Høg omsetningstal for norske dotterselskap i utlandet

Publisert:

I 2019 ga utvalet for norske dotterselskap i utlandet ein samla omsetning på 1 429 milliardar kroner, ein auking på over 3 prosent frå 2018. Statistikken viser en auke i omsetning over store deler av verda for norskeigde selskap som operera i utlandet.

Statistikken over norske dotterselskap i utlandet for 2019 viser ein auking i kvar av hovudvariablane i utvalet for norske dotterselskap i utlandet samanlikna med 2018. I tillegg til at samla omsetning auka, kjem det fram i statistikken at sysselsette auka til over 290 000 personar og tal føretak auka til 4 493. I 2019 er det registrert norske dotterselskap i 119 ulike land utanfor Noreg.

Omsetning i Europa dominerer, USA største enkelt land

Figur 1 viser omsetning etter verdsdel for 2019 og 2018. Statistikken viser at Europa framleis sto for over halvparten av samla omsetninga i 2019. Bak Europa sto Nord- og Mellom-Amerika og Asia også for store delar av den samla omsetninga. Asia er den verdsdel som aukar mest med ein auking på over 26 milliardar kroner frå 2018.

Figur 1. Omsetning etter verdsdel

Afrika Asia Europa Nord- og Mellom-Amerika Oseania Sør-Amerika
2018 66129 161664 751546 302711 10718 85101
2019 48732 187769 763196 316309 11278 102094

Seks utvalde land presentert i figur 2 sto for omtrent 57 prosent av den samla omsetninga i 2019. Størst var USA med 282 milliardar kroner, tilsvarande 19 prosent av den total samla omsetninga. Deretter kjem Sverige med 198 milliardar kroner, som tilsvara over 13 prosent av den samla omsetninga.

Figur 2. Omsetning for utvalde land, i prosent av totalen

Prosent
USA 19.76 % 19.76
Sverige 13.88 % 13.88
Danmark 8.83 % 8.83
Brasil 6.63 % 6.63
Tyskland 4.53 % 4.53
Storbritannia 4.27 4.27
Andre land 42.09 % 42.09

Industri størst, men informasjon og kommunikasjon driv mest

Industri sto for omtrent 38 prosent av samla omsetninga i 2019, størst av dei ulike næringane. Deretter kjem næringa bergverksdrift og utvinning som sto for omtrent 18 prosent. Størst auke i omsetning sett opp mot 2018 er det næringa informasjon og kommunikasjon som sto for. Denne næringa auka med over 35 milliardar kroner, tilsvarande ein auking på omtrent 30 prosent for denne næringa. 

Moderat auking i samla sysselsette og føretak

Statistikken viser også ein moderat auking i sysselsettinga og i tal føretak blant norskeigde dotterselskap i utlandet. Figur 3 viser at fleirtalet av sysselsettinga kjem frå Europa med over 60 prosent. Sverige vart landet som sto for flest på over 58 000 personar. Det kjem  fram at Asia er verdsdel som sto for flest sysselsette etter Europa, med omtrent 15 prosent av samla sysselsetting. Industri er næringa med flest sysselsette med over 112 000

Figur 3. Sysselsetting etter verdsdel, i prosent av totalen

I prosent
Afrika 1.42 % 1.42
Asia 15.32 % 15.32
Europa 62.59 % 62.59
Nord- og Mellom-Amerika 11.37 % 11.37
Oseania 0.94 % 0.94
Sør-Amerika 8.36 % 8.36

Samla tal føretak auka i 2019 med 152 frå 2018. Europa er den verdsdel med flest føretak, med over 70 prosent av totalen. Industri er næringa med flest føretak.

Revisjonar

Tal for årgangen 2018 er revidert i denne publiseringa.

Kontakt