (DataDok). Vi lagrar mikrodata for dei same periodane som vi publiserer på våre internettsider. Desse dataa er tilgjengeleg til forskingsføremål etter SSB sine reglar for utlevering av mikrodata.
Føremålet er å gje ei samla oversikt over norske dotterselskap sin økonomiske aktivitet i utlandet.
I Noreg blei tal for norske dotterselskap sin aktivitet i utlandet samla inn for første gang i 2008.
Tal frå statistikken vert nytta til mellom anna måling av graden av globalisering, internasjonale handelsforhandlingar og økonomisk forsking.
Brukarar av statistikken er myndigheiter, næringslivet, ambassadar, utdannings- og forskingsinstitusjonar med fleire. Dessutan vert data rapportert til Eurostat og OECD, i tråd med pliktar i høve til EØS-avtalen og andre internasjonale avtaler.
Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.
Statistikk som ligg innanfor same område som statistikken Norske dotterselskap i utlandet , er statistikken Direkteinvesteringer. Denne statistikken gjev informasjon om norske direkteinvesteringar i utlandet og syner fordringar overfor utlandet i form av norskeigd kapital knytt til direkteinvesteringar.
Direkteinvesteringer seier lite om korleis norske eigarinteresser i utlandet påverkar økonomien i dei landa ein har investert i. Statistikken over norske dotterselskap i utlandet gjer oss i større grad i stand til å beskrive denne påverknaden og er ein naturleg vidareføring av Statistisk sentralbyrås eksisterande statistikk på globaliseringsfeltet.
Statistikken over utanlandske dotterselskap i Noreg viser tilsvarande forhold der utlendingar kontrollerer norske føretak. Statistikken byggjer på tilsvarande internasjonale krav som statistikken over norske dotterselskap i utlandet.
Statistikklova § 10 ligg til grunn for SSB si innhenting av data frå rapportørane.
Europaparlaments- og rådsforordning (EØF) nr. 716/2007 av 20. juni 2007 om Fellesskapet sin statistikk om strukturen og aktiviteten til utanlandskontrollerte føretak (FATS-forordningen).
Statistikken vert utarbeida i tråd med anbefalingar frå Eurostat, nedfelt i "Recommendations manual on the Production of Foreign Affiliates Statistics".
Statistikken dekkjer norske dotterselskap i utlandet, det vil seie dotterselskap som vert kontrollerte anten direkte eller indirekte av eit føretak i Noreg. Sjå punkt under overskrifta Definisjonar for nærmare definisjon av norske dotterselskap. Berre aktive føretak, med omsetning eller sysselsette, er med i populasjonen. Statistikken omfattar i prinsippet alle norske institusjonelle sektorar, men ikkje-finansielle føretak er i denne samanhengen den viktigaste sektoren.
Statistikken byggjer på SSB si eiga datainnsamling (utvalundersøkinga "Investeringer i utlandet") som hentar inn rekneskapsinformasjon om omsetning og sysselsette i utanlandske føretak eigde frå Noreg. I tillegg kjem informasjon frå årsrekneskap sende inn til Brønnøysundregistra, og frå media. Dette nyttar vi til å kartleggje endringar i investeringar i utlandet og kva som er ultimate eigarland for føretaka.
Utvalet dekkjer dei største føretaka (Cut-off utval). Storleiken på utvalet har auka sidan det første året det vart samla inn tal for (2008). Dei aller største føretaka har vore med heile tida.
Statistikk over norske dotterselskap sin aktivitet i utlandet byggjer på SSB si innsamling av opplysningar om investeringar i utlandet. Statistikkgrunnlaget vert samla inn saman med informasjon til statistikken Direkteinvesteringer.
Dei innsamla dataa vert i stor grad kontrollerte mot fjorårstal og informasjon frå årsrekneskapane sende inn til Rekneskapsregisteret i Brønnøysund. For dei føretaka som er med i undersøkinga, gjer vi ein kontroll av eigarskapet gjennom å nytte informasjon frå rekneskapar og føretaka sine heimesider og liknande om dei ultimate eigarlanda til føretaka. Berre dei som har Noreg som ultimate eigarland, det vil seie norske dotterselskap, er med i denne statistikken.
Vi har ikkje etablert metodar for oppblåsing til populasjonsnivå for tal på føretak, omsetning og sysselsette i utlandet.
Ikkje relevant
Vi offentleggjer ikkje tal dersom tala kan førast attende til oppgåvegjevaren. Ei celle i tabellen som inneheld færre enn tre einingar bak talet, og dermed utgjer fare for identifisering, vil bli skjult. Det same gjeld også ved fleire enn tre førekomstar dersom ein oppgåvegjevar er så stor at han kan bli identifisert.
Utvalet av føretak i statistikken har vorte større sidan starten i 2008, og dette kan påverke samanlikning av resultata over tid, særleg for nivåtal.
Kvaliteten på statistikken vert påverka av registreringsgrunnlaget for utvalet og kvaliteten på dataa som vert innrapporterte. Dei vanlegast feilkjeldene er:
- at oppgåvegjevaren brukar feilaktig skala, til dømes kroner i staden for tusen kroner
- at oppgåvegjevaren gjer feil vurdering av kva SSB krev av tal
- at SSBs skjema og rapporteringsprosedyre ikkje er bra nok
- at SSBs sin behandling av data i samband med innregistrering kan føre til feil
Statistikk over aktiviteten til norske dotterselskap i utlandet byggjer på SSBs eiga innsamling. Vi både purrar og gjev tvangsmulkt etter dei reglane som gjeld i statistikklova. Det kan hende at nokre einingar lar vere å overhalde rapporteringsplikta, men alle viktige einingar er med i statistikken.
Det finst nokon svakheiter med omsyn til populasjonsoppdatering og utvalstrekking. For å sikre høg grad av relevans til lågast mogleg kostnad, legg vi stor vekt på å dekkje store einingar i populasjonen målt ved storleiken på variablane som skal rapporterast.
Utvalstrekkinga føreset i utgangspunktet at sjølve populasjonen omfattar dei aller fleste einingane som har økonomiske fordringar og gjeld mot utlandet. Vi har så langt inga samla oversikt over føretak som har slike mellomværande, og i praksis vil det difor vere vanskeleg å fange opp alle relevante einingar ved utgangen av den einskilde rapporteringsperioden.
Ikkje relevant